EPN-V2

MOKV2200 Dokumentar- og nyhetsproduksjon for nett og TV Emneplan

Engelsk emnenavn
Documentary and News Production for web and TV
Studieprogram
Bachelorstudium i medier og kommunikasjon
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2025/2026
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Dokumentar- og nyheitsproduksjon for nett og TV er eit valfritt emne i 3. semester og vert gjennomført i samarbeid med Medieseksjonen ved OsloMet - storbyuniversitetet.

Dokumentar- og nyheitsproduksjon for nett og TV tek for seg både nyheitsproduksjon for nett og TV, og dokumentarfilm som sjanger, både teoretisk og praktisk.

Undervisningsspråk er norsk eller engelsk.

Forkunnskapskrav

Ein føresetnad for å ta emnet er praktiske og teoretiske kunnskapar som tilsvarer 1. studieår. Bestått karakter i emna MOK1700 og MOK1800 (Multimedial produksjon 1 og 2), eller andre tilsvarande emne er forkunnskapskrav for å kunne ta emnet. Ved opptak til emnet vert studentane rangerte etter karakter i emnet MOK1800 Multimedial produksjon 2.

Bachelorstudiet i medium og kommunikasjon følger dei generelle reglane for studieprogresjon. (Sjå programplanen.)

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har god kunnskap om

  • reportasje for nett og TV
  • intervju for nett og TV
  • dokumentarfilmteori og -sjangrar
  • dokumentarfilmproduksjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere video- og lydopptak på HD-videokamera med lydmiksar
  • kan finne og utvikle saker til nyheiter og dokumentarfilm
  • kan visualisere ei historie
  • dokumentere arbeidsprosessen til studentane - frå idé til ferdig produkt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan lage TV-reportasje og små TV-portrett
  • kan lage korte dokumentarfilmar, levert som eit prosjektorganisert arbeid

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er bygd opp med varierte arbeidsmetodar som fremjar studentaktiv læring, inkludert førelesingar, seminar, kollokvium og gruppearbeid, med tekniske og praktiske gruppeoppgåver. Studentane er pålagde å delta fysisk på campus og gjere omfattande sjølvstudium.

Eit obligatorisk intensivkurs i opptaksteknikk blir arrangert ved semesterstart. Kurset arbeider med avanserte teknikkar for opptak av video og lyd, samt redigering. Studentane får dermed moglegheit til intensive og fordjupande studium knytte til lokasjonsarbeid med video.

I produksjonsgrupper skal det utarbeidast ein prosesspakke for eksamensdokumentarfilmen (sjå vurdering), og det skal lagast ein produksjonsplan. Etter gjennomgang og rettleiing av prosjektproduksjonsplanen skal medieproduksjonen gjennomførast i mindre deltakargrupper. Alle gruppene må få prosjektet sitt godkjent før produksjonen startar, for å sikre kvaliteten på arbeidet. Gruppene vil få oppfølging og rettleiing gjennom personlege tilbakemeldingar.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

For å kunne gå opp til eksamen må studenten ha fått godkjent dei følgjande arbeidskrava:

Arbeidskrav 1: Intensiv utstyrsverkstad over 2–4 dagar, som oppgitt i timeplanen og med individuell vurdering.Innhald: Opplæring i kamera, lyd og redigering, samt dokumentarfilming og -redigering. Den individuelle vurderinga vil fokusere på produksjon av ein kort dokumentar til ei tidsstyrt historie. Føremålet med dette arbeidskravet er å gi opplæring og forståing i bruk av avansert kamerautstyr, lydutstyr og redigering.

Arbeidskrav 2: Produksjon av ein profesjonell dokumentarfilmOmfang: 8–10 minutt. Føremålet med dette arbeidskravet er å gi praktisk erfaring med dokumentarsjangeren og arbeidsflyten. Dette er ei gruppeoppgåve.

Arbeidskrav 3: Prosessportefølje og produksjonspakkeFøremålet med dette arbeidskravet er å kvalitetssikre framdrifta i dokumentarprosjektet til gruppa. Denne pakka skal innehalde pitch, produksjonsplan, arbeid med historia, distribusjonsplan og «bakomfilm»-materiale for prosjektet. Totalt sidetal skal vere mellom 10 og 20 sider, ekskludert bilete og anna mediemateriale.

Frammøte i alle undervisningstimar er obligatorisk for å sikre fagleg kontinuitet og eit grunnlag for å oppnå nødvendige tekniske ferdigheiter. Fråvær som overstig 20 prosent av den påkravde undervisningstida, vil føre til at studenten mistar retten til å gå opp til eksamen.

Alle arbeidskrav må leverast innan fastsette fristar og vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Fristar og nærare detaljar for innlevering av arbeidskrav, som angitt i undervisningsplanen, vil bli gjort tilgjengelege ved semesterstart.

Arbeidskrav blir vurderte som godkjent / ikkje godkjent, og får ikkje karakter. Studentar som ikkje får godkjent eit arbeidskrav ved første forsøk, kan levere ein revidert versjon éin gong før fristen.

Ved ikkje levert på grunn av dokumentert sjukdom eller andre tungtvegande grunnar kan studenten søke om å få avtale ein eigen frist med faglæraren.

Vurdering og eksamen

Den avsluttande vurderinga i emnet består av to eksamensdelar, begge vekta 50 prosent av sluttkarakteren til studenten:

Eksamensdel 1: Gruppedokumentar, mappeeksamen.

Det blir gitt ei felles gruppevurdering i eksamensdel 1.

Dokumentarproduksjonen skal leverast som eit større prosjektorganisert arbeid og skal innehalde to delar: den ferdige dokumentarfilmen og ei produksjonsprosesspakke. Denne skriftlege prosesspakka må innehalde ei tittelside, pitch, produksjonsplan, arbeid med historieutvikling, distribusjonsplan og "bak kulissane"-materiale for prosjektet. Vi forventar at gruppene inkluderer både tekst og bilete i pakka. Vi ønskjer òg at gruppene legg ved tilleggsmateriale.

Omfanget av dokumentarfilmen er om lag 10 minutt. Omfanget av den skriftlege prosesspakken er 6–9 sider.

Eksamensdel 2: Individuell refleksjonsoppgåve, heimeeksamen.

Det blir gitt ei individuell vurdering i eksamensdel 2.

Denne delen av eksamen er ein individuell heimeeksamen over ein periode på 4 dagar. Det skriftlege essayet skal dokumentere den individuelle arbeidsprosessen til studenten og vise forståing av pensum.

Omfanget av refleksjonsoppgåva er 5–7 sider. Skrifttype og skriftstorleik: Arial / Calibri / Verdana, 12 pkt. Linjeavstand: 1,5. Litteraturliste og illustrasjonar kjem i tillegg.

For å få bestått karakter må studenten bestå begge delane av eksamen. Studentar som ikkje består del 1 av eksamen, kan som gruppe levere ein revidert versjon éin gong. Studentar som har bestått del 1, men ikkje består del 2, kan ta konteeksamen ved å levere del 1 på nytt saman med ein revidert versjon av del 2. Klage kan fremjast etter at karakteren er fastsett.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel er lov, så lenge ein følger reglar for kjeldebruk.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F.

Sensorordning

Det vert nytta intern og ekstern sensor ved sensurering.

Emneansvarlig

Frode Nordås