EPN-V2

M5GNO2100 Norwegian, Subject 4 Course description

Course name in Norwegian
Norsk, emne 4
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2026/2027
Course history
Curriculum
FALL 2026
Schedule
  • Introduction

    Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

    Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.

    Litterære tekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 5.-10. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.

    Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i tekstar i ulike sjangrar. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. Dette mangfaldet skal brukast som ein ressurs. Fellestrekk og skilnadar mellom dei skandinaviske landa kan også utnyttast. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

    Norskfaget har eit særleg ansvar for å gi studentane kunnskap om lesing, skriving og munnlegheit. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 5-10. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving

  • Learning outcomes

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om sjangrar, deriblant akademiske teksttypar
    • har kunnskap om læremiddel, digitale og andre
    • har kunnskap om og oversyn over teori knytt til faget
    • har kunnskap om kriterium for vurdering av munnlege og skriftlege kunnskapar
    • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
    • kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
    • har kunnskap om korleis ein kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett

    Ferdigheter

    Studenten

    • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
    • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
    • kan sjå norskfaget i eit samfunnsperspektiv
    • kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
    • kan presentere akademiske problemstillingar munnleg
    • kjenner til vitskaplege arbeidsmåtar i norskfaget
    • legge gjennomføre eit utviklings- og forskingsprosjekt
    • kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
    • kan bruke faglege kunnskapar til kritisk refleksjon
    • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre med elevanes læring og utvikling i faget og på tvers av fag
    • kan legge til rette for at norskopplæringa fremjar elevdeltaking på offentlege arenaer
  • Content

    Emne 4 øver studentane i didaktisk refleksjon og i skriving av fagtekstar. Studentane skal utvikle ein utvida refleksjon om kva norskfagleg kompetanse kan bety også på andre arenaer enn i skulen. Utvikla innsikter i norskfaglege tenkjemåtar om språk og tekst står sentralt.

    • Lesing og skriving av akademiske fagtekstar
    • Norskfagleg formidling
    • Didaktisk refleksjon
    • Vurdering av munnlege og skriftlege tekstar
    • Læremiddelanalyse
    • FoU-arbeid
  • Teaching and learning methods

    Arbeids- og undervisningsformene vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbied og individuelt arbeid, inkludert praktisk-estetiske arbeidsformer.

  • Course requirements

    Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i undervisning.

    Arbeidskrav:

    • Individuell tale eller kåseri. Målet er trening i faglege, munnlege framstillingsformer. Omfang: 10 minutt. Respons frå medstudentar og faglærar.
    • Samandrag og problemstilling om FoU-arbeid. Målet med arbeidet er at studenten skal komme i gang med planlegginga av FoU-arbeidet. Omfang: 800 ord. Målform: valfri.

    Deltaking i undervisning:

    Det er krav om 80 prosent oppmøte i undervisninga for å kunne gå opp til eksamen. Fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent inneber at studenten må gjennomføre eit kompenserande arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mistar studenten retten til å gå opp til eksamen i emnet.

    Sjå programplanen for utfyllande informasjon om arbeidskrav og krav til oppmøte.

  • Assessment

    Eksamen består av to eksamensdelar. Deleksamen 1 og deleksamen 2 tel 50/50 ved samanslåing av karakter.

    Deleksamen 1: Individuelt FoU-arbeid i fritt valt tema frå dei fire emna i studiet. Målform: valfri. Omfang: Ca. 5000 ord. Rettleiing av faglærar.

    Deleksamen 2: Individuell prøveforelesing. Omfang: 20 minutt.

    Ny/utsett eksamen

    Deleksamen 1: Ny/utsett eksamen vert arrangert som ved ordinær eksamen.

    Deleksamen 2: Dersom FoU-arbeidet har fått ein ikkje-bestått karakter, vil det vere høve til å omarbeide oppgåva ved første ny og utsett eksamen. Etter dette må studenten levere ny oppgåve.

  • Permitted exam materials and equipment

    Alle tilgjengelege hjelpemiddel både til deleksamen 1 og 2.

  • Grading scale

    Det blir nytta ein gradert karakterskala fra A til E for bestått og F for ikkje bestått eksamen.

  • Examiners

    Intern og ekstern sensor både til deleksamen 1 og 2.