EPN-V2

M5GNO1200 Norwegian, Subject 2 Course description

Course name in Norwegian
Norsk, emne 2
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2026/2027
Course history
Curriculum
FALL 2026
Schedule
  • Introduction

    Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

    Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.

    Litterære tekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 5.-10. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.

    Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i tekstar i ulike sjangrar. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. Dette mangfaldet skal brukast som ein ressurs. Fellestrekk og skilnadar mellom dei skandinaviske landa kan også utnyttast. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

    Norskfaget har eit særleg ansvar for å gi studentane kunnskap om lesing, skriving og munnlegheit. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 5-10. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving

  • Learning outcomes

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit utval skjønnlitterære tekstar, på nynorsk og bokmål, og i Norden, i ulike sjangrar og medium, for barn, unge og vaksne
    • har omfattande kunnskap om lesing og om kva rolle fiksjonstekstar har i tekstopplæringa
    • har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
    • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
    • har kunnskap om sentrale omsette barne- og ungdomsbøker på norsk
    • har kunnskap om samisk litteratur og kultur
    • har kunnskap om munnlege tradisjonar, opplesing, stemmebruk og drama som metode

    Ferdigheter

    Studenten

    • kan bruke kunnskap om litteratur i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
    • kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og samtale om fiksjonstekstar i ulike sjangrar og medium
    • kan kartlegge og vurdere leseferdigheiter og gi læringsfremjande respons
    • kan legge til rette for at elevar får lese og skrive fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
    • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
    • kan grunngje kvifor fiksjonstekstar utgjer ein viktig del av tekstopplæringa

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val
    • kan formidle fagstoff om fiksjon i relevante uttrykksformer
  • Content

    Emnet tar føre seg det særskilde ved fiksjonstekstar og grunngivingar for at lesing av fiksjonstekstar er sentral i norskopplæringa. Elevar omgir seg med eit mangfald av fiksjonstekstar gjennom bruk av ulike medium fordi desse tilbyr oppleving. Eit didaktisk mål i undervisningssamanheng er å styrke elevane si fiksjonsforståing ved å utvikle deira tolkande, analytiske og kritiske haldning. Ei slik haldning øver opp kontekstmedvit og retorisk medvit. Litteraturpensum skal dekkje litteratur på bokmål, nynorsk, dansk og svensk samt eldre og yngre litteratur. Pensum skal dekkje bøker av mannlege og kvinnelege forfattarar.

    • Lesestrategiar og teoriar om lesing
    • Barnelitteratur, ungdomslitteratur og litteratur for vaksne
    • Litterære sjangrar: epikk, drama og lyrikk
    • Litteraturhistorie og kanon
    • Skjønnlitteratur i nordisk perspektiv
    • Litteraturteori og litteraturdidaktikk
    • Teori om munnlege ferdigheiter
  • Teaching and learning methods

    Arbeids- og undervisningsformene vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid, inkludert praktisk-estetiske arbeidsformer.

  • Course requirements

    Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i undervisning.

    Arbeidskrav:

    • Førebuing til skriftleg eksamen: Fire individuelle tekstar knytt til arbeid med fiksjon og lesedidaktikk/litteraturdidaktikk. Respons med bruk av digitale verktøy. Målet er oppøving i lesing av, skriving om og vurdering av skjønnlitterære tekstar. Omfang for kvart arbeidskrav: Frå 800 til 3000 ord +/- 10 %. Det er fire ulike innleveringsfristar på tekstane og alle må være godkjent for å få arbeidskravet bestått. Sjå nærare instruksar i skriv om arbeidskrava. Målform: nynorsk.

    Deltaking i undervisning:

    Det er krav om 80 prosent oppmøte i undervisninga for å kunne gå opp til eksamen. Fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent inneber at studenten må gjennomføre eit kompenserande arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mistar studenten retten til å gå opp til eksamen i emnet.

    Sjå programplanen for utfyllande informasjon om arbeidskrav og krav til oppmøte.

  • Assessment

    Individuell skriftleg eksamen under tilsyn, 6 timar.

    Målform: nynorsk.

  • Permitted exam materials and equipment

    Nynorsk ordliste.

  • Grading scale

    Det blir nytta ein karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

  • Examiners

    Det blir nytta to interne sensorar, og ekstern evaluering av eksamen- og sensurordninga i tråd med retningslinjene for bruk av ekstern sensor ved OsloMet.