EPN-V2

M1GNO3100 Norwegian 2, Subject 4 Course description

Course name in Norwegian
Norsk 2, emne 4
Weight
30.0 ECTS
Year of study
2026/2027
Course history
Curriculum
FALL 2026
Schedule
  • Introduction

    Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

    Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.

    Litterære tekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 1.-7. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.

    Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i tekstar i ulike sjangrar. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. Dette mangfaldet skal brukast som ein ressurs. Fellestrekk og skilnadar mellom dei skandinaviske landa kan også utnyttast. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

    Norskfaget har eit særleg ansvar for å gi studentane kunnskap om lesing, skriving og munnlegheit. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving

    Norskfaget på 1-7 skal gje studentane kunnskap om begynnaropplæring, mellom anna tidleg lese- og skriveutvikling og innsikt i arbeidsmåtar på småtrinnet. Studentane skal lære om overgang frå barnehage til skole i eit norskfagleg perspektiv, blant anna med tanke på den munnlege kompetansen til elevane. Studentane skal lære om korleis elevar lærer og utviklar språk, og korleis skulen kan styrke dette. Kunnskap om det fleirspråklege klasserommet i begynnaropplæringa er sentralt. Vidare lærer studentane korleis dei kan nytte leikande og utforskande tilnærmingar i norskfaget.

    Norsk 2 bygger på Norsk 1. Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får òg gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Bestått Norsk 2 gjev høve til å velje norskdidaktisk master eller master i begynnaropplæring.

  • Learning outcomes

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, begynnaropplæringa og den andre leseopplæringa for alle elevar
    • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår
    • har kunnskap om leselyst og lesemotivasjon og tilpassa opplæring i leseopplæringa
    • har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, munnlege og skriftlege sjangrar i ulike medium og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
    • har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
    • har brei kunnskap om barnelitteraturteori, litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
    • har kunnskapar om språklege endringsprosessar i fortid og samtid og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
    • har kunnskapar om det nordiske språksamfunnet og nordisk språk og litteratur
    • har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur og om nasjonale minoritetsspråk
    • har kunnskap om skriftvariasjon og normeringsspørsmål i moderne norsk og gjeldande normering av nynorsk og bokmål

    Ferdigheiter

    Studenten

    • kan organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring etter fagleg grunngitte prinsipp for alle elevar
    • kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skape, forstå, tolke, diskutere og reflektere over saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
    • kan bruke grammatikk, språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
    • kan legge til rette for elevars arbeid med begge målformer
    • har eit medvite forhold til korleis samtale mellom lærar og elevar, og samtale elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
    • kan bruke ulike munnlege sjangrar og retoriske grep, og legge til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
    • kan rettleie gjennom vurdering og respons i arbeidet med tekstar og lesing, slik at elevane kan utvikle seg, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
    • kan analysere og setje sentrale norske tekstar for barn og vaksne inn i ein historisk samanheng, tolke dei og reflektere over dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
    • kan legge til rette for variert arbeid med både språklege og litterære emne
    • bruke teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa.

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
    • kan vurdere og reflektere over kartleggingsverktøy i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til tilpassa opplæring for alle elevar
    • kjenner til norskfagleg og didaktisk forskings og -utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
    • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre
    • kan skrive akademiske fagtekstar på bokmål og nynorsk
  • Content

    Emnet omhandler engelskundervisning for hele barnetrinnet, inkludert hva som kjennetegner elevene i denne aldersgruppen og deres arbeid med tekst og kultur i engelsk. Videre gir emnet en innføring i engelskdidaktikk. Et variert utvalg av litteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa, og andre kulturelle uttrykk står sentralt i studiet.

    • Tekst og kultur
    • Begynneropplæring
    • Grunnleggende ferdigheter med fokus på lesing, regneferdigheter, digitale ferdigheter
    • Progresjon i engelsk og overgang til barnetrinnets siste del
    • Estetiske arbeidsmåter
    • Lærerarbeid i det mangfoldige klasserommet
    • Undervisningsmetoder for tilpasset opplæring

    Studieopphold i engelskspråklig land

    Som del av undervisning tilbys studentene et studieopphold ved en partnerinstitusjon i et engelskspråklig land. Studentene vil da få anledning til å arbeide med det muntlige språket i en autentisk ramme og utvide sin kunnskap om engelskspråklig litteratur, kultur, samfunnsliv og historie. Kostnader i forbindelse med studieturen dekkes av studentene selv. Informasjon om reisemål og kostnader gis ved semesterstart. Studieoppholdet er ikke obligatorisk, og studenter som av ulike årsaker ikke har anledning til å delta på studieoppholdet, deltar i samme perioden på tilsvarende undervisningsopplegg med tilsvarende læringsutbytte på OsloMet.

  • Teaching and learning methods

    Arbeidsspråket i studiet er engelsk, både muntlig og skriftlig. Undervisning, arbeidskrav og eksamen foregår og fullføres på engelsk.

    Undervisning i faget er forskningsbasert og praksisnær. Studentene skal utvikle sine evner til å se flerspråklighet som en ressurs i arbeidet med engelsk. Flerkulturelle perspektiver tematiseres gjennom arbeid med språket som kulturuttrykk, et bredt og variert utvalg tekster fra ulike land og perioder, og fokus på språkbruk tilpasset kontekst. Undervisningen gir studentene anledning til å drøfte og anvende pensumlitteratur gjennom studentaktive og utforskende arbeidsformer, som f.eks. praktisk-estetisk læring, praksisbaserte caseoppgaver, elevtekstanalyse, samt analyse, utforming og utprøving av undervisningsmaterialer og -opplegg. Refleksjon rundt studentenes egne praksiserfaringer i lys av faglig og fagdidaktisk kunnskap er en integrert del av engelskfaget.

    I tillegg til undervisning består studiearbeidet av arbeid med arbeidskrav. Studentene skriver, gjør muntlige opptak eller lager multimodale tekster som svar på oppgaver, enten som forberedelse til undervisning eller som konsolidering i etterkant.

  • Course requirements

    Retten til å ta eksamen føreset godkjende arbeidskrav, deltaking på obligatoriske aktivitetar og at studentane er til stades i undervisninga.

    Arbeidskrav knytt til deleksamen 1

    Til saman tre arbeidskrav, eitt til kvar av dei tre hovudemna i undervisninga (språklege emne, litteratur, grunnleggjande ferdigheiter).

    • Litteratur- gruppeoppgåve
    • Grunnleggjande ferdigheiter - individuell innlevering
    • Språklege emne- individuell innlevering

    Formålet med arbeidskrava er å vise didaktisk og fagleg refleksjon rundt sentrale emne i undervisninga. Arbeidskrava kan vere skriftelege, digitale eller munnlege. Dei skriftlege arbeidskrava skal ha eit omfang på 1500 ord (+/- 10%). Dei digitale eller munnlege arbeidskrava skal ha eit omfang på 5-8 minutt. Framstilling og omfang etter nærare retningslinjer i semesterplanen.

    Arbeidskrav knytt til deleksamen 2 (FoU-oppgåva)

    Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte før FoU-oppgåva kan leverast til sensur:

    • Innlevering av eit notat på 400 ord +/- 10 % om opplegg for oppgåva. Notatet skal ha med omtale av emne, spørsmål studenten vil undersøke, aktuell forskingslitteratur og anna fagstoff han eller ho forventar å sette seg inn i som del av arbeidet med oppgåva, kva slags materiale studenten planlegg å samle inn og undersøke, forskingsmetode studenten skal bruke og skisse til oppgåvedesign. Same målform som FoU-oppgåva.
    • Notat før siste rettleiing med utdrag av oppgåvetekst på 1500 ord +/- 10 %. Same målform som FoU-oppgåva.

    Obligatoriske aktivitetar knytt til deleksamen 2 (FoU-oppgåva)

    • Delta på undervisning om vitskapsteori og metode
    • Delta på to rettleiingar i seminar eller individuelt. Rettleiaren set opp tidspunkt og krav til bidrag.
    • Delta på delingskonferanse med eige framlegg og respons på medstudentar sine framlegg

    Dersom dei skriftlege arbeidskrava ikkje blir godkjend, kan arbeidet forbetrast og leverast inn éin gong til. Dersom studentane ikkje møter til den munnlege framføringa, eller denne ikkje blir godkjend, kan dei etter nærare vurdering få eitt nytt høve til å presentere gruppeoppgåva.

    Krav om deltaking i undervisninga

    Det er krav om 80 prosent deltaking i undervisninga for å gå opp til eksamen. Fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent fører til at studenten må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mistar studenten retten til å ta eksamen i emnet.

    Sjå programplan for utfyllande informasjon om obligatoriske aktivitetar og krav til deltaking.

  • Assessment

    Eksamen er organisert som to deleksamenar. Karakterar i deleksamen 1 og deleksamen 2 blir slått saman og vekta likt.

    Deleksamen 1:

    Individuell munnleg eksamen med presentasjon. Omfang: om lag 30 minutt. Studenten får tre dagar før eksamenstidspunktet eit tema innan litteratur eller språk. Studenten skal førebu ein fagleg og didaktisk presentasjon med sjølvformulert problemstilling og val av fokus. I vurderinga vil ein leggje vekt på fagleg og didaktisk innhald, presentasjonsform og munnleg framstillingsevne. Etter presentasjonen trekkjer studenten eit emne innan dei andre delane av faget. Munnleg eksaminasjon.

    Deleksamen 2:

    Individuell FoU-oppgåve må leverast elektronisk innan oppgitt frist. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 7000 ord og har valfri målform. Oppgåva må oppfylle formelle krav beskrive i retningslinjer for FoU-oppgåva. Oppgåva som blir levert inn, skal ha som vedlegg ei eigenerklæring som gjeld fusk og plagiering og ei eigenerklæring om korfor oppgåva ikkje utløyser meldeplikt til Sikt (sjå ovanfor).

    Ny/utsett eksamen

    Stryk studenten på ein av dei to deleksamenane, må studenten ta opp igjen berre den eine eksamenen, ikkje begge.

    Deleksamen 1:

    Ny/utsatt eksamen blir arrangert som ved ordinær eksamen.

    Deleksamen 2:

    Dersom FoU-oppgåva har fått ein ikkje-bestått karakter, vil det vere høve til å omarbeide oppgåva ved første ny og utsett eksamen. Etter dette må studenten levere ny oppgåve. Dersom FoU-oppgåva har fått ein bestått karakter, kan studenten ikkje levere ei forbetra oppgåve, men må skrive ny FoU-oppgåve og levere ved neste ordinære innlevering. Dette inneber at studenten må skifte temaområde, eventuelt materialet for undersøkinga, fagleg grunnlag og problemstilling. Innlevering av forbetra versjon av same oppgåve som ved tidlegare eksamenar, er ikkje tillate. Slik innlevering vil ikkje bli vurdert.

  • Permitted exam materials and equipment

    Ingen hjelpemidler tillatt.

  • Grading scale

    Det benyttes en gradert karakterskala fra A til E for bestått og F for ikke bestått eksamen.

  • Examiners

    Eksamen vurderes av intern og ekstern sensor.