Programplaner og emneplaner - Student
M1GNO3100 Norsk 2, emne 4 Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Norwegian 2, Subject 4
- Omfang
- 30.0 stp.
- Studieår
- 2020/2021
- Emnehistorikk
-
- Pensum
-
HØST 2020
- Timeplan
-
Fagplan
FAGPLAN
Norsk 1 (30 studiepoeng)
Norsk 2 (30 studiepoeng)
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Fagplanen blei godkjent i studieutvalet 9. november 2016
Pensum oppdatert 22. mai 2017
Redaksjonelle endringar lagt inn 3. juli 2017, 19. april og 7. juni 2018
Redaksjonelle endringar lagt inn 3. juli 2019 og 30. januar 2020
Gjeldande frå haustsemesteret 2020
Innleiing
Fagplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanningane for trinn 1-7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 ved OsloMet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.
Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.
Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle
for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Språket er dermed sentralt for identitetsutviklinga til den enkelte språkbrukaren samstundes som det speglar og gir tilgang til kultur- og samfunnsutviklinga. Språket er inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal norskfaget i lærarutdanninga legge grunnlaget for at studentane kan medverke til at elevar utviklar språk- og tekstkunnskap og blir trygge og aktive språkbrukarar.
Litterære tekstar går i dialog med utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar i kulturen. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 1.-7. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.
Grunnskulelæraren i norsk har eit særskilt ansvar for å utvikle tolkingskompetansen til elevane. I eit tekstbasert samfunn er evna til å forstå, skape og bruke skriftlege og munnlege tekstar ein føresetnad for å nå livsmål, kunne halde fram å lære og kunne delta på demokratiske og kulturelle arenaer. Tekstar er tett innvovne i dei kontekstane dei blir skapte og brukte i. Evna til å bruke, forstå og skape tekstar er derfor knytt til tolking av tekst og kontekst. I norskfaget blir kontekstmedvit trent gjennom tolking av tekst i både historiske og samtidige kontekstar.
Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving. IKT er derfor integrert i studiet, både knytt til fagdidaktisk arbeid retta mot norskundervisning i skulen og som reiskap i studentens eigen læringsprosess.
Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For reglar om fritak, sjå forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7, § 5.
Målgruppe
Studentar som har fått opptak til femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7. Lærarar som ønsker vidareutdanning (gjeld ev. Norsk 2).
Opptakskrav
Faget er tilgjengeleg for studentar ved grunnskulelærarutdanninga ved OsloMet, i tråd med programplanane for utdanninga. Dei første 30 studiepoenga, Norsk 1, emne 1-3, er obligatorisk fag på lærarutdanninga trinn 1-7, Norsk 2 (30 studiepoeng) er valfag. Interne søkjarar som søkjer opptak til Norsk 2 medan dei framleis er aktive studentar ved grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7, kan få opptak utan å ha fullført Norsk 1.
Eksterne søkjarar (gjelde ev. Norsk 2) må ha bestått lærarutdanning som kvalifiserer for arbeid i skulen. Opptak til Norsk 2 krev fullført Norsk 1 eller tilsvarande.
Søkjarar som Utdanningsdirektoratet har vurdert til å ha lærarutdanning frå utlandet, men som manglar fag/studiepoeng for å bli godkjent lærar i norsk grunnopplæring, kan også søke. Slike søkjarar må i tillegg oppfylle kravet til generell studiekompetanse.
Læringsutbytte
Læringsutbyttet er formulert i tråd med dei nasjonale retningslinjene for faget Norsk 1 og 2 trinn 1-7, sjå nærare omtale i emneplanane.
Innhald og oppbygging av faget
Norsk 1 (30 studiepoeng) er bygd opp av tre emne à 10 studiepoeng. Norsk 2 består av eitt emne à 30 studiepoeng. Norsk 2 byggjer på Norsk 1. Undervisninga i Norsk 1 er lagt over tre semester, medan undervisninga i Norsk 2 er lagt til eitt semester. Minste kompetansegivande eining for dette faget er 30 studiepoeng.
Fleirfaglege tema
I fleire av emna inngår fleirfaglege temaperiodar eller temaveker, i tillegg til at emna nedanfor er fagovergripande. Det gjeld arbeid med språk og læring, vurderingsformer, praktisk-estetiske arbeidsformer, begynnaropplæring og fellestema i samband med praksisretta oppgåver (sjå meir informasjon om praksis i fagplanen for praksis).
Begynnaropplæring
Den første lese- og skriveopplæringa er hovudtema i emne 3 (10 studiepoeng) i Norsk 1, og studentane skriv og presenterer munnleg ei fleirfagleg fagoppgåve om begynnaropplæring med vekt på praktisk-estetiske læringsprosessar. I Norsk 2 får studenten utvida innsikt i temaet begynnaropplæring gjennom undervisninga, og det digitale arbeidskravet er retta mot opplæring på småtrinnet.
Vurdering og kartleggingsverktøy, oppfølging og tilpassa opplæring
Tilpassa opplæring for ulike elevgrupper er eit gjennomgåande perspektiv i undervisninga i norskfaget. Studentane lærer å vurdere korleis elevane utviklar seg i norskfaget. Dei tileigner seg kunnskap om og evne til å vurdere både kartleggingsverktøy og andre former for undervegs- og sluttvurdering. I emne 2 har studentane eit fleirfagleg arbeidskrav om vurderingsformer knytt til praksis.
Grunnleggande ferdigheiter
Undervisninga i både Norsk 1 og Norsk 2 tek på ulike måtar vare på dei grunnleggjande ferdigheitene munnlegheit, lesing, skriving og digitale ferdigheiter. I Norsk I deltek studentane i eit fleirfagleg arbeid om språk, læring og grunnleggande ferdigheiter som også inkluderer den grunnleggande ferdigheita rekning.
Digital kompetanse
Digital kompetanse og kunnskap om didaktisk bruk av digitale verktøy er integrert i arbeidsmåtane i faget. Dette gjeld til dømes arbeid med å lese, analysere og produsere samansette digitale tekstar. Studentane bruker i Norsk 1 digitale presentasjonsverktøy, arbeider med mappeskriving og analyserer digitale læremiddel. Dei gir i tillegg digital respons på ulike måtar i både Norsk 1 og 2. I Norsk 2 produserer studentane digital bildebok.
Lærararbeid i det mangfaldige klasserommet og internasjonale perspektiv
Norskfaget er eit kulturfag. Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som gjer dei i stand til å møte og forstå ulikskap og bruke mangfaldet som ein ressurs i norskfaget. Studentane skal forstå korleis identiteten til barn og unge blir danna i møtet med språk og tekst i eit samfunn med stort mangfald. Mangfaldsperspektivet inkluderer mellom anna tema som kjønn, seksualitet, funksjonalitet og ulik kulturell bakgrunn. Dette perspektivet blir vektlagt gjennom utvalet av tekstpensumet i norskfaget, og gjennom den tolkingskompetansen arbeidet med litteratur gir. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.
I arbeid med skjønnlitteraturen i Norsk 2 får studenten undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv som kontrasterer og konfronterer studentens eigne kulturelle og verdimessige ståstader. Slik kan studentane trene evne til refleksjon og forståing av menneskelege forhold og andre sine erfaringar. I Norsk 2 er nordisk kulturell og språkleg forståing og samarbeid vektlagt. I dette semesteret blir delar av undervisninga lagt til eit 3-5 dagars studieopphald i eit nordisk land. På pensum er det lagt opp nordiskspråkleg litteratur og internasjonal litteratur i omsetjing.
Estetiske arbeidsmåtar
Estetiske arbeidsmåtar er ein viktig del av norskfaget. Det er ein sentral del i fleire arbeidskrav. I Norsk I gjeld det til dømes munnleg forteljing, i det fleirfaglege arbeidskravet i begynnaropplæringa knytt til emne 3, arbeid med digitale læringsressursar og arbeid med bildebok. I undervisninga i Norsk 1 og 2 møter også studenten dramapedagogiske arbeidsmåtar. Studentane har i Norsk 1 dramakurs og kurs i stemmebruk, song og musikk. I Norsk 2 er estetiske arbeidsmåtar vektlagt i arbeidskrava adaptasjon av klassikarar og produksjon av digital bildebok. Forskingsforankring
Gjennom møtet med forsking skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon over eigen praksis og den kollektive praksisen i skulen. I norskfaget blir studentane introduserte for forskingsbasert kunnskap og tileignar seg kompetanse i å kunne vurdere, bruke og formidle relevante og oppdaterte forskingsresultat. Det er ein progresjon i utviklinga av forskingskompetansen. I Norsk 1, emne 1 har studentane ei fleirfagleg oppgåve der dei reflekterer teoretisk over observasjonar frå praksis, i emne 2 leverer dei ei digital mappe med fagtekstar, og i emne 3 skriv studentane ei fagoppgåve om begynnaropplæring. Dette arbeidet skal leggje grunnlaget for det store FoU-arbeidet på Norsk 2, som utgjer den eine deleksamenen.
Psykososialt læringsmiljø
Trening av tolkingskompetanse styrker demokratisk kompetanse, og skjønnlitteraturens særlege evne til å styrke førestellingsevne og empati kjem inn som ein viktig del av arbeidet med psykososialt læringsmiljø og nærskylde tema i norskfaget (jf. innleiinga). Også arbeid med språk er relevant for arbeid med psykososialt læringsmiljø, mellom anna gjennom å lære å sjå kritisk på og vere medviten om korleis andre og ein sjølv brukar språket.
Det semesteret studentane tek emne 3, deltek dei i ei fleirfagleg temaperiode om psykososialt læringsmiljø. I norskfaget dette semesteret vil studentane også arbeide med korleis dei kan bruke bildebøker i samband med tema som fellesskap og oppleving av det å stå utanfor, mobbing, vald og overgrep i nære relasjonar osb.
Samiske forhold og rettar
Kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur er ein viktig del av norskfaget. I Norsk 1 legg undervisninga vekt på samisk munnleg forteljing, eventyr og segner. I Norsk 2 får studenten utvida kunnskap om samisk språk, kultur og litteratur.
Berekraftig utvikling
Berekraftig utvikling er ikkje eit eige tema i norskfaget, men arbeid med skjønnlitteratur styrker på ein særleg måte førestellingsevne og empati. Dette er sentrale føresetnader for å kunne medverke til berekraftig utvikling. I tillegg vil arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene, også for studentane, styrkje den demokratiske deltakarkompetansen, og dermed føresetnadene for å arbeide konstruktivt for berekraftig utvikling. I løpet av semesteret med Norsk 2 deltek studentane i tillegg på ei fleirfagleg veke om berekraftig utvikling.
Praksistilknyting, klasseleiing og lærarrolle
Praksisopplæringa i grunnskulelærarutdanningane er rettleidd og går over fire studieår. For nærare informasjon om praksisopplæringa, sjå plan for praksisopplæring i grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7. For å sikre progresjon i praksisopplæringa beskriv planen profesjonstema for dei ulike studieåra. Fleire av arbeidskrava i norskfaget er basert på observasjonar og erfaringar som studenten får i praksisperioden. I Norsk 1 er det til dømes fleirfaglege arbeidskrav knytt til praksis i alle tre emne. I Norsk 2 gjeld dette mellom anna arbeidskravet om adaptasjon av klassikarar. I praksisperiodane arbeider studentane også med kva det vil seie å vere ein god klasseleiar og lærar.
Skikkavurdering
Lærarutdanningsinstitusjonane har ansvar for å vurdere om studentar er skikka for læraryrket. Skikkavurdering skjer gjennom heile studiet med ei heilskapleg vurdering om kva faglege og personlege føresetnader studenten har for å kunne fungere som lærar. Ein student som utgjer ein mogeleg fare for elevane, livet, den fysiske eller psykiske helsa, rettane eller tryggleiken deira, er ikkje skikka for yrket. Studentar som viser liten evne til å meistre læraryrket, skal så tidleg som mogeleg i utdanninga få melding om dette. Dei skal få råd og rettleiing for å gjere dei i stand til å oppfylle krava om å vere skikka som lærar, eller få råd om å avslutte utdanninga. Avgjerder om studenten er skikka eller ikkje kan fattast gjennom hele studiet.
Sjå nettstaden til OsloMet for meir informasjon om skikkavurdering.
Arbeids- og undervisningsformer i faget
Arbeids- og undervisningsformene i norskfaget vil i stor grad integrere dei faglege og didaktiske aspekta. Det vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentane vil få variert erfaring med presentasjon, respons og fagleg refleksjon. Praktisk-estetiske arbeidsformer og digitale verktøy blir nytta i eigen tekstskaping, presentasjonar og tileigning av fagstoff. Studentane vil vidare få erfaring med og innsikt i korleis dei kan nytte ulike praktisk-estetiske arbeidsmåtar og digitale verktøy på måtar som fremjar fagleg progresjon, mellom anna ved å tolke, vurdere og produsere ulike typar samansette tekstar.
Arbeidskrav
Godkjende arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar er ein føresetnad for å få rett til å ta eksamen. Arbeidskrav kan òg involvere framføringar og munnleg/skriftleg respons på andre sine arbeidskrav. Arbeidskrav skal vere leverte/utførte innan fastsett(e) frist(ar). Fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart einskilt høve må studenten avtale ny frist med læraren for å innfri arbeidskravet.
Arbeidskrav blir vurderte til "Godkjent" eller "Ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "Ikkje godkjent", har høve til to nye innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny innlevering og vurdering av arbeidskravet med faglærar.
I programplanen er dei fagovergripande temaa i dei ulike studieåra og semestera omtalte. I tilknyting til desse kan det vere krav til deltaking og/eller andre arbeidskrav.
Meir informasjon om arbeidskrav finst i emneplanane.
Det er obligatorisk deltaking i all undervisning, og dette er også eit arbeidskrav. Føremålet med undervisninga er å få erfaring med varierte arbeidsmetodar til bruk i klasserommet. Studentane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som dei ikkje kan tileigne seg berre ved lesing av pensum. I undervisninga opparbeider studentane profesjonskompetanse gjennom samhandling med medstudentar og faglærar. Undervisningsøktene inneheld studentaktive metodar som arbeid med læringspartnar, litterære samtalar, drama, klassedialog, spontane og planlagde studentframlegg og gruppearbeid, i tillegg til formidling av kunnskapsstoff.
Det er krav om oppmøte på minimum 80 % i alle emne. Ved fråvær utover 20 %, og inntil 40 %, vil det bli gitt kompensatorisk arbeid som kan inkludere krav om oppmøte. Form og omfang blir bestemt av faglærar. Ved fråvær utover 40 %, vil studenten bli trekt frå eksamen i emnet.
Gyldig fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for kravet om deltaking og eventuelt kompensatorisk arbeid.
Vurderings-/eksamensformer
Sjå i den enkelte emneplanen for informasjon om eksamen.
Rettar og plikter ved eksamen
Rettane og pliktene til eksamenskandidaten går fram av forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Forskrifta beskriv mellom anna vilkår for ny/utsett eksamen, høve til klage og kva som blir rekna som fusk ved eksamen.
Vurderingskriterium for Norsk 1
A, Framifrå: Arbeidet viser framifrå kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om framifrå evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er særs godt og korrekt formulert språkleg.
B, Mykje god: Arbeidet viser mykje gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om mykje god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er mykje godt og korrekt formulert språkleg.
C, God: Arbeidet viser gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Og arbeidet er godt og korrekt formulert språkleg.
D, Nokså god: Arbeidet viser varierande og/eller avgrensa kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om varierande og/eller avgrensa evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er delvis godt og korrekt språkleg formulert.
E, Tilstrekkeleg: Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar av og til om evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling.
F, Ikkje bestått: Arbeidet viser utilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget og/eller arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling. Evne til refleksjon og sjølvstendig tenking kjem ikkje til uttrykk.
Vurderingskriterium for Norsk 2
A, Framifrå: Framifrå prestasjon som klårt merker seg ut. Kandidaten viser svært god vurderingsevne, stor faglig oversikt og stor grad av sjølvstende. Arbeidet er særleg godt utforma både når det gjeld innhald og språk.
B, Mykje god: Mykje god prestasjon som viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er svært godt utforma både når det gjeld innhald og språk.
C, God: Solid prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei fleste områda. Arbeidet er godt utforma både når det gjeld innhald og språk.
D, Nokså god: Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er nokså godt utforma både når det gjeld innhald og språk.
E, Tilstrekkeleg: Prestasjon som tilfredsstiller minimumskrava, men ikkje meir. Arbeidet er tilfredsstillande utforma både når det gjeld innhald og språk.
F, Ikkje bestått: Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava fagleg og og/eller når det gjeld utforming av innhald og språk.
Utfyllande kriterium for FoU-oppgåva vil gå fram av retningslinjene som blir kunngjorde ved oppstart av emne 4.
-
Innledning
Ingen hjelpemidler er tillatt til muntlig eksamen. Alle hjelpemidler er tillatt til hjemmeeksamen.
-
Forkunnskapskrav
Norsk 2 bygger på Norsk 1.
-
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, begynnaropplæringa og den andre leseopplæringa for alle elevar
- har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår
- har kunnskap om leselyst og lesemotivasjon og tilpassa opplæring i leseopplæringa
- har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, munnlege og skriftlege sjangrar i ulike medium og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
- har brei kunnskap om barnelitteraturteori, litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
- har kunnskapar om språklege endringsprosessar i fortid og samtid og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
- har kunnskapar om det nordiske språksamfunnet og nordisk språk og litteratur
- har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur og om nasjonale minoritetsspråk
- har kunnskap om skriftvariasjon og normeringsspørsmål i moderne norsk og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
Ferdigheiter
Studenten
- kan organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring etter fagleg grunngitte prinsipp for alle elevar
- kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skape, forstå, tolke, diskutere og reflektere over saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
- har eit medvite forhold til korleis samtale mellom lærar og elevar, og samtale elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
- kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
- kan legge til rette for elevars arbeid med begge målformer
- kan bruke ulike munnlege sjangrar og retoriske grep, og legge til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
- kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan analysere og setje sentrale norske tekstar for barn og vaksne inn i ein historisk samanheng, tolke dei og reflektere over dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- kan legge til rette for variert arbeid med både språklege og litterære emne og bruke teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa.
Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- kan vurdere og reflektere over kartleggingsverktøy i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til tilpassa opplæring for alle elevar
- kjenner til norskfagleg og didaktisk forskings og -utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre
- kan skrive akademiske fagtekstar på bokmål og nynorsk
-
Innhold
Undervisninga i Norsk 2 knyter linjer tilbake til og utdjupar kunnskapen og ferdigheitene studenten har tileigna seg gjennom arbeidet med emna i Norsk 1. Sentrale tema i undervisninga er tekstanalyse og tolking, med vekt på barne- og ungdomslitteratur. Det historiske perspektivet og didaktisk bruk av skjønnlitterære klassikarar for vaksne og barn er ein viktig del av litteraturstudiet, saman med samtidslitteratur, bildebøker og samansette tekstar i ulike sjangrar.
Undervisninga gjev også utvida kunnskap om den første og den andre lese- og skriveopplæringa i eit notidig og historisk perspektiv. Lese- og skrivestrategiar og arbeid med fagtekstar, tilpassa undervisning, vurdering og kartlegging er viktige tema. Undervisninga går djupare inn på temaet norskopplæring for elevar med norsk som andrespråk er enn det Norsk 1 gjev høve til. Språkhistorie og språk- og dialektkunnskap gjev nøklar til å forklare variasjon og endring i talespråk og skriftkulturverk i dagens samfunn. Språkmangfald i Noreg og Norden blir vektlagt.
Sentralt i emne 4 er FoU-oppgåva. Oppgåva skal ha ei klårt formulert problemstilling som det må vera høve til å undersøke og utdjupe. I FoU-oppgåva skal studentane belyse og drøfte eit norskfagleg problem som er relevant i grunnskulen. Slik skal oppgåva gje studentane høve til å dokumentere fagleg kunnskap og innsikt. Studentane skal velje å fordjupe seg i eitt eller fleire tema i planen for Norsk 2, og kan velje å skrive ei teoretisk oppgåve, ei empirisk oppgåve eller ein kombinasjon. Ei teoretisk oppgåve tar utgangspunkt i analysar og drøftingar i aktuelle forskingsarbeid innan eit område og oppsummerer og samanliknar. Ei empirisk oppgåve bygger på ny informasjon som studenten sjølv samlar inn, eller bygger vidare på analyse av materiale som andre har samla inn.
-
Arbeids- og undervisningsformer
Begge eksamensdelene vurderes av intern og ekstern sensor.
-
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Arbeidskrava må vere godkjende for at studentane skal kunne gå opp til eksamen. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.
- Skriftleg fagbrosjyre med refleksjonsnotat etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Omfang: 1 A4-ark brosjyre, 600 ord refleksjonsnotat. Målform: den målforma som ikkje blir nytta i FoU-oppgåva.
- Digital adaptasjon av en klassiker for voksne til elever på barnetrinnet. Framstilling etter nærare retningslinjer i semesterplanen. Omfang tilsvarende 10-15 minutt.
- Analyse av tekst frå ein elev med norsk som andrespråk på barnetrinnet. Framstillingsformen skal vere multimodal, studentane skal gje kvarandre undervegsrespons. Sjå nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Omfang: om lag 5-8 minutt.
Arbeidskrav og deltaking i faglege aktivitetar knytt til FoU-oppgåva
Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte før FoU-oppgåva kan leverast til sensur:
- Innlevering av eit notat på 400 ord +/- 10 % om opplegg for oppgåva. Notatet skal ha med omtale av emne, spørsmål studenten vil undersøke, aktuell forskingslitteratur og anna fagstoff han eller ho forventar å sette seg inn i som del av arbeidet med oppgåva, kva slags materiale studenten planlegg å samle inn og undersøke, forskingsmetode studenten skal bruke og skisse til oppgåvedesign. Same målform som FoU-oppgåva.
- Notat før siste rettleiing med utdrag av oppgåvetekst på 1500 ord +/- 10 %. Same målform som FoU-oppgåva.
Faglege aktivitetar med krav om deltaking:
- Delta på fleirfagleg undervisning om utdanningsvitskap og metode, forskingsetikk og grunnlagsspørsmål
- Delta på kurs i akademisk skriving og IKT
- Delta på to rettleiingar i seminar eller individuelt. Rettleiaren set opp tidspunkt og krav til bidrag.
- Delta på delingskonferanse med eige framlegg og respons på medstudentar sine framlegg
-
Vurdering og eksamen
FAGPLAN
Norsk tegnspråk 1 (30 studiepoeng)
Norsk tegnspråk 2 (30 studiepoeng)
Norwegian Sign Language 1 (30 ECTS credits)
Norwegian Sign Language 2 (30 ECTS credits)
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10
Heltid
Studieprogramkode: M5GLU
Emnekoder: M5GNT3100, M5GNT3200
Fagplanen ble godkjent på fullmakt av leder i utdanningsutvalget 16. mai 2019
Gjeldende fra høstsemesteret 2019
Innledning
Fagplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningen for trinn 5-10, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen for trinn 5-10 av 1. september 2016 og programplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 ved OsloMet, godkjent av studieutvalget 16. november 2016.
Norsk tegnspråk som fag i lærerutdanningens første syklus har som hovedmål å gi en grunnleggende innføring i norsk tegnspråk. Stor vekt blir lagt på praktisk språklæring, og i tillegg inngår forskningsbasert kunnskap om grunnleggende grammatikk og døves kultur og historie. Faget er hovedsakelig praktisk rettet og forbereder studentene primært på møtet med elever som skal ha opplæring i og på tegnspråk. En annen elevgruppe faget vil være relevant for undervisning av, er de elevene som velger norsk tegnspråk som fremmedspråk på ungdomstrinnet.
Norsk tegnspråk er et av de eldste og største minoritetsspråkene i Norge. Samtidig er kjennskapen til språket i det norske storsamfunnet fortsatt relativt liten. For elever med opplæring i og på tegnspråk er faget norsk tegnspråk derfor sentralt ikke bare for deres kommunikasjon, men også for deres kulturforståelse, dannelse og identitetsutvikling og for språklig selvtillit og trygghet. Deltakerne skal få en dypere forståelse av dette i løpet av studiet, slik at de kan bidra til at opplæring i og på tegnspråk blir gjennomført på en faglig forsvarlig måte.
Målgruppe
Studenter som er tatt opp til femårig grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10. Lærere som ønsker videreutdanning.
Opptakskrav
Faget er tilgjengelig som valgfag for aktive studenter ved grunnskolelærerutdanningen og lærerutdanning for tospråklige lærere på OsloMet, i tråd med utdanningenes programplaner. Norsk tegnspråk 1 og Norsk tegnspråk 2 lyses ut som et årsstudium (30 + 30 studiepoeng), og studenten tas opp til begge emner samtidig.
Eksterne søkere må ha bestått lærerutdanning som kvalifiserer for arbeid i skolen. Norsk tegnspråk 1 og Norsk tegnspråk 2 lyses ut som et årsstudium (60 studiepoeng), og det tas opp til begge emner.
Søkere som Utdanningsdirektoratet har vurdert til å ha lærerutdanning fra utlandet, men som mangler fag/studiepoeng for å bli godkjent lærer i norsk grunnopplæring, kan også søke. Slike søkere må i tillegg oppfylle kravet til generell studiekompetanse.
Læringsutbytte
Læringsutbyttet er nærmere beskrevet i emneplanene.
Fagets innhold og oppbygging
Norsk tegnspråk som fag i første syklus består av to emner à 30 studiepoeng, Norsk tegnspråk 1 og Norsk tegnspråk 2. Norsk tegnspråk 2 bygger tematisk på Norsk tegnspråk 1. Minste kompetansegivende enhet for dette faget er 30 studiepoeng.
Høst: M5GNT3100 Norsk tegnspråk 1, 30 studiepoeng
Vår: M5GNT3200 Norsk tegnspråk 2, 30 studiepoeng
Fagets arbeids- og undervisningsformer
Undervisningen er variert og består hovedsakelig av forelesninger, seminarer, gruppearbeid, øvelser, plenumsdiskusjoner og forberedte studentinnlegg. I tillegg blir det tilrettelagt for ulike ekskursjoner. Faget legger vekt på studentaktivitet og praktisk rettet undervisning.
Digitale verktøy og medier har en sentral plass i undervisningen. Vi legger vekt på at studentene utvikler ferdigheter i å bruke IKT, og at de oppøver et kritisk og reflektert forhold til hvordan digitale medier og sosiale medier kan brukes på en god og læringsfremmende måte i klasserommet.
Klasseledelse og lærerrollen
Mye vil være felles mellom fag når det gjelder grunnleggende prinsipper for klasseledelse og det sentrale ved lærerrollen. Et viktig element i lærerens arbeid med tegnspråkfaget er oppmerksomhet og respekt for den sentrale rollen faget har for elevenes kulturforståelse, kommunikasjon, dannelse og identitetsutvikling. Sammenhengen mellom faget «Norsk tegnspråk» og faget «Norsk for hørselshemmede» er vektlagt i læreplanene for disse fagene i grunnopplæringen. Sammen utgjør de to språkene de nødvendige grunnlaget for en opplæring av elever som skal bli funksjonelt tospråklige i det norske samfunnet. De to språkene skal også være med på å danne grunnlag for flerspråklighet og gi muligheter for deltakelse på internasjonale arenaer. Det er derfor av stor viktighet at læreren i norsk tegnspråk har en forståelse for denne sammenhengen og arbeider aktivt for at den skal være til elevenes beste.
Tilpasset opplæring
Tilpasset opplæring i norsk tegnspråk handler om å forstå den enkelte tegnspråklige elevs språklige og kulturelle utgangspunkt og å bruke elevenes erfaringer som en ressurs i undervisningen. Å kjenne til varierte undervisningsformer, læringsressurser og ulike vurderingsformer og å kunne ta i bruk dette, er viktige forutsetninger for å drive tilpasset opplæring i norsk tegnspråk.
Vurdering
Undervisningen i norsk tegnspråk skal trene studentene i både formativ og summativ vurdering. Det vil derfor benyttes arbeidsmåter hvor studentene øver på å vurdere hverandres arbeid. Både underveisvurderinger og sluttvurderinger vil bli vektlagt i studiet. Studentene vil dermed utvikle sin egen vurderingskompetanse og rustes til å gi egne elever læringsfremmende tilbakemeldinger og velbegrunnede sluttvurderinger.
Grunnleggende ferdigheter
Studentene skal gjøre seg kjent med Rammeverk for grunnleggende ferdigheter i tegnspråk og hvordan dette rammeverket forholder seg til det generelle rammeverket for grunnleggende ferdigheter, og de skal oppøve en evne til å oppmuntre elevene til å utvikle sine grunnleggende ferdigheter.
Digital kompetanse
Digital kompetanse er i norsk tegnspråk rettet mot både bruk som student, som framtidig lærer og i elevenes læringsarbeid. Det vil derfor bli brukt relevante digitale verktøy i alle fagets emner. Det legges vekt på å utvikle studentenes tegnspråkfaglige kompetanse i og med bruk av digitale verktøy for alle deler av læringsarbeidet. Som framtidig lærer må studenten være i stand til å benytte digitale hjelpemidler i planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeidet. Dette innebærer også å kunne velge og vurdere egnede digitale verktøy i elevenes læringsarbeid. I tillegg er oppøving i gode kildesøk og kildekritikk vesentlig. Studentene skal oppøve et kritiske og reflektert forhold til hvordan de nye digitale mediene kan brukes på en god og læringsfremmende måte i klasserommet. I tillegg legges det vekt på å oppøve et kritisk og reflektert forhold til hvordan de digitale mediene er med på å forme samfunnet og de demokratiske prosessene.
Det mangfoldige klasserommet
Klasserom i den norske skolen der tegnspråklige elever befinner seg, er preget av språklig og kulturelt mangfold. Gjennom utdanningen skal studenten tilegne seg en bred forståelse av dette mangfoldet, med særlig vekt på relasjoner mellom tegnspråkmiljøet og majoritetssamfunnet, og på mangfoldet innad i tegnspråksamfunnet. Studentene skal kunne forstå hvordan barn og unges identitet dannes og utvikles i dette flerkulturelle samfunnet, og de skal lære å drøfte brytninger i det flerspråklige og flerkulturelle samfunnet og utvikle handlingskompetanse for å møte disse i skolen. Synliggjøring av majoritets- og minoritetserfaringer er sentralt.
Yrkesretting
Tegnspråkfaget skal bidra til at studentene reflekterer over egen utvikling i yrkesutøvelsen som lærere og utvikler forståelse for hva som kreves av en profesjonell fagutøvelse i norsk tegnspråk. I tråd med dette skal tegnspråkundervisningen forberede elevene til framtidig yrkesliv og bidra til deres personlige utvikling og dannelse.
Estetiske arbeidsmåter
I arbeidet med norsk tegnspråk i undervisningen vil de estetiske sidene ved språket ha stor plass, og studentene skal gjøre seg kjent med disse sjangrene og måter de kan brukes på til å berike undervisningen i faget som helhet.
Internasjonale perspektiverStudentene skal bli kjent med at det er likheter og forskjeller mellom de ulike tegnspråkene i verden. Studentene skal også gis anledning til å reflektere over ulike måter de enkelte storsamfunn i verden hanskes med relasjonen mellom tegnspråkmiljø og storsamfunn. Døvesamfunnets transnasjonale karakter skal også være kjent og forstått for studentene. Deler av pensum i tegnspråkfaget er på engelsk.
Praksistilknytning
Studentenes fagspesifikke kompetanse tilegnes gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis. Samarbeid med praksisskole der studentene får møte undervisningssituasjoner, er av vesentlig betydning for å nå målsetningene i tegnspråkfaget.
Forskningsforankring
Studentene får tidlig erfare at det er store mangler i den forskningsbaserte kunnskapen om norsk tegnspråk, og at studentene dermed i noen grad selv må opptre som «forskere» og innhente den informasjonen om språket som de trenger for sine formål. Arbeidet med faget skal fremme studentenes selvstendighet, analytiske ferdigheter og kritiske refleksjon, slik at de som lærere kan ta i bruk ny kunnskap og videreutvikle både seg selv, sin profesjon og sin arbeidsplass etter endt utdanning. I arbeidet med FoU-oppgaven lærer studentene å sette seg inn i sentrale teorier og forskningsbidrag knyttet til et selvvalgt tema, samt å anvende dette i selvstendige analyser som kan bygge på eget datamateriale. De ansattes FoU-kompetanse trekkes også inn i undervisningen.
Psykososialt læringsmiljø
Det psykososiale læringsmiljøet fra en tegnspråklærers perspektiv er først og fremst knyttet til bevissthet om hvor grunnleggende muligheten til fri og utvungen kommunikasjon på et tilgjengelig språk er for barn og unge i skolealder. Enhver som underviser tegnspråklige elever må være seg bevisst hvor viktig dette poenget er. Tegnspråkfaget skal også være et fag der elevene på en trygg måte kan lære seg å uttrykke sine meninger og få aksept for disse, lære å lytte og bli lyttet til. Klarer læreren å skape et godt debatt- og uenighetsfellesskap i klasserommet der alle blir sett og anerkjent, vil dette fremme et godt psykososialt læringsmiljø.
Samiske forhold og rettigheter
Studentene vil lære om tegnspråksituasjonen i de samiske områdene i Norge og andre land i dag og også om hvordan samiske elever tidligere ble sendt til døveskole og assimilert i storsamfunnets døvesamfunn. De historiske utviklingstrekkene i relasjonene mellom den samiske befolkningen og storsamfunnet vil dessuten bli sammenlignet med tilsvarende utviklingstrekk i relasjonene mellom den tegnspråklige befolkningen og storsamfunnet.
Bærekraftig utvikling
Med tegnspråkfagets rolle som et sentralt identitets- og dannelsesfag i grunnskolen er det viktig at studentene lærer seg å oppmuntre elevene til refleksjon over de sentrale spørsmål som menneskene og verden for øvrig står overfor i dag, og vilkårene for en bærekraftig utvikling er et slikt sentralt spørsmål.
Praksisopplæring
Praksisopplæring er nærmere beskrevet i fagplan for praksisopplæring for trinn 5-10.
Skikkethetsvurdering
Lærerutdanningsinstitusjoner har ansvar for å vurdere om studenter er skikket for læreryrket. Løpende skikkethetsvurdering foregår gjennom hele studiet og inngår i en helhetsvurdering av studentens faglige og personlige forutsetninger for å kunne fungere som lærer. En student som utgjør en mulig fare for elevers liv, fysiske og psykiske helse, rettigheter og sikkerhet, er ikke skikket for yrket. Studenter som viser liten evne til å mestre læreryrket, skal så tidlig som mulig i utdanningen få melding om dette. De skal få råd og veiledning for å gjøre dem i stand til å oppfylle kravene om lærerskikkethet eller få råd om å avslutte utdanningen. Beslutninger om skikkethet kan fattes gjennom hele studiet.
Se høgskolens nettsted for mer informasjon om skikkethetsvurdering.
Arbeidskrav
Arbeidskrav skal være levert/utført innen fastsatt(e) frist(er). Gyldig fravær dokumentert med for eksempel sykemelding, gir ikke fritak for å innfri arbeidskrav. Studenter som på grunn av sykdom eller annen dokumentert gyldig årsak ikke leverer/utfører arbeidskrav innen fristen, kan få forlenget frist. Ny frist for å innfri arbeidskrav avtales i hvert enkelt tilfelle med den aktuelle læreren.
Arbeidskrav vurderes til ”Godkjent” eller ”Ikke godkjent”. Studenter som leverer/utfører arbeidskrav innen fristen, men som får vurderingen ”Ikke godkjent”, har anledning til to nye innleveringer/utførelser. Studenten må da selv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglærer. Studenter som ikke leverer/utfører arbeidskrav innen fristen og som ikke har dokumentert gyldig årsak, får ingen nye forsøk.
I programplanen er de fagovergripende temaene på de ulike studieårene og semestrene beskrevet. I tilknytning til disse kan det være krav til tilstedeværelse og/eller andre arbeidskrav.
Arbeidskrav omfatter også eventuelle krav om tilstedeværelse. Undervisningsformene i studiet forutsetter kontinuitet, studentaktivitet og samhandling. Det stilles krav om oppmøte på minimum 80 %. Ved fravær utover 20 %, og inntil 40 %, vil det gis en kompensatorisk oppgave eller arbeid som kan kreve oppmøteplikt. Form og omfang avtales med faglærer. Ved fravær utover 40 % vil studenten trekkes fra eksamen.
Nærmere informasjon om arbeidskrav finnes i den enkelte emneplan.
Vurderings-/eksamensformer
Nærmere informasjon om vurderings-/eksamensformer finnes i den enkelte emneplan.
Vurderingskriterier for Norsk tegnspråk 1 og 2
A, Fremragende: Viser fremragende kunnskaper og ferdigheter innenfor kompetanseområdene i norsk tegnspråk. Viser fremragende evne til refleksjon og selvstendig tenkning i forhold til læringsmål, fagets egenart og tilrettelegging av et godt læringsmiljø.
B, Meget god: Viser meget gode kunnskaper og ferdigheter innenfor kompetanseområdene i norsk tegnspråk. Viser meget god evne til refleksjon og selvstendig tenkning i forhold til læringsmål, fagets egenart og tilrettelegging av et godt læringsmiljø.
C, God: Viser gode kunnskaper og ferdigheter innenfor kompetanseområdene i norsk tegnspråk. Viser god evne til refleksjon og selvstendig tenkning i forhold til læringsmål, fagets egenart og tilrettelegging av et godt læringsmiljø.
D, Nokså god: Viser begrensede kunnskaper og ferdigheter innenfor kompetanseområdene i norsk tegnspråk. Viser begrenset evne til refleksjon og selvstendig tenkning i forhold til læringsmål, fagets egenart og tilrettelegging av et godt læringsmiljø.
E, Tilstrekkelig: Tilfredsstiller minimumskravene til kunnskaper og ferdigheter innenfor kompetanseområdene i norsk tegnspråk. Viser noe evne til refleksjon og selvstendig tenkning i forhold til læringsmål, fagets egenart og tilrettelegging av et godt læringsmiljø.
F, Ikke bestått: Har utilstrekkelig kunnskaper og ferdigheter innenfor kompetanseområdene i norsk tegnspråk. Viser dårlig evne til refleksjon og selvstendig tenkning i forhold til læringsmål, fagets egenart og tilrettelegging av et godt læringsmiljø.
Utfyllende kriterier framgår av retningslinjer som gjøres tilgjengelig ved starten av emnet.
Rettigheter og plikter ved eksamen
Studentens rettigheter og plikter framgår av forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Forskriften beskriver blant annet vilkår for ny/utsatt eksamen, klageadgang og hva som regnes som fusk ved eksamen. Studenten er selv ansvarlig for å melde seg opp til eventuell ny/utsatt eksamen.
-
Hjelpemidler ved eksamen
Deleksamen 1:
I førebuinga til eksamen er alle hjelpemiddel tillatne, men under eksamen er det ikkje tillatt med hjelpemiddel.
Deleksamen 2:
Alle hjelpemiddel tillatne.
-
Vurderingsuttrykk
I dette emnet vektlegges utvikling av studentenes egne språkferdigheter i norsk tegnspråk og deres kunnskap om tegnspråkliges historie, kultur og identitet. Kunnskap om opplæringssituasjonen for tegnspråklige elever vil stå sentralt. Undervisningen i studiet skal inspirere til å kommunisere på et nytt språk gjennom varierte læringsaktiviteter. Digitale verktøy og ulike læringsressurser brukes gjennomgående på en kritisk og reflektert måte, med klart siktemål om overføring til praksis og best mulig didaktisk tilpasning.
-
Sensorordning
Deleksamen 1:
Det blir nytta ekstern og intern sensor på den munnlege eksamenen.
Deleksamen 2:
Det blir nytta ekstern og intern sensor. Normalt er rettleiaren den interne sensoren.