Studieinfo emne KFKNU26200 2018 HØST
KFKNU26200 Norsk 2 for trinn 5-10, emne 2 Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Norwegian 2 for Level 5-10, Subject 2
- Studieprogram
-
Norsk 2 for ungdomstrinnet - kompetanse for kvalitet
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2018/2019
- Pensum
-
VÅR
2019
- Timeplan
- Emnehistorikk
-
Innledning
Forkunnskapskrav
Emne 2 byggjer på emne 1. Arbeidskrav og eksamen i emne 1 må vere bestått før studentar startar på emne 2.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på 5.-10. trinn kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
har utvida innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium og innsikt i korleis elevar på mellomtrinn og ungdomstrinn utviklar kunnskap om desse og kan bruke dei i eige tekstarbeid
har kunnskap om sentrale verk i norsk skjønnlitteratur frå 1900 til i dag, litteraturteori og didaktiske tilnærmingar
har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til nasjonale minoritetspråk
har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis, og om det å lære norsk som andrespråk
har kunnskap om retorikk
Ferdigheit
Studenten
kan skrive godt på nynorsk og bokmål
kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon for elevar frå 5.-10. trinn, og grunngi karakterane som vert sette
kan leggje til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med tanke på innhald og form
kan lese, analysere, tolke og vurdere tekstar (også samansette), sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn ein kulturell og offentleg samanheng
kan setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk l itteratur.
bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
kan analysere og tolke tekstar om migrasjon og sjå dei i lys av aktuelle og/eller historiske situasjonar
rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon, med retorikk eller andre faglege tilnærmingar som verktøy
Generell kompetanse
Studenten
er ein sikker munnleg språkbrukar og stødig i bokmål og nynorsk
kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing som tar den fleirkulturelle røyndomen på alvor
kan rettleie elevar i arbeid med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølv, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i samfunnet
bruke fleirspråklegheit som ressurs i undervisning
formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
kan bruke faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
kan vurdere norskfaget og eigen praksis og grunngi vurderingane
Innhold
Vidareutvikling av leseferdigheiter, -forståing, - strategiar og -motivasjon.
Arbeid med elevtekstar, skriveopplæring og vurdering
Samtidsdikting og samtidstekstar i andre sjangrar: for eksempel essay og film
Retorikk som verktøy for forståing og produksjon av skriftlege, munnlege og samansette tekstar
Arbeid med litteratur i fleirspråklege klasserom
Arbeids- og undervisningsformer
Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar og individuell oppfølging frå lærar skjer i hovudsak digitalt. I tilegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i undervisningserfaringane til deltakarane. Deltakarane arbeider med arbeidskrav i form av skriftlege oppgåver mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og arbeid med norsk i klasserommet. Studentane skal lære å vurdere elevens utvikling i dei ulike delane av norskfaget. Studentane får øving i å reflektere didaktisk om vurdeing og bruke ulike vurderingsformer.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Følgjande arbeidskrav må vere godkjente før studentane kan gå opp til eksamen i emne 2:
Eit fagnotat med analyse og vurdering av ein elevtekst. Omfang: om lag 2500 ord. Målform: bokmål.
I tillegg skal student(ane) levere ein videorespons av den aktuelle elevteksten i valfritt format. Denne skal delast med eige kollegium.
Vurdering og eksamen
Avsluttande eksamen vert gjennomført i vårsemesteret. Avsluttande eksamen i emne 2 er ei individuell skriftleg semesteroppgåve med sjølvvald problemstilling. Omfang: ca. 5000 ord. Målform: nynorsk. Eksamen vert vurdert av intern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamenssvara som er sensurerte av intern sensor. Samsensur dannar grunnlag for karaktersettinga.
Ny/utsett eksamen
Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast ein omarbeidd versjon av semesteroppgåva. Ved seinare forsøk leveres ny semesteroppgåve.
Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen går fram av Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.
Hjelpemidler ved eksamen
Vurderingsuttrykk
Det blir nytta graderte karakterar (A-F). Sjå forklaringar om graderte karakterar i den generelle delen.
Sensorordning
Eksamen vert vurdert av intern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamenssvara som er sensurerte av intern sensor. Samsensur dannar grunnlag for karaktersettinga.