Programplaner og emneplaner - Student
Norwegian 1 for Primary School Teachers Programme description
- Programme name, Norwegian
- Norsk 1, trinn 1-7
- Valid from
- 2025 FALL
- ECTS credits
- 30 ECTS credits
- Duration
- 2 semesters
- Schedule
- Here you can find an example schedule for first year students.
- Programme history
-
-
Introduction
Programplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanninga trinn 1 – 7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7 ved OsloMet – storbyuniversitet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.
Norsk er eit obligatorisk fag i grunnskolelærarutdanninga for 1. – 7. trinn. Norsk 1-studiet skal gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Dei skal kunne nytte ulike arbeidsmåtar som passar frå første til og med sjuande trinn. Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon. Eit overordna mål for studiet er å gje lærarar på barnetrinnet ei god forståing av norskfaget slik det no er utforma i det nye læreplanverket og gjere dei i stand til å implementere den nye læreplanen i norskundervisninga på sin arbeidsplass. Fagplanen i norsk vil bli analysert og sett i lys av verdiar og prinsipp i overordna del med fokus på fagets hovudintensjonar. Arbeid med kjerneelement i faget vil vere sentralt, og undervisninga vil dekkje temaa tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst, munnleg kommunikasjon, skriftleg tekstskaping, språket som system og moglegheit samt språkleg mangfald.
Kursinnholdet vil være basert på ny, forskingsbasert kunnskap om norskundervisning. I begge emne vil det vere arbeidsoppgåver (arbeidskrav) mellom samlingane knytt til fagleg refleksjon, praksiserfaringar og kunnskapsdeling på eigen skole. Fagdidaktiske problemstillingar er ein viktig del av studiet, som det å bruke og drøfte ulike læringsmiljø, undervisningsmetodar, hjelpemiddel og lærebøker. I tråd med innhaldet i det nye læreplanverket legg studiet vekt på kunnskap om bruk av estetiske arbeidsformer, utforskande tilnærmingar og bruk av digitale verktøy. tema?
I emne 1 er hovudområda grunnleggande skrive- og leseopplæring og språket som system og mogelegheit. Sentrale emne er barns språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, grammatikken i bruk og andrespråklæring. I tillegg lærer studenten om praktisk arbeid med lyrikk i skolen og får auka kompetanse i å vurdere elevtekstar og elevars skriveutvikling. I undervisninga vil det bli lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter som rustar å bruke kreative og utforskande arbeidsmåtar i norskfaget. Dette blir vidareutvikla og utdjupa i emne 2. Kunnskap om og praktisk bruk av digitale arbeidsmåter i begynnaropplæringa blir òg vektlagt.
I emne 2 er hovudområda vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, munnleg kommunikasjon, litteratur og litterær danning. Studentane skal få kunnskap og ferdigheiter til å vidareutvikle elevane sine lese- og skriveferdigheiter, munnlege ferdigheiter og skapande skriving. Studentane vil få brei innsikt i korleis arbeid med barnelitteratur og sakprosa kan engasjere barn og unge og bidra til identitetsutvikling. Studentane vil også få kunnskap om nyare forsking på lesing, samtale og estetiske arbeidsmåtar knytt til tverrfaglege tema som livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling.
Hovudfokus vil vere didaktisk arbeid med nyare litteratur, men studentane vil også arbeide med eldre tekster. Det er ei utvida tekstforståing som ligger til grunn for studiet, og studentane vil arbeide med bildebøker, romanar, noveller, filmatiserte og digitaliserte tekstar samt forteljingar frå fortid og notid på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk og andre språk. Emnet vil også innehalde studium av og bruk av sakprosatekstar i undervisning, samt arbeid med kritisk tenking og argumenterande skriving knytt til dette.
Norsk 1 trinn 1 – 7 er eit studietilbod i regi av lærarutdanninga sin etterutdannings- og oppdragsverksemd, og blir tilbydd som del av vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.
-
Target group
Målgruppa for studiet er lærarar med godkjend lærarutdanning for undervisning i grunnopplæringa.
-
Admission requirements
Opptakskrav er bestått lærarutdanning innretta for undervisning i grunnskolen. Søkjarar med bestått førskole- eller barnehagelærarutdanning må ha tilleggsutdanning for å undervise i barneskolens 1. til 4. trinn (GLSM 60 studiepoeng eller GLSM 30 og 30 studiepoeng i matematikk eller norsk retta mot barnetrinnet eller PAPS 1+2). Kvalifiserte søkjarar må ha minimum 30 studiepoeng i norsk eller tilsvarande (til dømes norsk 1 (30 studiepoeng) frå si tidlegare utdanning). Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar eller ha kontakt med ein skole der det er mogleg å ta aktivt del i norskundervisning. Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer på, for å fullføre lærarutdanninga si.
Søkjarar blir rangerte etter karakterpoeng frå lærarutdanninga. Søkjarar som har fått innvilga stipend og/eller vikarmidlar frå Utdanningsdirektoratet (Udir), får 5 tilleggspoeng.
-
Learning outcomes
Dette er et videreutdanningstilbud som retter seg mot barnehagelærere og andre pedagoger som jobber i barnehage.
-
Content and structure
-
Work requirements
Se emneplan.
-
Assessment
Se emneplan.
-
Other information
Programplan for norsk 1, trinn 1–7 – oppdrag
Norwegian 1 for Primary School Teachers
Studieprogramkode: NORCO
30 studiepoeng
Nett- og samlingsbasert vidareutdanning
Deltid
Godkjent av prodekan for studier 13. februar 2015
Siste redaksjonelle endring 25.11.2020.
Fagplan gjeld frå haustsemesteret 2021
Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium
Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning