Studyinfo subject M5GNO1200 2018 HØST
M5GNO1200 Norwegian, Subject 2 Course description
- Course name in Norwegian
- Norsk, emne 2
- Study programme
-
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10
- Weight
- 15.0 ECTS
- Year of study
- 2018/2019
- Curriculum
-
FALL
2018
- Schedule
- Programme description
- Course history
-
Description of integrated courses
Required preliminary courses
Ingen.
Learning outcomes
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit utval skjønnlitterære tekstar, på nynorsk og bokmål, og i Norden, i ulike sjangrar og medium, for barn, unge og vaksne
- har omfattande kunnskap om lesing og om kva rolle fiksjonstekstar har i tekstopplæringa
- har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
- har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
- har kunnskap om sentrale omsette barne- og ungdomsbøker på norsk
- har kunnskap om samisk litteratur og kultur
Ferdigheter
Studenten
- kan bruke kunnskap om litteratur i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og samtale om fiksjonstekstar i ulike sjangrar og medium
- kan kartlegge og vurdere leseferdigheiter og gi læringsfremjande respons
- kan legge til rette for at elevar får lese og skrive fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan grunngje kvifor fiksjonstekstar utgjer ein viktig del av tekstopplæringa
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val
- kan formidle fagstoff om fiksjon i relevante uttrykksformer
Content
Emne 2 tar føre seg det særskilde ved fiksjonstekstar og grunngivingar for at lesing av fiksjonstekstar er sentral i norskopplæringa. Elevar omgir seg med eit mangfald av fiksjonstekstar gjennom bruk av ulike medium fordi desse tilbyr oppleving. Eit didaktisk mål i undervisningssamanheng er å styrke elevane si fiksjonsforståing ved å utvikle deira tolkande, analytiske og kritiske haldning. Ei slik haldning øver opp kontekstmedvit og retorisk medvit.
- Lesestrategiar og teoriar om lesing
- Barnelitteratur, ungdomslitteratur og litteratur for vaksne
- Litterære sjangrar: epikk, drama og lyrikk
- Litteraturhistorie og kanon
- Skjønnlitteratur i nordisk perspektiv
- Litteraturteori og litteraturdidaktikk
Teaching and learning methods
Sjå fagplanen.
Course requirements
Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.
- Mappeskriving: Fire tekstar knytt til arbeid med fiksjon. Individuelt.Respons med bruk av digitale verktøy. Målet er oppøving i lesing av, skriving om og vurdering av skjønnlitterære tekstar, og erfaring med mappe som vurderingsform. Målform: nynorsk. Omfang for kvart arbeidskrav: Frå 800 til 3000 ord. Sjå nærare instruksar i Mappeskrivdokumentet.
- Individuell framføring av munnleg forteljing. Målet er å kunne fortelje utan manus og formidle tradisjonsstoff til medstudentar og elevar. Omfang: ca. 5 minutt per student.
Assessment
Individuell mappeeksamen. Vurdering av mappe med tre tekstar valt frå arbeidsmappe (sjå avsnittet
Arbeidskrav over) valt av studentane, samt refleksjonsnotat.
Omfang på mappa: 5 000 ord +/- 10 %, inkludert refleksjonsnotat på 1000 ord +/- 10 %.
Målform: nynorsk.
Ved ikkje bestått karakter leverer studenten inn reviderte tekstar med utgangspunkt i opphavleg arbeidsmappe innan fastsett frist. Det blir ikkje gitt ny rettleiing frå faglærar.
Permitted exam materials and equipment
Alle hjelpemiddel tillatne.
Grading scale
Det blir nytta ein karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.
Examiners
Det blir nytta intern og ekstern sensor.