EPN-V2

MOK1000 Medieretorikk Emneplan

Engelsk emnenavn
Media rhetoric
Omfang
10.0 stp.
Studieår
2020/2021
Emnehistorikk
Timeplan
  • Innledning

    Språkleg formidling skal gjere studentane til meir medvitne språkbrukarar.

  • Forkunnskapskrav

    Inga forkunnskapskrav.

  • Læringsutbytte

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om norsk rettskriving og normer for god språkføring
    • kjenner grunnleggande perspektiv, omgrep og modellar innanfor retorikk og andre former for tekstanalyse
    • er medviten om og har kunnskap om samanhengen mellom språk, tanke og røyndom
    • har kunnskap om kva rolle språket speler i samfunnet

    Ferdigheiter

    Studenten

    • har utvikla evna til å uttrykke seg i eit klart og engasjerande språk
    • kan analysere skriftlege og munnlege tekstar med utgangspunkt i retorikk og andre teoriar om språk og tekst
    • kan presentere og drøfte faglege problemstillingar

    Generell kompetanse

    Studenten

    • Har eit reflektert tilhøve til språkbruken hos seg sjølv og andre
  • Arbeids- og undervisningsformer

    Arbeidsformene vekslar mellom eigenstudium, plenumsforelesingar og individuell og gruppebasert oppgåveløysing med gjennomgang i grupper og plenum.

    Praktisk og teoretisk orientert undervisning går hand i hand. Tanken er at teorien skal kaste lys over og gje forståing for det praktiske arbeidet og omvendt. Oppgåveløysing med rettleiing og gjennomgang av produkta i grupper er ein grunnstamme i undervisninga.

  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Studentane skal løyse fire obligatoriske oppgåver - tre skriftlege og ei muntleg. Dei skriftlege oppgåvene skal til saman vere på om lag 8-15 sider. Somme oppgåver er produksjonsoppgåver, der studentane utfører praktiske skriveoppdrag. Andre er analyse- eller drøftingsoppgåver, der pensumstoff blir trekt inn meir direkte.

    Arbeidskrava skal leverast på norsk, då emnet er eit norskfagleg ferdigheitsfag.

    Arbeidskrava blir godkjende av faglæraren. Alle arbeidskrava må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Viss eit arbeidskrav blir underkjent, får studenten opptil to nye forsøk. Ved dokumentert sjukdom eller ein annan tvingande grunn kan studenten avtale ein eigen frist med læraren.

    Oppgåvene blir gjennomgått i grupper. Då får kvar student fagleg tilbakemelding frå ein lærar og frå medstudentar. Studentane skal vere opponentar for kvarandre. Det er obligatorisk å delta i desse gruppegjennomgangane, og fråvær fører til at studenten mistar eksamensretten. Ved fråvær får studenten inga fagleg tilbakemelding på oppgåva og må gi skriftleg respons til alle studentane på gruppa.

  • Vurdering og eksamen

    Karakteren byggjer på ein individuell, sekstimars skuleeksamen.

    Eksamenssvaret skal leverast på norsk, då emnet er eit norskfagleg ferdigheitsfag.

    Kandidatar som ikkje består, eller som har gyldig fråvær frå ordinær eksamen, kan melde seg opp til ny/utsett eksamen.

  • Hjelpemidler ved eksamen

    Inga.

  • Vurderingsuttrykk

    Studentane får bokstavkarakterar frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

  • Sensorordning

    Eksamen blir vurdert av to sensorar, enten to interne eller ein intern og ein ekstern.

  • Emneansvarlig

    Jørgen Alnæs