EPN

M5GNO1300 Norsk, emne 3 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian, Subject 3
Studieprogram
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 / Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, kroppsøving og idrettsfag
Omfang
15 stp.
Studieår
2023/2024
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Fagplanen som høyrer til dette emnet er lagt på emne M5GNO1100 Norsk, emne 1.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om språkleg identitet og fleirspråkleg praksis
  • har kunnskap om samisk kultur
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
  • har kunnskap om relevante teoriar for  munnleg  opplæring

Ferdigheter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtalar
  • kan bidra til å utvikle fantasi og estetisk læringsprosessar hos elevane
  • kan vurdere og bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan legge til rette for at elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet får lese og skrive saktekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • kan legge til rette for variert arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med sakprosa frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar i ulike sjangrar og medium og tilpasse den vidare opplæringa i språklege ferdigheiter til elevar på ungdomstrinnet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 5-10 i samarbeid med andre
  • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag.

Innhold

Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga gir didaktiske perspektiv på morsmålet i ulike tekstar med mangfaldige kontekstar. Emne 3 utdjupar samanhengane mellom språk og litterære sjangrar i ulike medium.

  • Retorikk
  • Arbeid med fagtekstar og samansette tekstar
  • Digitale tekstar
  • Teori om munnlege ferdigheiter

Arbeids- og undervisningsformer

Sjå fagplanen.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.

  • Ein digital og interaktiv samansett tekst. I gruppe. Målet er å kunne bruke digitale verktøy til produksjon av samansette tekstar. Tilbakemelding frå faglærar. Omfang: i samråd med faglærar ut frå kva digitalt verktøy som vert brukt. Målform: Nynorsk.
  • Vurdering av ein digital læringsressurs ved hjelp av samskrivingsverktøy. I gruppe. Målet er å kunne bruke og vurdere ulike digitale verktøy. Omfang: i samråd med faglærar ut frå kva digitalt verktøy som vert brukt. Målform: Nynorsk  

Vurdering og eksamen

Munnleg gruppeeksamen, samtale om litterære tema. I tillegg  ein individuell eksaminasjon/utdjuping. Det blir gitt individuell karakter.

30 minutt førebuingstid etter utlevert oppgåve.

Gruppesamtale: 20 minutt. Individuell utdjuping: 3-5 minutt per student.

Ved ny/utsatt eksamen: Individuell munnleg eksamen. Omfang: Ca. 20 minutt. Inga førebuingstid.

Hjelpemidler ved eksamen

Aktuell skjønnlitterær tekst og gjeldande læreplan.

Vurderingsuttrykk

Det blir nytta ein karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.