Programplaner og emneplaner - Student
MBIB4870 Lesingens anatomi og ideologi Emneplan
- Engelsk emnenavn
- The anatomy and ideology of reading
- Studieprogram
-
Masterstudium i arkiv-, bibliotek- og informasjonsvitenskap
- Omfang
- 10.0 stp.
- Studieår
- 2025/2026
- Emnehistorikk
-
Innledning
Ulike aktørar, interessentar og lesarar legg ulik meining i kva lesing er, forvandlingane i dei litterære og mediale økosystema endrar lesingas plass og funksjon likesom føresetnadene for individuelle og institusjonelle perspektiv på lesing.
Så kva snakkar vi om når vi snakkar om lesing, og kva for ideologiske føringar ligg under måten lesing vert omtalt på i ulike samanhengar? Emnet følgjer to kryssande spor.
For det første utforskar vi kva lesing er og kan vere for ulike individ og grupper i ulike samanhengar. Blikket vert retta mot kompleksiteten i lesing forstått som ein praksis og eit fenomen med til dømes kroppslege, affektive, materielle og teknologiske dimensjonar.
Emnet rettar for det andre eit kritisk søkelys mot korleis lesing vert konstruert sosialt. Vi undersøker kva kunnskapsgrunnlag, normer og verdiar som ligg under aktuelle, men òg historiske, ytringar om lesing som til dømes formidlingstiltak, politiske styringsdokument, pedagogiske opplegg eller kunstnariske og litterære verk.
Undervisningsspråk er norsk
Forkunnskapskrav
Ingen forkunnskapskrav.
Læringsutbytte
Studenten skal etter å ha fullført emnet ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har
- inngåande kunnskap om kva lesing er og kan vere.
- inngåande kunnskap om korleis ytringar om lesing målber bestemte interesser og normer.
- har inngåande kunnskap om korleis individuelle og institusjonelle ytringar om lesing speglar førestillingar om kva lesing er og kan vere.
Ferdigheiter
Studenten kan
- kritisk analysere og fortolke ytringar om lesing.
- argumentere sjølvstendig og fagleg for val som vedkjem tilhøvet mellom lesing, litteratur og andre media.
- ta sjølvstendige og fagleg grunngjeve standpunkt i debattar om lesing.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan forstå og reflektere kritisk over korleis ulike tekstar kan bli lese på ulike måtar.
- Har evne til å lese og formidle tekstar og fenomen i ulike perspektiv.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert i fysiske samlingar.
Arbeidsformene vekslar mellom sjølvstudium, førelesingar og diskusjonar i gruppe og plenum.
Studentane får rettleiing og tilbakemelding gjennom den dialogbaserte undervisninga.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Ingen arbeidskrav eller obligatoriske aktivitetar.
Vurdering og eksamen
Eksamen er ei individuell semesteroppgåve der studentane vel sjanger og tema i samråd med emneansvarleg. Omfang er 12-14 sider. Skrifttype og skriftstørrelse: Arial / Calibri 12pkt. Linjeavstand: 1,5.
Kandidatar som ikkje består ordinær eksamen, kan framstille seg til ny/utsett eksamen. Ein student kan ved ikkje bestått levere omarbeidd versjon til sensur éin gong.
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate så lenge reglar for kjeldetilvising vert følgt.
Vurderingsuttrykk
Gradert skala A - F.
Sensorordning
Det vert nytta intern og ekstern sensor til å sensurere alle oppgåvene.