EPN-V2

MBIB4870 The anatomy and ideology of reading Course description

Course name in Norwegian
Lesingens anatomi og ideologi
Study programme
Master Programme in archival, library and information sciences
Weight
10.0 ECTS
Year of study
2025/2026
Course history

Introduction

Ulike aktørar, interessentar og lesarar legg ulik meining i kva lesing er, forvandlingane i dei litterære og mediale økosystema endrar lesingas plass og funksjon likesom føresetnadene for individuelle og institusjonelle perspektiv på lesing.

Så kva snakkar vi om når vi snakkar om lesing, og kva for ideologiske føringar ligg under måten lesing vert omtalt på i ulike samanhengar? Emnet følgjer to kryssande spor.

For det første utforskar vi kva lesing er og kan vere for ulike individ og grupper i ulike samanhengar. Blikket vert retta mot kompleksiteten i lesing forstått som ein praksis og eit fenomen med til dømes kroppslege, affektive, materielle og teknologiske dimensjonar.

Emnet rettar for det andre eit kritisk søkelys mot korleis lesing vert konstruert sosialt. Vi undersøker kva kunnskapsgrunnlag, normer og verdiar som ligg under aktuelle, men òg historiske, ytringar om lesing som til dømes formidlingstiltak, politiske styringsdokument, pedagogiske opplegg eller kunstnariske og litterære verk.

Undervisningsspråk er norsk

Required preliminary courses

Ingen forkunnskapskrav.

Learning outcomes

Studenten skal etter å ha fullført emnet ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har

  • inngåande kunnskap om kva lesing er og kan vere.
  • inngåande kunnskap om korleis ytringar om lesing målber bestemte interesser og normer.
  • har inngåande kunnskap om korleis individuelle og institusjonelle ytringar om lesing speglar førestillingar om kva lesing er og kan vere.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • kritisk analysere og fortolke ytringar om lesing.
  • argumentere sjølvstendig og fagleg for val som vedkjem tilhøvet mellom lesing, litteratur og andre media.
  • ta sjølvstendige og fagleg grunngjeve standpunkt i debattar om lesing.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan forstå og reflektere kritisk over korleis ulike tekstar kan bli lese på ulike måtar.
  • Har evne til å lese og formidle tekstar og fenomen i ulike perspektiv.

Teaching and learning methods

Undervisninga er organisert i fysiske samlingar.

Arbeidsformene vekslar mellom sjølvstudium, førelesingar og diskusjonar i gruppe og plenum.

Studentane får rettleiing og tilbakemelding gjennom den dialogbaserte undervisninga.

Course requirements

Ingen arbeidskrav eller obligatoriske aktivitetar.

Assessment

Eksamen er ei individuell semesteroppgåve der studentane vel sjanger og tema i samråd med emneansvarleg. Omfang er 12-14 sider. Skrifttype og skriftstørrelse: Arial / Calibri 12pkt. Linjeavstand: 1,5.

Kandidatar som ikkje består ordinær eksamen, kan framstille seg til ny/utsett eksamen. Ein student kan ved ikkje bestått levere omarbeidd versjon til sensur éin gong.

Permitted exam materials and equipment

Alle hjelpemiddel er tillate så lenge reglar for kjeldetilvising vert følgt.

Grading scale

Gradert skala A - F.

Examiners

Det vert nytta intern og ekstern sensor til å sensurere alle oppgåvene.