Programplaner og emneplaner - Student
M5GNO2100 Norsk, emne 4 Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Norwegian, Subject 4
- Studieprogram
-
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2025/2026
- Pensum
-
HØST 2025
- Timeplan
- Emnehistorikk
-
Innledning
Fagplanen som høyrer til dette emnet er lagt på emne M5GNO1100 Norsk, emne 1.
Forkunnskapskrav
Ingen.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sjangrar, deriblant akademiske teksttypar
- har kunnskap om læremiddel, digitale og andre
- har kunnskap om og oversyn over teori knytt til faget
- har kunnskap om kriterium for vurdering av munnlege og skriftlege kunnskapar
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- har kunnskap om korleis ein kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett
Ferdigheter
Studenten
- kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
- kan sjå norskfaget i eit samfunnsperspektiv
- kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
- kan presentere akademiske problemstillingar munnleg
- kjenner til vitskaplege arbeidsmåtar i norskfaget
- legge gjennomføre eit utviklings- og forskingsprosjekt
- kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kan bruke faglege kunnskapar til kritisk refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig og saman med andre med elevanes læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan legge til rette for at norskopplæringa fremjar elevdeltaking på offentlege arenaer
Innhold
Individuell skriftleg eksamen under tilsyn, fire timar. Målform: Bokmål.
Ny/utsett eksamen blir arrangert som ved ordinær eksamen.
Arbeids- og undervisningsformer
For studentar som tar faget i 3. studieår
Arbeidet med FoU-oppgåva er organisert som undervisning og kurs, rettleiing/rettleiingsseminar, innlevering av skriftleg oppgåve, munnleg framlegg og annan deltaking på konferanse der alle studentane presenterer oppgåveområda sine. Kvar kandidat vil få oppnemnt ein fagleg rettleiar. Temaområde, problemstilling og opplegg for oppgåva skal godkjennast av rettleiaren.
Undervisninga i emnet skal mellom anna gje støtte til skriving av FoU-oppgåva. I tillegg til norskfaglege emne, skal undervisninga ta opp følgande tema:
- Utdanningsvitskap for lærarar, sentrale forskingstradisjonar og metodar.
- Forskingsetikk og grunnlagsspørsmål.
- Seminar i pedagogikk som tek opp sentrale utfordringar i dagens grunnskole.
- Skriving i forsking om skole og undervisning og i læraryrket.
Oppgåveskriving er ein problemløysingsprosess, der studenten skal belyse den valde problemstillinga si gjennom systematiske metodar som kan etterprøvast. Ein del av dette arbeidet vil til dømes vere å arbeide fram eit oppdatert kunnskapsoversyn. Studentar vil også ofte samle eit erfaringsmateriell og bruke utdanningsvitskapleg metode til å undersøke, systematisere og belyse materialet. Arbeidet med oppgåva skal gje erfaring i å søke og nytte litteratur og bygge på både oppgitt og sjølvvald pensum. Omtalar, analysar og vurderingar i oppgåva skal vere solid fagleg utvikla og underbygde.
FoU-oppgåva er eit individuelt arbeid. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningslinjer for vitskapleg og fagleg forfattarskap.
I oppgåver som brukar materiale som studenten sjølv samlar inn, er det eit krav at dette skal hentast inn slik at meldeplikt til Norsk senter for forskningsdata (NSD) ikkje blir utløyst. Føresette skal gje samtykke dersom elevane som deltar i undersøkinga, er umyndige («under myndigheitsalder»). Gjennom oppgåva skal studenten dokumentera kjennskap til aktuell forsking på det området studenten skriv om. Studenten skal bruke teori og anna fagstoff som grunnlag for å undersøke problemstillinga. Metodedelen skal dokumentera framgangsmåtar på ein slik måte at det gjev høve til å sjå korleis studenten har henta inn og brukt materialet og korleis han eller ho har kome fram til resultata. Resultata skal drøftast ut frå dei vanlege vitskaplege krava til kva som er påliteleg og gyldig.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.
For studentar som tar faget i 1. og 2. studieår
- Individuell tale eller kåseri. Målet er trening i faglege, munnlege framstillingsformer. Omfang: 10 minutt. Respons frå medstudentar og faglærar.
- Samandrag og problemstilling om FoU-arbeid. Målet med arbeidet er at studenten skal komme i gang med planlegginga av FoU-arbeidet. Omfang: 800 ord. Målform: valfri.
For studentar som tar faget i 3. studieår
Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte før FoU-oppgåva kan leverast til sensur:
- Innlevering av eit notat på 400 ord +/- ti prosent om opplegg for oppgåva. Notatet skal ha med omtale av emne, spørsmål studenten vil undersøke, aktuell forskingslitteratur og anna fagstoff han eller ho forventar å sette seg inn i som del av arbeidet med oppgåva, kva slags materiale studenten planlegg å samle inn og undersøke, forskingsmetode studenten skal bruke og skisse til oppgåvedesign. Same målform som FoU-oppgåva.
- Notat før siste rettleiing med utdrag av oppgåvetekst på 1500 ord +/- ti prosent. Same målform som FoU-oppgåva.
Faglege aktivitetar med krav om deltaking:
- Delta på fleirfagleg undervisning om utdanningsvitskap og metode, forskingsetikk og grunnlagsspørsmål.
- Delta på kurs i akademisk skriving og IKT.
- Delta på to rettleiingar i seminar eller individuelt. Rettleiaren set opp tidspunkt og krav til bidrag.
- Delta på delingskonferanse med eige framlegg og respons på medstudentar sine framlegg.
Vurdering og eksamen
Ingen.
Hjelpemidler ved eksamen
For studentar som tar faget 1. og 2. studieår:
Alle tilgjengelege hjelpemiddel både til deleksamen 1 og 2.
For studentar som tar faget i 3. studieår:
Alle hjelpemiddel tillatne.
Vurderingsuttrykk
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om språket i bruk, både i skrift og tale
- har kunnskap om språket som system
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege tekstar, med vekt på dialog og forteljing
- har inngåande kjennskap til to vaksenromanar som omhandlar barndom og oppvekst
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar
- kan bruke kunnskap om forteljinga som munnleg og skriftleg tekst i arbeid med å leggje til rette for utvikling av skriftleg og munnleg kompetanse hos elevar
- meistrar skriftleg bokmål og kan undervise elevar i bokmål
Generell kompetanse
Studenten
- kan finne fram til, og i, fagleg oppdaterte digitale og trykte språkressursar, til dømes ordbøker og relevante nettstader, og bruke dei som ressursar i det faglege arbeidet
- kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale språklege emne og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
- kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter
Sensorordning
Arbeidskrava må vere godkjende for at studentane skal kunne gå opp til skriftleg eksamen i norsk. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.
Arbeidskrav 1: Munnleg forteljing
Munnleg forteljing i gruppe på 10-15 minutt knytt til arbeid med stemmebruk. Gruppene skal vurdere kvarandre og utvikle og bruke vurderingsskjema med kriterium for framføringa. Studentane skal også framføre forteljinga for elevar i praksis i haustsemesteret. Føremålet med arbeidskravet er å lære og få erfaring med bruken av ein spesifikk praktisk-estetisk arbeidsmetode. Det er krav om deltaking i stemmekurs i samband med arbeidskravet.
Arbeidskrav 2: Refleksjonstekstar
Tre refleksjonstekstar innanfor nærmare definerte fristar i undervisningsplanen Ein individuelt skriven tekst knytt til lesing av vaksenroman, og ein skriven i grupper på to-tre studentar knytt til munnleg forteljing. Tekstane skal skrivast på nynorsk og vere på 700 ord +/- 10 %, og. Den tredje teksten skal skrivast individuelt på bokmål og vere på minimum 800 maksimum 1000 ord. Teksten skal handle om arbeid med grammatikk. Føremålet med arbeidskrava er å arbeide med skrivekompetanse på nynorsk og bokmål og å reflektere over aktuelt fagstoff.
Arbeidskrav 3: Fleirfagleg oppgåve i grunnleggjande ferdigheiter: Om språk og læring
Ei fleirfagleg skriftleg gruppeoppgåve i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap og matematikk på 6000 ord +/- 10 % om grunnleggjande ferdigheiter, språk og læring, med påfølgjande munnleg gruppeframføring på 10-15 minutt. Bruk av digitale verktøy inngår både i den skriftlege teksten og i den munnlege presentasjonen. Føremålet med arbeidskravet er trening i observasjon og utvikling av kompetanse i å tolke observasjonar med utgangspunkt i teoretiske perspektiv. Dessutan skal studentane lære å bruke digitale verktøy. Innhaldet i arbeidskravet er basert på observasjonar i praksis og relevant fagleg teori.
Dersom den skriftlege delen ikkje blir godkjend, kan arbeidet forbetrast og leverast inn éin gong til. Dersom studentane ikkje møter til den munnlege framføringa, eller denne ikkje blir godkjend, kan dei etter nærare vurdering få eitt nytt høve til å presentere gruppeoppgåva.
Målform: Valfri.
Obligatorisk 4: Krav om obligatorisk deltaking i faglige aktivitetar
Det er obligatorisk deltaking i all undervisning, og dette er også eit arbeidskrav. Føremålet med undervisninga er å få erfaring med varierte arbeidsmetodar til bruk i klasserommet. Studentane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som dei ikkje kan tileigne seg berre ved lesing av pensum. I undervisninga opparbeider studentane profesjonskompetanse gjennom samhandling med medstudentar og faglærar. Undervisningsøktene inneheld studentaktive metodar som arbeid med læringspartnar, litterære samtalar, drama, klassedialog, spontane og planlagde studentframlegg og gruppearbeid, i tillegg til formidling av kunnskapsstoff.
Det er krav om oppmøte på minimum 80 % i faglege aktivitetar og undervisning i alle emne. Ved fråvær utover 20 %, og inntil 40 %, vil det bli gitt kompensatorisk arbeid som kan inkludere krav om oppmøte. Form og omfang blir bestemt av faglærar. Ved fråvær utover 40 %, vil studenten bli trekt frå eksamen i emnet.
Fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for kravet om deltaking og eventuelt kompensatorisk arbeid.
Fagovergripande tema
I programplanen er det beskrive ulike fagovergripande tema på dei ulike studieåra. Det er krav om deltaking i desse faglege aktivitetane.
Knytt til emne 1 er følgjande faglege aktivitetar:
- Kurs i stemmebruk (arbeidskrav 1)
- Akademisk skriving 1 - del 1 og 2 (obligatorisk 4)
- Språk, læring og grunnleggjande ferdigheiter (arbeidskrav 3)
Manglande deltaking i faglege aktivitetar nemnd over medfører at studenten ikkje får ta eksamen i det emnet kravet om deltaking er knytt til. Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking. Studentar som ikkje oppfyller kravet om deltaking, må snarast mogleg ta kontakt med faglærar.