Når du har takka ja til studieplass, blir du etter ei stund registrert som student ved OsloMet. Dette skjer vanlegvis i august og desember.
Timeplan og pensumliste blir publiserte når vi går over til nytt semester (1. juni eller 1. desember).
Mine studier
Logg deg inn eller bruk appen Mine studier for å finne timeplan, nyttige snarvegar og mykje meir samla på éin stad. Her finn du informasjon som er relevant for deg gjennom heile studietida di hos oss.
Mine studier finn du på www.minestudier.no.
Timeplan
Timeplanen over blir oppdatert når vi går over til nytt semester 1. juni.
Seminarene er digitale. Det er ikkje obligatorisk oppmøte. Eksamen i emnet er ein skriftlig innlevering. Dato kjem.
Semesterregistrering og betaling
Semesterregistrering gjer du i Studentweb.
Du må semesterregistrere deg og betale semesteravgift innan fristen 1. september (haustsemesteret) eller 1. februar (vårsemesteret).
For dette studiet må du betale studieavgift. Faktura får du i Studentweb. Dersom det er arbeidsgivaren din eller andre som skal betale studieavgifta, og betalaren sine opplysningar skal stå på fakturaen, må du sende denne informasjonen til sam-evo@oslomet.no.
Send namn/føretaksnamn, postadresse og eit føretaksnummer/referansenummer. Sjølv om andre skal betale, må du hente fakturaen i Søknadsweb.
Les gjennom Betingelsar for betaling av studieavgift ved Fakultet for samfunnskap.
Studentweb vil etter kvart også innehalde informasjon om til dømes oppmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat.
Dersom du får beskjed om at du ikkje har studierett når du loggar deg inn i Studentweb, kan det vere fordi vi enno ikkje har registrert deg som student. Dersom det er under to veker til studiestart, kan du ta kontakt med oss.
Aktivere brukarkontoen din
Som ny student vert du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til mellom anna e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene.
Du får e-post med aktiveringsinformasjon om lag ei veke før studiestart. Vi har ei eiga nettside med informasjon om IT-konto.
Canvas
OsloMet brukar Canvas (oslomet.instructure.no) som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid.
For å få tilgang til utdanninga du skal ta i Canvas, må du først semesterregistrere deg og aktivere IT-kontoen din (sjå over). Merk at det kan ta eit par dagar frå du har semesterregistrert deg til du får tilgang til Canvas.
For deg som ikkje er kjend med Canvas frå før, har vi laga ei introduksjon til Canvas. Canvas finst også som mobilapp.
Har du spørsmål?
OsloMet har eigne studentsider der du finn informasjon om tilrettelegging av eksamen, regelverk og ein del anna som du kan få behov for når du er student.
Finn du ikkje svar der, er du velkomen til å ta kontakt med oss på sam-evo@oslomet.no.