EPN

M5GNO3100 Norsk, emne 4 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian, Subject 4
Studieprogram
Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, kroppsøving og idrettsfag / Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10
Omfang
15 stp.
Studieår
2022/2023
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Fagplanen som høyrer til dette emnet er lagt på emne M5GNO1100 Norsk, emne 1.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:                              

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sjangrar, deriblant akademiske teksttypar
  • har kunnskap om læremiddel, digitale og andre
  • har kunnskap om og oversyn over teori knytt til faget
  • har kunnskap om kriterium for vurdering av munnlege og skriftlege kunnskapar
  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske  problemstillingar
  • har kunnskap om korleis ein kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett

Ferdigheter

Studenten

  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan sjå norskfaget i eit samfunnsperspektiv
  • kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
  • kan presentere akademiske problemstillingar munnleg
  • kjenner til vitskaplege arbeidsmåtar i norskfaget
  • legge gjennomføre eit utviklings- og forskingsprosjekt
  • kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer 
  • kan bruke faglege kunnskapar til kritisk refleksjon
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre med elevanes læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • kan legge til rette for at norskopplæringa fremjar elevdeltaking på offentlege arenaer

Innhold

Emne 4 øver studentane i didaktisk refleksjon og i skriving av fagtekstar. Studentane skal utvikle ein utvida refleksjon om kva norskfagleg kompetanse kan bety også på andre arenaer enn i skulen. Utvikla innsikter i norskfaglege tenkjemåtar om språk og tekst står sentralt.

  • Lesing og skriving av akademiske fagtekstar
  • Norskfagleg formidling
  • Didaktisk refleksjon
  • Vurdering av munnlege og skriftlege tekstar
  • Læremiddelanalyse
  • FoU-arbeid

Arbeids- og undervisningsformer

For studentar som tar faget i 3. studieår

Arbeidet med FoU-oppgåva er organisert som undervisning og kurs, rettleiing/rettleiingsseminar, innlevering av skriftleg oppgåve, munnleg framlegg og annan deltaking på konferanse der alle studentane presenterer oppgåveområda sine. Kvar kandidat vil få oppnemnt ein fagleg rettleiar. Temaområde, problemstilling og opplegg for oppgåva skal godkjennast av rettleiaren.

Undervisninga i emnet skal mellom anna gje støtte til skriving av FoU-oppgåva. I tillegg til norskfaglege emne, skal undervisninga ta opp følgande tema:

  • Utdanningsvitskap for lærarar, sentrale forskingstradisjonar og metodar.
  • Forskingsetikk og grunnlagsspørsmål.
  • Seminar i pedagogikk som tek opp sentrale utfordringar i dagens grunnskole.
  • Skriving i forsking om skole og undervisning og i læraryrket.

Oppgåveskriving er ein problemløysingsprosess, der studenten skal belyse den valde problemstillinga si gjennom systematiske metodar som kan etterprøvast. Ein del av dette arbeidet vil til dømes vere å arbeide fram eit oppdatert kunnskapsoversyn. Studentar vil også ofte samle eit erfaringsmateriell og bruke utdanningsvitskapleg metode til å undersøke, systematisere og belyse materialet. Arbeidet med oppgåva skal gje erfaring i å søke og nytte litteratur og bygge på både oppgitt og sjølvvald pensum. Omtalar, analysar og vurderingar i oppgåva skal vere solid fagleg utvikla og underbygde.

FoU-oppgåva er eit individuelt arbeid. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningslinjer for vitskapleg og fagleg forfattarskap.

I oppgåver som brukar materiale som studenten sjølv samlar inn, er det eit krav at dette skal hentast inn slik at meldeplikt til Norsk senter for forskningsdata (NSD) ikkje blir utløyst. Føresette skal gje samtykke dersom elevane som deltar i undersøkinga, er umyndige («under myndigheitsalder»). Gjennom oppgåva skal studenten dokumentera kjennskap til aktuell forsking på det området studenten skriv om. Studenten skal bruke teori og anna fagstoff som grunnlag for å undersøke problemstillinga. Metodedelen skal dokumentera framgangsmåtar på ein slik måte at det gjev høve til å sjå korleis studenten har henta inn og brukt materialet og korleis han eller ho har kome fram til resultata. Resultata skal drøftast ut frå dei vanlege vitskaplege krava til kva som er påliteleg og gyldig.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.

For studentar som tar faget i 1. og 2. studieår

  • Individuell tale eller kåseri. Målet er trening i faglege, munnlege framstillingsformer. Omfang: 10 minutt. Respons frå medstudentar og faglærar.
  • Samandrag og problemstilling om FoU-arbeid. Målet med arbeidet er at studenten skal komme i gang med planlegginga av FoU-arbeidet. Omfang: 800 ord. Målform: valfri.

For studentar som tar faget i 3. studieår

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte før FoU-oppgåva kan leverast til sensur:

  • Innlevering av eit notat på 400 ord +/- ti prosent om opplegg for oppgåva. Notatet skal ha med omtale av emne, spørsmål studenten vil undersøke, aktuell forskingslitteratur og anna fagstoff han eller ho forventar å sette seg inn i som del av arbeidet med oppgåva, kva slags materiale studenten planlegg å samle inn og undersøke, forskingsmetode studenten skal bruke og skisse til oppgåvedesign. Same målform som FoU-oppgåva.
  • Notat før siste rettleiing med utdrag av oppgåvetekst på 1500 ord +/- ti prosent. Same målform som FoU-oppgåva.

Faglege aktivitetar med krav om deltaking:

  • Delta på fleirfagleg undervisning om utdanningsvitskap og metode, forskingsetikk og grunnlagsspørsmål.
  • Delta på kurs i akademisk skriving og IKT.
  • Delta på to rettleiingar i seminar eller individuelt. Rettleiaren set opp tidspunkt og krav til bidrag.
  • Delta på delingskonferanse med eige framlegg og respons på medstudentar sine framlegg.

Vurdering og eksamen

Vurdering for studentar som tar faget 1. og 2. studieår

Eksamen består av to eksamensdelar.

Deleksamen 1: Individuelt FoU-arbeid i fritt valt tema frå dei fire emna i studiet. Målform: valfri. Omfang: Ca. 5000 ord. Rettleiing av faglærar.  

Deleksamen 2: Individuell prøveforelesing. Omfang: 20 minutt.

Deleksamen 1 og deleksamen 2 tel 50/50 ved samanslåing av karakter.

Ny/utsett eksamen

Deleksamen 1: Ny/utsett eksamen vert arrangert som ved ordinær eksamen.

Deleksamen 2: Dersom FoU-arbeidet har fått ein ikkje-bestått karakter, vil det vere høve til å omarbeide oppgåva ved første ny og utsett eksamen. Etter dette må studenten levere ny oppgåve.

Vurdering for studentar som tar faget 3. studieår

Individuell FoU-oppgåve må leverast elektronisk innan oppgitt frist. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 7000 ord og har valfri målform. Oppgåva må oppfylle IKT-krav og andre fastsette krav til utforming. Slike kriterium blir publiserte på høgskulens læringsplattform i god tid før studenten begynner på oppgåva si. Oppgåva som blir levert inn, skal ha som vedlegg ei eigenerklæring som gjeld fusk og plagiering og ei eigenerklæring om korfor oppgåva ikkje utløyser NSD-krav (sjå ovanfor).

Ny/utsett eksamen

Dersom FoU-oppgåva har fått ein ikkje-bestått karakter, vil det vere høve til å omarbeide oppgåva ved første ny og utsett eksamen. Etter dette må studenten levere ny oppgåve. Dersom FoU-oppgåva har fått ein bestått karakter, kan studenten ikkje levere ei forbetra oppgåve, men må skrive ny FoU-oppgåve til ein eventuell ny eksamen. Dette inneber at studenten må skifta temaområde, eventuelt materialet for undersøkinga, fagleg grunnlag og problemstilling. Innlevering av forbetra versjon av same oppgåve som ved tidlegare eksamenar, er ikkje tillate. Slik innlevering vil ikkje bli vurdert.

Hjelpemidler ved eksamen

For studentar som tar faget 1. og 2. studieår:

Alle tilgjengelege hjelpemiddel både til deleksamen 1 og 2.

For studentar som tar faget i 3. studieår:

Alle hjelpemiddel tillatne.

Vurderingsuttrykk

Det blir nytta ein gradert karakterskala fra A til E for bestått og F for ikkje bestått eksamen.

Sensorordning

For studentar som tar faget 1. og 2. studieår:

Intern og ekstern sensor både til deleksamen 1 og 2.

For studentar som tar faget i 3. studieår:

Det blir nytta ekstern og intern sensor. Normalt er rettleiaren den interne sensoren.