Studieinfo emne LIG6400 2018 HØST
LIG6400 Litteratur- og kulturformidling 1: Historiske perspektiv Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Perspectives on Literature in History
- Studieprogram
-
Årsstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap - nettstudiumÅrsstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap - nettstudium
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2018/2019
- Programplan
- Emnehistorikk
-
Innledning
Emnet gjev ein introduksjon til litteratur- og kulturformidling (om lag ein tredjedel) og ei innføring i litteratur- og kulturhistorie (om lag tro tredjedelar). Emnet diskuterer kva humanistiske og litteratursosiologiske perspektiv har å seie for praksisfeltet og i bibliotek- og informasjonsvitskapen.
Studentane studerer eit utval representative tekstar frå ulike sjangrar og får trening i å formidle dei i bestemte perspektiv.
Forkunnskapskrav
Ingen forkunnskapskrav
Læringsutbytte
Kunnskaper
Studenten
- har forståing for grunnleggjande teoretiske omgrep som kommunikasjon, formidling, teori, praksis, lesing og danning
- tileignar seg eit overblikk over litteratur- og kulturhistorie
- ser samanhengar mellom samfunnsendringar og lesemønster/mediebruk
- kan sjå korleis historiske førelegg verkar i samtidskulturen
Ferdigheter
Studenten
- kan reflektere over og diskutere nokre sentrale teoretiske omgrep innafor litteratur- og kulturformidlingsfaget.
- kan gjere greie for historiske tekstar i høve til deira samtid og vår eiga tid
- har erfaring med å formidle i bokomtaler, bokprat og utstilling
- har erfaring med å syntetisere eit stoff i perspektiv
Arbeids- og undervisningsformer
Innlevering av obligatoriske oppgåver. Oppgåvene blir retta og kommentert.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
6 innleveringar. Omfanget varierer med tema for oppgåva.
Vurdering og eksamen
Alle arbeidskrav må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsforma er ei mappeinnlevering. Mappa skal innehalde to av arbeidskrava.
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillate.
Vurderingsuttrykk
Gradert skala A-F.
Studentar som ikkje består ordinær eksamen, må ved ny/utsatt eksamen levere ei omarbeida mappe. Viss mappa framleis ikkje er bestått må det leverast ei heilt ny mappe med nye problemstillingar.
Sensorordning
Alle oppgåvene blir vurdert av intern sensor. Eit utval på 25% blir vurdert av ekstern sensor.