Foto: Terje Lindblom
Fotojournaliststudentar og nødetatar trena på kritiske hendingar saman
Førsteårsstudentar i fotojournalistikk fekk nyleg prøve seg i ei realistisk fullskala kriseøving saman med helsepersonell, politi og brannvesen. Studentane fekk praktisk trening i breaking‑journalistikk, samtidig som nødetatene fekk øvd på mediehåndtering.
Studentane blei inviterte inn i ei ordinær samhandlingsøving for nødetatane. Øvinga er del av eit nytt samarbeid mellom OsloMet og Vestre Viken HF.
Bakgrunnen er at rykk‑ og krisejournalistikk blei innført i den nye programplanen for journalistikkutdanninga hausten 2024.
– Dette har vi ønskt oss lenge. Studentane treng å øve på reelle situasjonar for å vere klare når det skjer i verkelegheita, seier universitetslektor Mathias Falch.
Må trene på tempoet i bransjen
Undervisarane peikar på at tempoet til media har auka kraftig det siste tiåret. Informasjon er venta raskt, presist og kontinuerleg.
– Dette tempoet må studentane få trena på for å vere klare for arbeidslivet, seier førsteamanuensis Terje Lindblom.
– For oss som utdanningsinstitusjon, er det viktig å kople oss endå tettare på bransjen og dei forventingane som ligg der, seier universitetslektor Karianne Steinsland.
Trena på kaotisk angrepsscenario
I øvinga hadde ein mann væpna med kniv gått til angrep på fleire personar i eit bygg i Hønefoss sentrum. Scenarioet blei gjennomført fleire gonger, og studentane fekk trena på å sette opp utstyr raskt, ta bilde, gjere intervju og gjennomføre simulerte direktesendingar.
– Vi får ikkje til å lage slike realistiske øvingar sjølv på universitetet. I felt må studentane navigere i situasjonen, jobbe tett med nødetatane, verifisere informasjon og handtere presset som oppstår, seier Lindblom.