EPN-V2

Norsk 1, trinn 1-7 Programplan

Engelsk programnavn
Norwegian 1 for Primary School Teachers
Gjelder fra
2025 HØST
Studiepoeng
30 studiepoeng
Varighet
2 semestre
Programhistorikk
  • Innledning

    Programplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanninga trinn 1 – 7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7 ved OsloMet – storbyuniversitet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.

    Norsk er eit obligatorisk fag i grunnskolelærarutdanninga for 1. – 7. trinn. Norsk 1-studiet skal gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Dei skal kunne nytte ulike arbeidsmåtar som passar frå første til og med sjuande trinn. Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon. Eit overordna mål for studiet er å gje lærarar på barnetrinnet ei god forståing av norskfaget slik det no er utforma i det nye læreplanverket og gjere dei i stand til å implementere den nye læreplanen i norskundervisninga på sin arbeidsplass. Fagplanen i norsk vil bli analysert og sett i lys av verdiar og prinsipp i overordna del med fokus på fagets hovudintensjonar. Arbeid med kjerneelement i faget vil vere sentralt, og undervisninga vil dekkje temaa tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst, munnleg kommunikasjon, skriftleg tekstskaping, språket som system og moglegheit samt språkleg mangfald.

    Kursinnholdet vil være basert på ny, forskingsbasert kunnskap om norskundervisning. I begge emne vil det vere arbeidsoppgåver (arbeidskrav) mellom samlingane knytt til fagleg refleksjon, praksiserfaringar og kunnskapsdeling på eigen skole. Fagdidaktiske problemstillingar er ein viktig del av studiet, som det å bruke og drøfte ulike læringsmiljø, undervisningsmetodar, hjelpemiddel og lærebøker. I tråd med innhaldet i det nye læreplanverket legg studiet vekt på kunnskap om bruk av estetiske arbeidsformer, utforskande tilnærmingar og bruk av digitale verktøy. tema?

    I emne 1 er hovudområda grunnleggande skrive- og leseopplæring og språket som system og mogelegheit. Sentrale emne er barns språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, grammatikken i bruk og andrespråklæring. I tillegg lærer studenten om praktisk arbeid med lyrikk i skolen og får auka kompetanse i å vurdere elevtekstar og elevars skriveutvikling. I undervisninga vil det bli lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter som rustar å bruke kreative og utforskande arbeidsmåtar i norskfaget. Dette blir vidareutvikla og utdjupa i emne 2. Kunnskap om og praktisk bruk av digitale arbeidsmåter i begynnaropplæringa blir òg vektlagt.

    I emne 2 er hovudområda vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, munnleg kommunikasjon, litteratur og litterær danning. Studentane skal få kunnskap og ferdigheiter til å vidareutvikle elevane sine lese- og skriveferdigheiter, munnlege ferdigheiter og skapande skriving. Studentane vil få brei innsikt i korleis arbeid med barnelitteratur og sakprosa kan engasjere barn og unge og bidra til identitetsutvikling. Studentane vil også få kunnskap om nyare forsking på lesing, samtale og estetiske arbeidsmåtar knytt til tverrfaglege tema som livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling.

    Hovudfokus vil vere didaktisk arbeid med nyare litteratur, men studentane vil også arbeide med eldre tekster. Det er ei utvida tekstforståing som ligger til grunn for studiet, og studentane vil arbeide med bildebøker, romanar, noveller, filmatiserte og digitaliserte tekstar samt forteljingar frå fortid og notid på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk og andre språk. Emnet vil også innehalde studium av og bruk av sakprosatekstar i undervisning, samt arbeid med kritisk tenking og argumenterande skriving knytt til dette.

    Norsk 1 trinn 1 – 7 er eit studietilbod i regi av lærarutdanninga sin etterutdannings- og oppdragsverksemd, og blir tilbydd som del av vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.

  • Målgruppe

    Målgruppa for studiet er lærarar med godkjend lærarutdanning for undervisning i grunnopplæringa.

  • Læringsutbytte

    Bachelorstudiet i arkivvitenskap retter seg mot kandidater som ønsker å kvalifisere seg for arbeid innen arkiv- og dokumentasjonsforvaltning i offentlige og private organisasjoner og institusjoner. Studiet er profesjonsrettet.

  • Innhold og oppbygging

    Læringsutbyttebeskrivelsene i studiet er utformet i henhold til 1. syklus (bachelornivå) i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høyere utdanning. Kandidaten skal etter fullført studium ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

    Kunnskaper

    En kandidat med fullført utdanning fra bachelorstudiet i Arkivvitenskap har:

    • bred kunnskap om arkivfagets sentrale temaer og problemstillinger, og om faglige teorier og metoder
    • forståelse for de prosesser som genererer dokumentasjon og for dokumentasjonens og arkivenes rolle i organisasjoner og i samfunnet
    • god innsikt i relevant lovverk, faglige standarder og fagetiske prinsipper
    • god kunnskap om norsk arkivvesen og kjennskap til internasjonale forhold

    Ferdigheter

    En kandidat som fullfører bachelorstudiet i Arkivvitenskap kan

    • anvende faglige kunnskaper på praktiske og teoretiske problemstillinger innen arkivfeltet i tråd med norsk lovgiving
    • analysere og beskrive virksomhets- og dokumentasjonsprosesser
    • beskrive, organisere, vurdere, forvalte og formidle dokumentasjon og arkiv
    • planlegge, organisere og styre arkiv- og dokumentasjonsforvaltningen i en virksomhet
    • stille krav til og forvalte systemer for fangst og bevaring av dokumentasjon og arkiv

    Generell kompetanse

    En kandidat som fullfører bachelorstudiet i Arkivvitenskap

    • har evne til analytisk tenkning og refleksjon
    • kan følge kunnskapsutviklingen på fagfeltet og gjøre selvstendige og kritisk faglige vurderinger
    • kan formidle sentralt fagstoff skriftlig og muntlig
    • kan bidra til utvikling av god praksis innen fagområdet
    • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgaver og prosjekter som strekker seg over tid, selvstendig og i gruppe
    Valgfritt emne Løper over flere semestre
  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Det pedagogiske opplegget vil variere fra et emne til et annet. Arbeidsmåter kan være forelesninger, diskusjoner, selvstudium, studiebesøk, studentpresentasjoner, gruppearbeid, caseoppgaver og datalaborasjoner.

  • Vurdering og sensur

    Avsluttande eksamen i emne 1 er i slutten av haustsemestret. Avsluttande eksamen i emne 2 er i slutten av vårsemestret. Dei to emna heng saman og emne 2 byggjer på emne 1.

    For nærare informasjon om avsluttande vurdering, sjå emneplanane.

    Vurderingskriterium

    A: Arbeidet viser framifrå kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om framifrå evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er særs godt og korrekt formulert språkleg.

    B: Arbeidet viser mykje gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om mykje god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er mykje godt og korrekt formulert språkleg.

    C: Arbeidet viser gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er godt og korrekt formulert språkleg.

    D: Arbeidet viser varierande og/eller avgrensa kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om varierande og/eller avgrensa evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er delvis godt og korrekt formulert språkleg.

    E: Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar av og til om evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling.

    F: Arbeidet viser utilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget og/eller arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling. Evne til refleksjon og sjølvstendig tenking kjem ikkje til uttrykk.

  • Øvrig informasjon

    Vurdering og sensur foregår i samsvar med bestemmelsene om vurdering i lov av lov av 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler og forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentene plikter å sette seg inn i gjeldende regler. Det avholdes eksamen i hvert emne, og det benyttes ulike vurderingsformer. Det framgår av emneplanene hvilken vurderingsform, vurderingsuttryk, sensorordning og tilgjenglige hjelpemidler som benyttes for det enkelte emne. Vurderingsform og sensur er nærmere beskrevet under det enkelte emne.

    Til eksamen vil studentene kunne bli prøvet i alt stoff som er gjennomgått i undervisningen. Dette gjelder også stoff som ikke er dekket spesielt i pensum.

    Etter fullført studium får studenten tildelt vitnemål med alle sluttkarakterer på de emnene som danner grunnlaget for graden.