EPN

LSGG6200 Lesing og skriving som grunnleggende ferdigheter 2, emne 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Literacy in Primary School, level 2, Unit 2
Studieprogram
Lesing og skriving som grunnleggende ferdigheter, trinn 1-7, nivå 2
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2019/2020
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Emne 2 gir teoretisk og didaktisk fordjuping i systematiske metodar for å vidareutvikle lese- og skrivekompetansen til elevane med vekt på dei ulike fasane i lese- og skriveprosessen. I emne 2 inngår òg vurdering av lesing og skriving, samt arbeid med førebygging og tiltak knytt til lese- og skrivevanskar. Som eksamensarbeid skal studentane gjennomføre og evaluere eit praktisk utviklingsarbeid på eigen skole. Kunnskap om og erfaring med aksjonslæring inngår derfor som ein del av studiet.

Forkunnskapskrav

x

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har kunnskap om

  • samanhengar mellom lesing og skriving
  • ulike lese- og skrivestrategiar i dei ulike fasane av lese- og skriveprosessen
  • korleis planleggings- og vurderingsverktøy kan nyttast på ein effektiv måte i lese- og skriveopplæringa i alle fag
  • korleis ein kartlegg og førebygger lese- og skrivevanskar
  • korleis ein kan leggje til rette undervisninga for dei som strevar med lesing og skriving

Ferdigheiter

Studenten kan

  • ta i bruk effektive og læringsfremjande metodar og prinsipp i lese- og skriveopplæringa
  • bruke planleggings- og vurderingsverktøy på ein effektiv måte i lese- og skriveopplæringa i alle fag
  • bruke vurdering for å fremje læring
  • sette i gang tiltak som førebygger lesevanskar og som hjelper dei elevane som strever med lesing og skriving
  • planlegge, gjennomføre og reflektere med utgangspunkt i eit FOU-arbeid med fokus på lesing og/eller skriving.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan organisere og drive tilpassa vidaregåande lese- og skriveopplæring på barnetrinnet etter fagleg grunngitte prinsipp og i samsvar med gjeldande læreplan i ein fleirkulturell skole

Innhold

Hovudemne:

  • Lese- og skrivestrategiar. Vidareutvikling av lese- og skrivekompetanse. Prosessorientert lesing og skriving
  • Vurdering av lese- og skrivekompetanse og læringsfremjande tilbakemelding
  • Kartleggingsmateriell og testar som grunnlag for tilpassa undervisning
  • Generelle og spesifikke lese- og skrivevanskar, også i andrespråksperspektiv. Førebygging og tiltak

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet er nettbasert med samlingar og går over eitt semester. Det er tre samlingar á to dagar kvart semester. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse. Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, deling av faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar skjer i nettbasert forum på LMS. Deltakarane arbeider sjølvstendig med teoretiske og didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Retten til å gå opp til eksamen føreset godkjende arbeidskrav. Det vert stilt krav til bruk av både bokmål og nynorsk som målform på arbeidskrava, om lag likt representert. Minst eitt av arbeidskrava skal danne grunnlag for kunnskapsdeling i eige kollegium. Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før eksamen kan avleggjast:

  • Prosjektbeskriving FoU. Omfang 1000-1500 ord.

  • Individuell logg etter undervisning. Målet er refleksjon over fagstoffet. Målform: valfri. Omfang: To loggar med omfang på 500 ord +/- 10 % per logg. Kommentar frå faglærarar.

  • Undervisningsopplegg som inkluderer bruk av Flipped Classroom med ein refleksjonstekst. Refleksjonsteksten skal ha eit omfang på 500 ord +/- 10 %.

Arbeidskrava vert nærare spesifisert i undervisningsplanen.

Vurdering og eksamen

LSGG6200: Lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit 2, trinn 1-7, emne 2. Individuell munnleg eksamen. Vårsemester. Karakterskala A-F.

Den avsluttande vurderinga er ein individuell munnleg eksamen. Eksaminasjonen tar utgangspunkt i ein prosjektrapport med omfang1000-1500 ord. Prosjektrapporten omhandlar eit sjølvvalt utviklingsarbeid (FoU-arbeid) som studenten skal planleggje og gjennomføre i vårsemesteret med basis i eigne erfaringar og relevant teori. I tillegg til studenten sin presentasjon, skal den munnlege eksamineringa bestå av spørsmål og/eller samtale knytt til det temaet studenten har presentert. Omfang munnleg eksamen: om lag 30 min.

Det vert nytta intern og ekstern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamensbesvarelser sensurert av intern sensor. Eventuelle markerte avvik mellom vurderinga til intern og ekstern sensor blir drøfta på samsensurmøtet. Det faglege resultatet av denne diskusjonen tar intern sensor omsyn til ved sensureringa av alle eksamensoppgåvene.

Vurderingskriterier

A: Arbeidet er ein framifrå prestasjon som klart skil seg ut. Det vitnar om særs god fagleg og fagdidaktisk kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter. Arbeidet er prega av stor grad av sjølvstendig tenking og har særs god språkleg framstilling.

B: Arbeidet er ein mykje god prestasjon som ligg over gjennomsnittet. Det vitnar om mykje god fagleg og fagdidaktisk kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter. Arbeidet er prega av sjølvstendig tenking og har mykje god språkleg framstilling.

C: Arbeidet er ein gjennomsnittleg prestasjon med innslag av sjølvstendig tenking. Det er tilfredsstillande når det gjeld fagleg og fagdidaktisk kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter, og når det gjeld språkleg framstilling.

D: Arbeidet er ein prestasjon under gjennomsnittet med manglar i fagleg og fagdidaktisk kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter, og/eller når det gjeld språkleg framstilling.

E: Arbeidet har store manglar i fagleg og fagdidaktisk kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter, og/eller når det gjeld språkleg framstilling, men tilfredsstiller noen faglege minimumskrav.

F (Ikkje godkjend): Arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til i fagleg og fagdidaktisk kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter, og/eller til språkleg framstilling.

Ny/utsett eksamen

Ny og utsett eksamen blir gjennomført på same måte som ved ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast ein omarbeidd versjon av prosjektrapporten. Ved seinare forsøk må ny prosjektrapport leverast.

Studenten sine rettar og plikter ved ny/utsett eksamen går fram av forskrift om studium og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Hjelpemidler ved eksamen

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala, A-F.

Sensorordning

Det vert nytta intern og ekstern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamensbesvarelser sensurert av intern sensor. Eventuelle markerte avvik mellom vurderinga til intern og ekstern sensor blir drøfta på samsensurmøtet. Det faglege resultatet av denne diskusjonen tar intern sensor omsyn til ved sensureringa av alle eksamensoppgåvene.