EPN

NORC6110 Subject 1 Course description

Course name in Norwegian
Grunnleggende lese-og skriveopplæring, språket som system og språket i bruk
Study programme
Norsk 1, trinn 1-7
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2018/2019
Curriculum
FALL 2018
Schedule
Programme description
Course history

Introduction

Emne 1 ligg i haustsemesteret og har avsluttande munnleg eksamen før jul. Studentane har arbeidskrav som føreset arbeid i eigne grunnskoleklassar.

Learning outcomes

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg 
  • har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
  • har kunnskap om begynnaropplæring i lesing og skriving i ein andrespråkssituasjon
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
  • har kunnskap om korleis digitale verktøy kan brukast som støtte i grunnleggjande lese- og skriveopplæring
  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk og innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
  • kan kartlegge lese- og skriveferdigheiter, sette i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere begynnaropplæring i norsk og grunngi faglege val
  • kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i den grunnleggande lese- og skriveopplæringa,  for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk, for elevar som skriv bokmål og elevar som skriv nynorsk
  • kan kartlegge lese- og skriveferdigheiter, sette i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan legge til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
  • kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel for begynnaropplæring ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyttet til elevane
  • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i begynnaropplæringa og skape og vurdere digitale, samansette tekstar
  • kan legge til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av  skriftlege elevtekstar for å fremje læring
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
  • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk

Content

Grunnleggjande lese- og skriveopplæring

  • Munnleg språkutvikling og språklæring
  • Skolestart: seksåringens språkkompetanse, også i eit andrespråksperspektiv
  • Kartlegging av lese- og skriveferdigheiter
  • Førebygging av lese- og skrivevanskar
  • Vurdering av læremiddel for lese- og skriveopplæring, mellom anna digitale verktøy og læringsressursar

Litteratur og litterær danning i begynnaropplæringa

  • Rim og regler, dikt for barn
  • Litteratur for ungdom og vaksne som tematiserer barndom og oppvekst

Språket som system og språket i bruk

  • Grammatisk kunnskap
  • Talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
  • Fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
  • Skriftkompetanse i bokmål og nynorsk
  • Didaktisk kompetanse i to norske skriftspråk
  • Munnleg formidling, til dømes høgtlesing, dramatisering, presentasjon og diskusjon

Teaching and learning methods

I emne 1 er det lagt vekt på å lære å bruke nettbaserte forum som verktøy for oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar, men også til kommunikasjon studentane imellom. Individuelt arbeid i form av sjølvstudium og oppgåveskriving  vekslar med medstudentrespons i gruppe og  undervisning på samlingane.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff og didaktisk refleksjon. Utgangspunktet for oppgåvene er mellom anna observasjon av begynnaropplæring på eigen skule og elevtekstar henta frå klasser på småtrinnet.

I tillegg til lærarstyrte undervisningsoppleggblir samlingane brukte til at studentane deler erfaringar frå eiga undervisning . 

Course requirements

Følgjande individuelle arbeidskrav må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen i emne 1:

  • Fagartikkel om begynnaropplæring etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. (1500 ord +/- 10%). Målform: bokmål.[1]
  • Individuell skriftleg oppgåve (1800 ord +/-10%) Elevtekstanalyse på mikro- og makronivå med tilbakemelding til eleven. I tillegg skal studenten levere ei kort eigenvurdering (100-150 ord) og gje respons til medstudentar på delar av fagartikkelen. Denne oppgåva er grunnlag for førebudd innlegg på munnleg eksamen. Målform: nynorsk.
  • Digital prøve om utvalde emne om språket som system (sjå punktet om «læringsutbytte»/ «Ferdigheiter» ovanfor)

For meir informasjon om arbeidskrav, sjå fagplanens hovuddel.

[1] Redaksjonell endring 06.12.2016

Assessment

Avsluttande vurdering vert gjennomført i haustsemesteret. Eksamen er ein individuell munnleg eksamen med førebudd innlegg. Omfang inntil 30 minutt. Det blir nytta gradert karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. Det blir nytta to interne sensorar. I tillegg blir det nytta ekstern tilsynssensor kvart tredje år. Munnleg eksamen blir halden på Høgskolen i Oslo og Akershus.

Ny/utsett eksamen

Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen.

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Grading scale

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. 

Examiners

Det blir nytta to interne sensorar. I tillegg blir det nytta ekstern tilsynssensor kvart tredje år.