EPN-V2

M1GNO1200 Norwegian 1, Subject 2 Course description

Course name in Norwegian
Norsk 1, emne 2
Weight
10.0 ECTS
Year of study
2026/2027
Course history
  • Introduction

    Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

    Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.

    Litterære tekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 1.-7. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.

    Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i tekstar i ulike sjangrar. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. Dette mangfaldet skal brukast som ein ressurs. Fellestrekk og skilnadar mellom dei skandinaviske landa kan også utnyttast. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

    Norskfaget har eit særleg ansvar for å gi studentane kunnskap om lesing, skriving og munnlegheit. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving. Norskfaget på 1-7 skal gje studentane kunnskap om tidleg lese- og skriveutvikling og innsikt i arbeidsmåtar på småtrinnet.

  • Learning outcomes

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har brei kunnskap om metodar i den andre lese- og skriveopplæringa
    • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
    • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn og unge
    • har kunnskap om språkleg identitet og litteratur for barn og unge som tematiserer språkleg og kulturell identitet
    • har kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læremiddel for 1.-7. trinn, både digitale og andre

    Ferdigheiter

    Studenten

    • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for elevar på mellomtrinnet
    • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtalar
    • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
    • kan bruke ulike metodar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
    • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til elevar
    • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre, for elevar på mellomtrinnet
    • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
    • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale litterære emne, skriving, lesing og munnlege ferdigheiter og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
    • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
  • Content

    Emnet byggjer vidare på kunnskapane frå emne 1, M1GNO1100. I emnet arbeider studentane særleg med tekstar som kjelde til kunnskap, estetisk utforsking og identitetsdanning, samt som reiskap for demokratisk deltaking. Studentane arbeider med å utvikle eigen lese- og skriveferdigheit, lyttekompetanse og munnleg ferdigheit, og med å leggje til rette arbeid med desse ferdigheitene for mellomtrinnselevane. Dei arbeider med varierte typar tekstar, skjønnlitteratur og sakprosa, og varierte arbeidsmåtar til bruk for læring i norskfaget for mellomtrinnselevane.

  • Teaching and learning methods

    Arbeids- og undervisningsformene vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid, inkludert praktisk-estetiske arbeidsformer.

  • Course requirements

    Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjende arbeidskrav og deltaking i undervisninga.

    Arbeidskrav

    • Førebuing til skriftleg eksamen:

    Studentane skal skrive tre individuelle fagtekstar på mellom 1000 og 2200 ord, og gi kvarandre respons på tekstane. Emna for tekstane er barnelitteratur, elevtekstanalyse og arbeid med lesing og skriving. Føremålet med arbeidskravet er å utvikle akademisk skrivekompetanse og å reflektere over aktuelt fagstoff. Målform: Nynorsk.

    • Didaktikk: Undervisningskvalitet i det mangfaldige klasserommet:

    Arbeidskravet i didaktikk omfattar planlegging, gjennomføring, observasjon og presentasjon av praktisk-estetiske undervisning i norsk og matematikk i det mangfaldige klasserommet. Studentane skal planlegge og gjennomføre undervisning i norsk og matematikk. I etterkant skal studentane skrive ein fagartikkel og munnleg presentere eigne observasjonar frå både norsk og matematikk og reflektere over observasjonane og eiga undervisning i lys av teori.

    Føremålet med arbeidskravet er auka kunnskap om og ferdigheit i vurdering av undervisningskvalitet. I dei praksisgruppene der det er fire studentar, skriv ein fagartikkelen to og to. Dersom det er tre i praksisgruppa, skriv alle tre saman. Omfang av fagartikkel: 3000 ord +/-10 %.

    Dersom det skriftlege arbeidskravet ikkje blir godkjent, får studentane ein ny frist til å levere eit nytt forbetra arbeidskrav éin gong. Dersom enkelte studentar eller studentgrupper ikkje møter til den munnlege presentasjon, eller denne ikkje blir godkjend, kan dei etter nærare vurdering få eitt nytt høve til å presentere gruppeoppgåva. Målform: Bokmål.

    • Litterær samtale:

    Studentane skal i fellesundervisninga delta i førebudde litterære samtaler på om lag 30 minutt om skjønnlitteratur og sakprosa for barn. Føremålet med arbeidskravet er å utvikle kunnskap om barnelitteratur og korleis ein kan arbeide med litteratur i klasserommet.

    Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking. Studentar som ikkje oppfyller kravet om deltaking, må snarast mogleg ta kontakt med faglærar.

    Deltaking i undervisning:

    Det blir kravd 80 prosent oppmøte i undervisninga for å kunne gå opp til eksamen. Fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent inneber at studenten må gjennomføre eit kompenserande arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mistar studenten retten til å gå opp til eksamen i emnet. Sjå programplanen for utfyllande informasjon om obligatoriske aktivitetar og krav til oppmøte.

    Sjå programplan for utfyllande informasjon om arbeidskrav, obligatoriske aktivitetar og krav til oppmøte.

  • Assessment

    Individuell skriftleg eksamen under tilsyn, 4 timar.

  • Permitted exam materials and equipment

    Bokmålsordboka og nynorskordboka i nedlasta digital versjon.

  • Grading scale

    Det blir gitt gradert karakter frå A-E for bestått og F for ikkje bestått.

  • Examiners

    Intern og ekstern sensor.