EPN

MOK1000 Språklig formidling Emneplan

Engelsk emnenavn
Linguistics and Communication
Studieprogram
Bachelorstudium i medier og kommunikasjon / Årsstudium i medier og kommunikasjon
Omfang
10.0 stp.
Studieår
2022/2023
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Språkleg formidling skal gjere studentane til meir medvitne språkbrukarar.

Forkunnskapskrav

Ingen forkunnskapskrav.

Bachelorstudiet i medium og kommunikasjon har generelle progresjonsvilkår (sjå programplanen).

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om norsk rettskriving og normer for god språkføring

  • kjenner grunnleggande perspektiv, omgrep og modellar innanfor retorikk og andre former for tekstanalyse

  • er medviten og har kunnskap om samanhengen mellom språk, tanke og røyndom

  • har kunnskap om kva rolle språket speler i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • har utvikla evna til å uttrykke seg i eit klart og engasjerande språk

  • kan analysere skriftlege og munnlege tekstar med utgangspunkt i retorikk og andre teoriar om språk og tekst

  • kan presentere og drøfte faglege problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten

  • har eit reflektert forhold til språkbruken hos seg sjølv og andre

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidsformene vekslar mellom eigenstudium, plenumsforelesingar og individuell og gruppebasert oppgåveløysing med gjennomgang i grupper.

Praktisk og teoretisk undervising går hand i hand. Tanken er at teorien skal kaste lys over og skape forståing for det praktiske arbeidet og omvendt. Oppgåveløysing med rettleiing og gjennomgang av produkta i grupper er ein grunnstamme i undervisinga.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Studentane skal løyse fire obligatoriske oppgåver - tre skriftlege og ein munnleg. Dei skriftlege oppgåvene skal til saman vere på mellom 8 og 15 sider. Den munnlege oppgåva er ein presentasjon på mellom 10 og 15 minutt. Alle oppgåvene inneber òg å gi respons til medstudentar. Somme oppgåver er produksjonsoppgåver, der studentane utfører praktiske skriveoppdrag. Andre er analyse- eller drøftingsoppgåver, der pensumstoff blir trekt inn meir direkte.

Formålet med arbeidskrava er at studentane skal få trening i å bruke pensum. I tillegg skal dei få øve på å uttrykke seg skriftleg i tråd med normene og sjangerkrava dei lærer om.

Studentane skal levere arbeidskrava på norsk, da emnet er eit norskfagleg ferdigheitsfag.

Arbeidskrava blir godkjende av faglæraren. Alle arbeidskrava må vere leverte innan fristen og godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Dersom eit arbeidskrav blir underkjent, får studenten opptil to nye forsøk. Ved dokumentert sjukdom eller ein annan tvingande grunn kan studenten avtale ein eigen frist med læraren.

Oppgåvene blir gjennomgått i grupper. Her får kvar student fagleg tilbakemelding frå ein lærar og frå medstudentar. Studentane skal vere opponentar for kvarandre. Det er obligatorisk å delta i desse gruppegjennomgangane. Ved fråvær får studenten inga fagleg tilbakemelding på oppgåva og må gi skriftleg respons til alle studentane på gruppa. Ved for sein levering må studenten framleis delta aktivt i gruppegjennomgangen, men får inga fagleg tilbakemelding på førsteutkastet.

Vurdering og eksamen

Karakteren blir satt på bakgrunn av ein individuell, seks timars skuleeksamen.

Eksamenssvaret skal leverast på norsk, da emnet er eit norskfagleg ferdigheitsfag.

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F

Sensorordning

Eksamenssvara blir sensurerte av ein eller to interne sensorar. I tillegg blir eit utdrag på 25 prosent av svara sensurerte av ein ekstern sensor. Karakterane på utdraget fastset nivået for korleis resten av svara skal vurderast.

Emneansvarlig

Yngve Benestad Hågvar