EPN

LIG6400 Litteratur- og kulturformidling 1: Historiske perspektiv Emneplan

Engelsk emnenavn
Perspectives on Literature in History
Studieprogram
Årsstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap - nettstudium
Årsstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap - nettstudium
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2019/2020
Emnehistorikk

Innledning

Emnet gjev ein introduksjon til litteratur- og kulturformidling (om lag ein tredjedel) og ei innføring i litteratur- og kulturhistorie (om lag tro tredjedelar). Emnet diskuterer kva humanistiske og litteratursosiologiske perspektiv har å seie for praksisfeltet og i bibliotek- og informasjonsvitskapen.

Studentane studerer eit utval representative tekstar frå ulike sjangrar og får trening i å formidle dei i bestemte perspektiv.

Forkunnskapskrav

Ingen forkunnskapskrav

Læringsutbytte

Kunnskaper

Studenten

  • har forståing for grunnleggjande teoretiske omgrep som litteratursosiologi, formidling og vurdering, lesing og danning 
  • tileignar seg eit overblikk over litteratur- og kulturhistorie
  • ser samanhengar mellom samfunnsendringar og lesemønster/mediebruk
  • kan sjå korleis historiske førelegg verkar i samtidskulturen

Ferdigheter

Studenten

  • kan reflektere over og diskutere nokre sentrale teoretiske omgrep innafor litteratur- og kulturformidlingsfaget. 
  • kan gjere greie for historiske tekstar i høve til deira samtid og vår eiga tid         
  • har erfaring med å formidle i bokomtaler, bokprat og utstilling.
  • har erfaring med å syntetisere eit stoff i perspektiv

Arbeids- og undervisningsformer

Innlevering av obligatoriske oppgåver. Oppgåvene blir retta og kommentert.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

6 innleveringar. Omfanget varierer med tema for oppgåva.

Alle arbeidskrav må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurdering og eksamen

Vurderingsforma er ei mappeinnlevering. Mappa skal innehalde to av arbeidskrava.

Studentar som ikkje består ordinær eksamen, må ved ny/utsatt eksamen levere ei omarbeida mappe. Viss mappa framleis ikkje er bestått må det leverast ei heilt ny mappe med nye problemstillingar.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillate.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F.

Sensorordning

Alle oppgåvene blir vurdert av intern sensor. Eit utval på 25 prosent blir vurdert av ekstern sensor.