EPN-V2

BLDPE1000 Practical Training, 1st Year Course description

Course name in Norwegian
Praksis eget arbeidssted, 1.studieår
Study programme
Bachelor Programme in Early Childhood Education and Care - Web- and Campus-based
Weight
0.0 ECTS
Year of study
2024/2025
Curriculum
FALL 2024
Schedule
Course history

Introduction

Generell studiekompetanse.

  • Minst snittkarakter 3 i norsk (hovudmål, sidemål og munnleg)
  • Minst snittkarakter 4 i matematikk (kan erstattast av bestått fag på høgare nivå frå vidaregåande skule)
  • Minst 35 skulepoeng

Eller

  • Minst snittkarakter 3 i norsk (hovudmål, sidemål og munnleg)
  • Minst snittkarakter 3 i matematikk (kan erstattast av bestått fag på høgare nivå frå vidaregåande skule)
  • Minst 40 skulepoeng

Det er ikkje mogleg å søke opptak til studiet på grunnlag av realkompetanse.

Learning outcomes

Grunnskulelærarutdanninga skal kvalifisere lærarar til å utøve eit krevjande og komplekst yrke i eit samfunn som er prega av mangfald og endring. Når det gjeld mangfaldsomgrepet, er det ei breid tyding av omgrepet som vert lagt til grunn. Det omfattar mangfald av kultur, religion, livssyn, bakgrunn, språk, kjønn, seksuell orientering, funksjonalitet og identitet. Ein må sjå læringsutbyttet i samanheng med innhaldet og arbeidsmåtane i faga. Kandidaten skal etter fullført grunnskulelærarutdanning ha læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse, som fundament for arbeid i skulen og vidare kompetanse- og profesjonsutvikling (jf. § 2 «Læringsutbytte» i forskrift om rammeplan for grunnskulelærerutdanninga for trinn 5-10):

KUNNSKAP

Kandidaten

  • har avansert kunnskap anten i eit valt undervisningsfag og didaktikken i faget eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
  • har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, samt vitskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangen frå barnetrinn til ungdomssteg og frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring
  • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av læring og kva som fremmar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unges utvikling, danning og læring i ein skole og eit samfunn prega av mangfald
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelige livssituasjonar, inkludert kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og barn og unges rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, eigenarten og historia til faga, og forståing av organisasjonen skulen og utviklinga av denne, mandatet til og verdigrunnlaget i skulen, og den plassen skulen har i samfunnet

FERDIGHETER

Kandidaten

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, aleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
  • kan setje i verk tidleg innsats og sikre progresjon hos elevane i arbeid med grunnleggjande ferdigheter og fag
  • kan skape inkluderande og helsefremmande læringsmiljø som bidreg til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til dei føresetnadene og behova elevane har, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan analysere og vere kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan aleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerlig utvikling av praksis, både i kollektivet på skulen og på eigenhand, samt gjennomføre avgrensa forskingsprosjekter under rettleiing
  • kan identifisere teikn på mobbing, vald og seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak, og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv i arbeidet på skulen , bidra til forståing av samenes status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
  • kan initiere og ivareta eit godt skule-heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar relevante for skuleverksemda
  • beherskar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga, og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skulen
  • kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skuleverksemda og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv blir involvert i opplæringa

Content

Studenten møter ulike vurderingsformer i løpet av studiet. Dette har to føremål, både å kunne vurdere alle sider ved lærarkvalifiseringa, samt å gi studentane erfaring med ulike vurderingsmetodar som er relevant for det seinare arbeidet i skulen, læring og vurdering av elevar. Nærare informasjon finst i den enkelt fag- og emneplanen.

Teaching and learning methods

Se beskrivelse i programplanen.

Course requirements

Gjennom heile studiet blir det lagt opp til varierte arbeidsformer med studentaktive arbeidsmetodar, avhengig av tema og studieoppgåver. Det krev at studentane deltar i seminargrupper der ein løyser oppgåver både saman med andre og individuelt. Arbeidsformene vil også variere frå fag til fag. Eksempel på dette er rollespel og kasusarbeid i pedagogikk og elevkunnskap, rekneverkstader i matematikk, øvingar i munnleg formidling i norsk, strukturelle filosofiske samtaler i RLE, «Tren tanken» i samfunnsfag, ekskursjonar i kroppsøving, praktiske forsøk i naturfag, skapande arbeid i musikk og mykje meir. Digitale læringsressursar er integrert i alle fag.

Assessment

Praksis er nærare beskrive i fagplan for praksis for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10.

Praksisopplæringa består av 110 dagar rettleidd, variert og vurdert praksis. Alle dagane er lagt til 5.-10. trinn i grunnskulen. Tidleg i studiet kjem fem dagar observasjon av lærararbeid i og utanfor klasserommet.

Det skal vere eit integrert forhold mellom studiefaga og praksisstudiet. Studentane skal få erfaringar med studiefaga i praksis og under og etter praksis reflektere over samanhengar mellom praksiserfaringar og teoristudium i studiefaga. Dette krev eit nært og tett samarbeid mellom studentar, faglærarane, praksislæraren og leiinga på praksisskulen. For å få til eit slikt samarbeid vil det bli gjennomført felles møter i samband med førebuingar og oppsummering av praksis.

Praksisopplæringa er fordelt med 80 dagar på syklus 1 og 30 dagar på syklus 2. I syklus 1 er det lagt vekt på utvikling av ferdigheiter, sosialisering til lærarprofesjonen, samt undervisningskunnskap i studiefaga. I syklus 2 er det lagt vekt på å gi studentane meir inngåande kunnskap om læringsprosesser, barn- og unges utvikling og forskings- og utviklingsarbeid i skulen, samt at det blir lagt til rette for utvikling av endringskompetansen til studentane.

Praksis er ein arena der det blir lagt til rette for læring gjennom øvingssituasjonar og rettleiing. Første året skal studenten i samarbeid med medstudentar planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med rettleiing frå praksislæraren og faglærarane. Vidare i studiet vil studenten få eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Innhaldet i praksis er beskrive i ein eigen fagplan for praksis i tillegg til at det er utarbeidd vurderingsrapport for kvart studieår. Vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i lærarutdanninga, praksislærar og skoleleder. Det er praksislærar som set karakteren bestått/ikkje bestått. Praksisutvalet annullerer eller stadfestar karakteren ikkje bestått. Praksis er også omtalt i fagplanane til kvart enkelt fag.

Profesjonstemaa konkretiserer progresjonen i opplæringa og knyter opp mot dei studiefaga studenten tar dei ulike åra.Oversikten under viser omfang og innhald i praksisopplæringa i dei ulike studieåra.

Omfang og innhald i praksisopplæringa

Syklus 1

Profesjonstema:

Lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring av fag.

Dette omhandlar:

  • Utvikling av eigen læraridentitet og relasjonskompetanse
  • Lærararbeidet i møte med det fleirkulturelle klasserommet
  • Klasseleiing
  • Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
  • Tilpassa opplæring og læringsfremmande vurdering
  • Skule-heim-samarbeidet
  • Skulen som organisasjon og samarbeid med andre instansar

Omfang:

1. år

  • Haust: 5 dagar observasjonspraksis
  • Vår: 20 dagar praksis
  • Ungdomssteget

2. år

  • Haust: 15 dagar praksis
  • Vår: 15 dagar praksis
  • Mellomsteget

3. år

  • Haust: 15 dagar praksis
  • Vår: 15 dagar praksis
  • 5.-10. trinn

Syklus 2

Profesjonstema:

Vidareutvikle lærarkompetansen sin. Gi ein meir inngåande kunnskap om læreprosessar, lærarens tilrettelegging for læring av fag og forskings- og utviklingsarbeid.

Dette omhandlar:

  • Læringsleiing og djupare forståing av elevmangfald
  • Forskings- og utviklingsarbeid relatert til skulen
  • Utvikling av endringskompetanse

Omfang:

4. år

  • Haust: 10 dagar praksis - trinn-/klasseovertaking
  • Vår: 20 dagar praksis
  • 5.-10. trinn

Grading scale

Det fleirkulturelle og internasjonale perspektivet er forankra i alle fag og alt lærararbeid i lærarutdanninga. Utdanninga førebur studenten på det internasjonale og fleirkulturelle læringsmiljøet som ventar i praksisperiodane og i framtidig yrke som lærar blant anna gjennom bruk av relevant og komparativ internasjonal forsking, faglitteratur og nettressursar.

Det blir lagt til rette for at delar av utdanninga kan takast i utlandet gjennom dei internasjonale avtalane lærarutdanninga har etablert. Dette gjeld både fagstudium og praksisopphald. 6. semester er spesielt tilrettelagt for utvekslingar, men det er også mogleg andre semestre avhengig av eige fagval. Det 6. semesteret, det internasjonale semesteret, er ikkje bare lagt opp med tanke på utveksling, men også med internasjonalt perspektiv for studentar som studerer heime. Det fagovergripande temaet dette semesteret er internasjonal utdanning. Læringsarbeidet på campus nyttar den ressursen internasjonale studentar og dei utanlandske forelesarane som lærerarane våre samhandlar med, innehar. Det vil også bli trekt vekslar på kompetansen til internasjonale organisasjonar som Redd Barna og Røde Kors. Pensum i alle fag inneheld oppdatert litteratur på engelsk. Det er i løpet av studiet mogleg å velje engelskspråklege emne der interne studentar møter internasjonale studentar. Den internasjonale dimensjonen blir tillagt auka vekt gjennom utdanningsløpet. I kvar fagplan er det beskrive korleis dei ulike studiefaga arbeider med internasjonalisering.

Examiners

Arbeidskrav skal vere levert/utført innan fastsette fristar. Gyldig fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert gyldig årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. Ny frist for å innfri arbeidskrav blir avtalt i kvart enkelt tilfelle med den aktuelle læraren.

Arbeidskrav skal vurderast til ”Godkjent” eller ”Ikkje godkjent”. Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga ”Ikkje godkjent”, har høve til to nye innleveringar/forsøk. Studenten må da sjølv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglæraren. Studentar som ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen og som ikkje har dokumentert gyldig årsak, får ingen nye forsøk.

Nærare informasjon om arbeidskrav finst i den enkelte fag- og emneplanen.

Krav om deltaking og fleirfaglege opplegg

Grunnskulelærarutdanningane utdannar studentar til eit yrke som ikkje kan lærast eine og åleine gjennom å lese teori. Mykje av kunnskapen må utviklast saman med andre gjennom samtalar, diskusjonar, gruppearbeid, kvarandreundervisning m.m. I tillegg er det ein løpande skikkethetsvurdering gjennom lærarstudiet.

Det er krav om deltaking på det tverrprofesjonelle undervisningsopplegget INTERACT (INTER1100, INTER1200 og INTER1300), som må vere godkjent for å få tildelt vitnemålet. Dette kravet gjeld for kull i utdanninga med oppstart hausten 2020 eller seinare.

Andre krav om deltaking er nedfelt i den enkelte fag- og emneplanen og i fagplan for praksis. Det er i tillegg krav om deltaking knytt til fleirfaglege opplegg, og desse må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen i emnet som studenten tar det semesteret.

Nærmare informasjon om fleirfaglege opplegg i 1.-3. semester er lagt inn i emneplanane.

I 4. semester er det to fleirfaglege opplegg med krav om obligatorisk deltaking:

  • Demokrati og menneskerettar

Det er krav om at studenten må delta i dei fleirfaglege øktene og utføre arbeidsoppgåver som er inkludert i opplegget. Ved fråvær over 20 % må studenten gjere eit kompensatorisk, skriftleg arbeid. Krav om innhald og omfang til det kompensatoriske arbeidet avheng av dei fleirfaglege og didaktiske perspektiva studenten har mista på grunn av fråværet.

  • Førstehjelpskurs i teori og praksis

Førstehjelpskurset vil foregå over tre dagar med både teoretiske og praktiske økter. Det er krav om at studenten må delta på alle øktene. Fråver på dei teoretiske øktene må kompenserast med ein skriftleg tekst om temaet/temaene som vert tatt opp i undervisninga. Krav om antal ord i teksten vil vere styrt av kor mange økter som studenten ikkje har deltatt på.

I 6. semester er det også to fleirfaglege opplegg med krav om obligatorisk deltaking:

  • Internasjonale dagar

Det er krav om at studenten må delta i dei flerfaglege øktene og utføre arbeidsoppgåver som er inkludert i opplegget. Ved fråvær over 20 % må studenten gjere eit kompensatorisk, skriftleg arbeid. Krav om innhald og omfang til det kompensatoriske arbeidet avheng av dei flerfaglege og didaktiske perspektiva studenten har mista på grunn av fråværet.

  • Berekraft, innovasjon og entreprenørskap

Det er krav om at studenten må delta i dei fleirfaglege øktene og utføre arbeidsoppgåver som er inkludert i opplegget. Ved fråvær over 20 % må studenten gjere eit kompensatorisk arbeid, enten i form av deltaking tilsvarande opplegg neste studieår eller i liknande opplegg i regi av Ungt Entreprenørskap.

Desse blir konkretisert i årsplanen for studieåret som er klar ved byrjinga av studieåret.