EPN-V2

M1GNO1100 Norsk 1, emne 1 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian 1, Subject 1
Omfang
10.0 stp.
Studieår
2026/2027
Emnehistorikk
Timeplan
  • Innledning

    Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

    Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.

    Litterære tekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 1.-7. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.

    Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i tekstar i ulike sjangrar. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. Dette mangfaldet skal brukast som ein ressurs. Fellestrekk og skilnadar mellom dei skandinaviske landa kan også utnyttast. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

    Norskfaget har eit særleg ansvar for å gi studentane kunnskap om lesing, skriving og munnlegheit. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving

    Norskfaget på 1-7 skal gje studentane kunnskap om tidleg lese- og skriveutvikling og innsikt i arbeidsmåtar på småtrinnet.

  • Læringsutbytte

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om språket i bruk, både i skrift og tale
    • har kunnskap om språket som system
    • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
    • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege tekstar, med vekt på dialog og forteljing
    • har inngåande kjennskap til to vaksenromanar som omhandlar barndom og oppvekst

    Ferdigheiter

    Studenten

    • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar
    • kan bruke kunnskap om forteljinga som munnleg og skriftleg tekst i arbeid med å leggje til rette for utvikling av skriftleg og munnleg kompetanse hos elevar
    • meistrar skriftleg bokmål og kan undervise elevar i bokmål

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan finne fram til, og i, fagleg oppdaterte digitale og trykte språkressursar, til dømes ordbøker og relevante nettstader, og bruke dei som ressursar i det faglege arbeidet
    • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale språklege emne og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
    • kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter
  • Innhold

    I emnet får studentane inngåande kunnskap om språket som system, grammatikk, og om språket som reiskap for tenking og læring. Dei får også god kunnskap om språket som reiskap for kommunikasjon og identitetsdanning, blant anna gjennom å arbeide med forteljing og dialog, og å skrive refleksjonstekstar.

  • Arbeids- og undervisningsformer

    Arbeids- og undervisningsformene vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid, inkludert praktisk-estetiske arbeidsformer.

  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Retten til å gå opp til eksamen er avhengig av godkjende arbeidskrav, deltaking i obligatoriske aktivitetar og oppmøte i undervisning.

    Arbeidskrav:

    • Munnleg forteljing

    Munnleg forteljing i gruppe på 10-15 minutt knytt til arbeid med stemmebruk. Gruppene skal vurdere kvarandre og utvikle og bruke vurderingsskjema med kriterium for framføringa. Studentane skal også framføre forteljinga for elevar i praksis i haustsemesteret. Føremålet med arbeidskravet er å lære og få erfaring med bruken av ein spesifikk praktisk-estetisk arbeidsmetode. Det er krav om deltaking i stemmekurs i samband med arbeidskravet.

    • Refleksjonstekstar

    Tre refleksjonstekstar innanfor nærmare definerte fristar i undervisningsplanen Ein individuelt skriven tekst knytt til lesing av vaksenroman, og ein skriven i grupper på to-tre studentar knytt til munnleg forteljing. Tekstane skal skrivast på nynorsk og vere på 700 ord +/- 10 %, og. Den tredje teksten skal skrivast individuelt på bokmål og vere på minimum 800 maksimum 1000 ord. Teksten skal handle om arbeid med grammatikk. Føremålet med arbeidskrava er å arbeide med skrivekompetanse på nynorsk og bokmål og å reflektere over aktuelt fagstoff.

    • Fleirfagleg oppgåve i grunnleggjande ferdigheiter: Om språk og læring

    Ei fleirfagleg skriftleg gruppeoppgåve i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap og matematikk på 6000 ord +/- 10 % om grunnleggjande ferdigheiter, språk og læring, med påfølgjande munnleg gruppeframføring på 10-15 minutt. Bruk av digitale verktøy inngår både i den skriftlege teksten og i den munnlege presentasjonen. Føremålet med arbeidskravet er trening i observasjon og utvikling av kompetanse i å tolke observasjonar med utgangspunkt i teoretiske perspektiv. Dessutan skal studentane lære å bruke digitale verktøy. Innhaldet i arbeidskravet er basert på observasjonar i praksis og relevant fagleg teori.

    Dersom den skriftlege delen ikkje blir godkjend, kan arbeidet forbetrast og leverast inn éin gong til. Dersom studentane ikkje møter til den munnlege framføringa, eller denne ikkje blir godkjend, kan dei etter nærare vurdering få eitt nytt høve til å presentere gruppeoppgåva.

    Målform: Valfri.

    Obligatoriske aktivitetar:

    Kurs i stemmebruk

    Oppmøte i undervisning:

    Det blir kravd 80 prosent oppmøte i undervisninga for å kunne gå opp til eksamen. Fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent inneber at studenten må gjennomføre eit kompenserande arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mistar studenten retten til å gå opp til eksamen i emnet.Sjå programplanen for utfyllande informasjon om obligatoriske aktivitetar og krav til oppmøte.

    Sjå programplan for utfyllande informasjon om obligatoriske aktivitetar og krav til oppmøte.

  • Vurdering og eksamen

    Individuell skriftleg eksamen under tilsyn, fire timar. Målform: Bokmål.

    Ny/utsett eksamen blir arrangert som ved ordinær eksamen.

  • Hjelpemidler ved eksamen

    Bokmålsordboka og nynorskordboka i nedlasta digital versjon.

  • Vurderingsuttrykk

    Den graderte karakterskalaen blir nytta. A til E for bestått og F for ikkje bestått eksamen.

  • Sensorordning

    To interne sensorar. Ein tilsynssensor er tilknytt emnet etter retningslinjene for oppnemning og bruk av sensorar ved OsloMet