EPN

JB1400 Flermedial nyhetsjournalistikk 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Multimedia News Journalism 2
Studieprogram
Bachelorstudium i journalistikk
Omfang
20.0 stp.
Studieår
2018/2019
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Studentane skal vidareutvikle kunnskapane og ferdigheitene dei tileigna seg i første semester, og skal meistre nyheitsreportasjen som sjanger på ulike medieplattformar (nett, tv, radio og trykte medium). Studentane skal ha teoretisk kunnskap om viktige sektorar i storsamfunnet, som politikk, rettsvesen, økonomi og arbeidsliv, og arbeide journalistisk med desse.

Forkunnskapskrav

Emna JB1200 Innføring i journalistikk og JB1300 Fleirmedial nyheitsjournalistikk 1 må vere beståtte.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • journalistikk innan rett og krim, politikk, økonomi og arbeidsliv
  • offentleglova og innsyn i offentlege journalar
  • ulike nyheitssjangrar og krav til journalistspråket
  • retorikk og argumentasjon
  • digital research
  • krisejournalistikk
  • særtrekk ved dei ulike medieplattformane (tv, radio, nett og trykte medium)

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar nyheitsreportasjen som sjanger
  • kan dekkje saker innanfor rett og krim, politikk, økonomi og arbeidsliv
  • har vidareutvikla dei journalistspråklege ferdigheitene sine
  • kan lage nyheiter for ulike medieplattformer (nett, radio, tv og trykte medium)
  • kan gjere journalistisk research på nett og i sosiale medium

Generell kompetanse

Studenten kan

  • jobbe individuelt og i team med utvikling av journalistiske produkt
  • vurdere sitt eige og andres journalistiske arbeid ut fra kjeldekritiske, retoriske og presseetiske prinsipp
  • reflektere kritisk over journalistikk på viktige nasjonale samfunnsområde

Arbeids- og undervisningsformer

Mykje av læringa er studentaktiv. Studentane arbeider på følgande måtar:

  • Individuell pensumlesing.
  • Seminar og forelesingar i plenum.
  • Produksjon for nettavis, radio, tv og trykte medium.
  • Presentasjon av gruppeprosjekt.
  • Individuell og gruppebasert oppgåveløysing med tilbakemelding i grupper.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Studentane skal i løpet av emnet gjennomføre fem obligatoriske oppgåver, som til saman utgjer arbeidskrava i emnet. Formålet med arbeidskrava er å gi praktiske og teoretiske øvingar knytte til pensum og undervising for å styrke forståinga av journalistikken som profesjon.

Oppgåvene skal bli produsert for alle dei fire medieplattformane. Somme av oppgåvene løser studentane i grupper, andre løser dei individuelt. Innhald og tidsfrister for oppgåvene blir kunngjort gjennom Canvas.

Oppgåvene blir godkjende av faglærarar undervegs i semesteret, og minst fire av dei fem arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får oppgåva godkjend på første forsøk, kan levere omarbeidd versjon ein gong.

Oppmøte på gjennomgangar av oppgåvene er obligatorisk. Ved sjukdom eller annan dokumentert tvingande grunn kan studenten avtale ein eigen frist med faglæraren. Viss studenten ikkje overheld fristen som er gitt i kursplanen, eller fristen som er avtalt med faglæraren, får studenten ikkje levere oppgåva og mistar dermed retten til å gå opp til eksamen.

Vurdering og eksamen

Eksamen er ein tre dagars heimeeksamen som har to delar: ein teoretisk/analytisk, pensumrelatert oppgåve og eit av arbeidskrava studenten har gjennomført i løpet av semesteret. Eksamenssvaret skal leverast på norsk, då emnet tek for seg norskspråkleg nyheitsjournalistikk. Andre skandinaviske språk kan bli akseptert etter søknad, men berre for den teoretisk/analytiske oppgåva. Svaret får ei samla vurdering. Kandidatar som ikkje består eller har gyldig fråvær ved ordinær eksamen, kan melde seg opp til ny/utsatt eksamen.

Vurderingsuttrykk

Eksamenen får ein bokstavkarakter frå A til E får bestått og F for ikkje bestått.

Sensorordning

Alle eksamenssvara blir vurderte av minst ein sensor. Eit uttrekk på minst 25 % av svara blir sensurerte av ekstern sensor.