EPN

PHUV9390 Hermeneutikk og humanistisk forsking Emneplan

Engelsk emnenavn
Hermeneutics and Humanistic Research
Studieprogram
Ph.d.-program i utdanningsvitenskap for lærerutdanning
Ph.d.-program i utdanningsvitenskap for lærerutdanning
Omfang
5.0 stp.
Studieår
2019/2020
Emnehistorikk

Innledning

Godkjent av doktorgradsutvalet 28.03.2019.

I dette ph.d.-emnet vil vi ta utgangspunkt i humaniora som utdanningsvitskapleg disiplin. Til humaniora reknar vi ikkje berre teoretiske felt som filosofi, litteratur, språk, pedagogikk, religion og historie, men også fag som musikk og kunsthandverk.

I emnet blir det humanistiske feltet brukt som innfallsvinkel til vitskapleg arbeid. Sentralt står spørsmålet om kva ulike kunnskapsformer og forskingsmetodar bidrar med i profesjonsutdanningar, med særleg blikk på lærarutdanning for barnehage og skole. Emnet presenterer ulike humanistiske tradisjonar og metodar, og har ei særleg interesse for kritisk tenking og praksisdimensjonen ved kunnskapsspørsmålet. Vidare spør vi også kva for type handlingsfremjande kunnskap humaniora kan bidra med. Mykje vil handle om kva teori er og korleis teori kan ha innverknad på utdanningsvitskap og profesjonsutøvinga.

Emnet kan takast som del av opplæringsdelen av ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Anbefalte forkunnskaper

Forkunnskapskrav

Læringsutbytte

Når emnet er ferdig skal deltakarane ha arbeidd med tema som inneheld ulike former for levande kunnskap. Hovudtema vil vere drøftingar kring humanvitskapleg metodologi og kritikk. I emnet ønskjer vi å utfordra til erkjenning, tekstfortolking og refleksjon kring bruk av ulike metodar i profesjonsvitskap og undersøkje ulike typar av kunnskap som utøving av ein profesjon viser, og kva former for kunnskap humanvitskapleg forsking kan gje.

Deltakaren skal etter avslutta emne ha avansert kunnskap om:

  • Profesjonsutøving, pragmatisme og levande kunnskap
  • Vitskapsfilosofi og vitskapsteori
  • Vitskapleg utvikling og fornying - historie, kritikk, mangfald og kreativitet

Deltakaren skal etter avslutta emne ha evne til:

  • Lesing som handtverk - hermeneutikk som metode
  • Å vise sensibilitet og forståing i møte med kjelder
  • Skriving som handtverk - argumentasjonslære og tekstkjennskap
  • Samanlikning som metodisk grep
  • Å nytte multimodale kommunikasjonskanalar i eige forskingsarbeid

Deltakaren skal etter avslutta emne ha generell kompetanse:

  • Kunne reflektere over det å utføre humanistisk forsking i profesjonssamanheng
  • Kunne orientere om førforståing, kjelder, spørsmålsstilling, dømmekraft og grunnteoriar for humanistisk forsking i profesjonssamanheng
  • Kunne bidra aktivt inn i læringslandskapet

Innhold

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bestå av førelesingar, eksplorerande arbeidsmetodar, tekstnær fortolkning og deltakeraktive læringsformer der både kurshaldar og deltakarar er aktive saman.

Emnet vil bli gjennomført over fire dagar med om lag ein månad mellom kvar kursdag. Det vil bli gitt tilbod til deltakarane om å sende inn skriftleg arbeid i forkant av kvar kursdag slik at kurshaldar kan gje tilbakemeldingar på arbeidet.

Førebuingar til emnet

Det blir forventa at deltakarane les og tolkar (skriftleg) delar av pensum til kvar undervisningsøkt. Deltakarane vil vere med å bestemme kva som skal lesast og kva retning emnet skal ta med utgangspunkt i dei utfordringane deltakarane kjenner på som tangerer tema for emnet. Det er forventa at kurshaldar deltek aktivt i diskusjonane i seminara og kommenterer på tekst mellom kvar kursdag.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Deltakarane skal lage ein blogg eller podkast på minimum sju minutt med utgangspunkt i innhaldet i kurset (her er det mogleg å bruke andre multimodale medier om deltakaren argumenterer godt for dette). Deltakaren veljer sjølv tema, form og presentasjonsspråk for denne publikasjonen.

Vurdering og eksamen

Deltakarane skriv eit avsluttande essay på 3000 ord (+/- 20 %).  

I tilfelle kandidaten får vurderinga «ikkje bestått», vil kandidaten få tilbud om å levere eit nytt arbeid innan ei nærare gitt frist etter at tilbakemeldinga er mottatt. Om arbeidet enno ikkje er bestått må kandidaten ta emnet på nytt.

Hjelpemidler ved eksamen

Vurderingsuttrykk

«Bestått» eller «ikkje bestått». Vurderinga av essayet blir gjort på grunnlag av læringsutbytebeskrivinga for emnet.

Sensorordning

Essayet vil bli vurdert og kommentert av to sensorar.

Opptakskrav

Målgruppe

Emnet vil vere relevant for alle med bakgrunn innafor ulike humanistiske fagretningar eller som ønskjer å dra nytte av perspektiv innafor desse, eller som er engasjerte i profesjonsutdanning og arbeidet med å gjere denne forskingsbasert.

Emnet er ope for kandidatar som er tatt opp ved ph.d.-program, som arbeider for å bli førstelektor eller som er tilsette ved ein høgare utdanningsinstitusjon.

Det er ein føresetnad at deltakarane har mastergrad (3+2 år) eller tilsvarande utdanning.

Opptakskrav til enkeltemne for eksterne søkjarar

Søkjarar må ha fullført femårig (treårig + toårig) masterutdanning eller tilsvarande innan lærarutdanning, anna pedagogisk utdanning, utdanningsvitskap, utviklingsstudium eller anna utdanning på tilsvarande nivå i fagområde som er relevant for lærarutdanning.

Om det blir for mange søkjarar vil vi prioritere ph.d-kandidatar som er knytte til OsloMet.

Søkjarar som ikkje er tatt opp til ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning må sende inn eit samandrag på omlag ei A4-side med informasjon om eige ph.d.-prosjekt eller anna prosjekt/interesseområde som tema, metode, teoretisk innfallsvinkel, kvar dei eventuelt er i ph.d.-løpet og korleis dette emnet er relevant for eige prosjekt.