EPN

JB1400 Flermedial nyhetsjournalistikk 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Multimedia News Journalism 2
Studieprogram
Bachelorstudium i journalistikk
Omfang
20.0 stp.
Studieår
2023/2024
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Studentane skal vidareutvikle kunnskapen og ferdigheitene dei tileigna seg i første semester, og skal meistre nyheitsreportasjen som sjanger ved å ta i bruk ulike medietypar som skrift, lyd og video. Studentane skal ha teoretisk kunnskap om viktige sektorar i samfunnet, som politikk og rettsvesen, og kunne arbeide journalistisk med desse. Undervisinga foregår på norsk.

Forkunnskapskrav

Studenten må ha bestått emnet JB1200 Innføring i journalistikk.

Bachelorstudiet i journalistikk har i tillegg generelle progresjonsvilkår:

Normalt må studenten ha bestått kvart studieår for å kunne halde fram i neste studieår. For å få tildelt praksisplass må studenten ha bestått første studieår. Bestått praksis er ein føresetnad for vidare studium.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • journalistikk innan rett, krim og politikk
  • offentleglova og innsyn i offentlege journalar
  • ulike nyheitssjangrar og krav til journalistspråket
  • retorikk og argumentasjon
  • krisejournalistikk
  • særtrekk ved ulike medietypar (skrift, lyd og video)

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar nyheitsreportasjen som sjanger
  • kan søke innsyn i offentlege journalar
  • har vidareutvikla dei journalistspråklege ferdigheitene sine
  • kan lage nyheiter for ulike medietypar (med skrift, lyd og video)
  • kan gjere journalistisk research på nett, mellom anna i sosiale medium

Generell kompetanse

Studenten kan

  • jobbe individuelt og i team med utvikling av journalistiske produkt
  • vurdere sitt eige og andres journalistiske arbeid ut fra kjeldekritiske, retoriske og presseetiske prinsipp
  • reflektere kritisk over journalistikk på viktige nasjonale samfunnsområde

Arbeids- og undervisningsformer

Mykje av læringa er studentaktiv. Studentane arbeider på følgande måtar:

  • Individuell pensumlesing.
  • Seminar og forelesingar i plenum.
  • Nyheitsproduksjon med skrift, lyd og video.
  • Presentasjon av gruppeprosjekt.
  • Individuell og gruppebasert oppgåveløysing med tilbakemelding i grupper.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Studentane skal i løpet av emnet gjennomføre fem obligatoriske oppgåver. Formålet med oppgåvene er å gi praktiske og teoretiske øvingar knytte til pensum og undervising for å styrke forståinga av journalistikken som profesjon. Tidsfristar for oppgåvene blir kunngjorde gjennom Canvas.

  • Arbeidskrav 1: Retorikk, gruppeoppgåve. Studentane gjer ein retorisk analyse av ein eller fleire journalistiske tekstar. Dei jobbar i grupper og presenterer analysen munnleg.
  • Arbeidskrav 2: Skriverullering, individuell oppgåve. Studentane gjennomfører praktiske skriveøvingar om nyheitsspråket og leverer kvar sin skriftlege nyheitsreportasje. Rulleringa varer i seks dagar.
  • Arbeidskrav 3: Nettrullering, individuell oppgåve. Studentane driv redaksjonen i Journalen i åtte dagar. Kvar student leverer tekstar i ulike nyheitssjangrar og skriv individuell metoderapport til ein av sakene.
  • Arbeidskrav 4: Radiorullering, individuell oppgåve. Studentane lagar ein nyheitsreportasje for radio og skriv individuell metoderapport. Heile redaksjonsgruppa planlegg og gjennomfører dessutan ei direktesending frå radiostudioet. Rulleringa varer i åtte dagar.
  • Arbeidskrav 5: Videorullering, individuell oppgåve. Studentane skriv ideskisse og lagar ein nyheitsreportasje for video, med individuell metoderapport. Dei lagar òg ein teaservideo for sosiale medium. Rulleringa varer i åtte dagar.  

Oppgåvene blir godkjende av faglærarar undervegs i emnet. Studenten må levere alle dei fem oppgåvene ved den fastlagde fristen, og minst fire av dei må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får oppgåva godkjend på første forsøk, kan levere omarbeidd versjon ein gong.

Det er obligatorisk å delta i presentasjonen av arbeidskrav 1 og på medierulleringane (arbeidskrav 2-5). For rulleringane inneber det i praksis at studenten må vere til stades i heile tidsrommet da timeplanen oppgir at det er undervising. Viss studenten ikkje deltek, blir arbeidskravet underkjent. Vi kan tilpasse kravet ved dokumentert sjukdom eller andre tvingande grunnar. I slike tilfelle kan studenten òg søke faglæraren om utsett frist på einskilde oppgåver. Studentar som ikkje leverer oppgåva innan den fristen dei har fått, mistar retten til å gå opp til eksamen.

Vurdering og eksamen

Eksamen er ein tre dagars heimeeksamen som har to delar: ei teoretisk/analytisk, pensumrelatert oppgåve (5-8 sider) og eit av arbeidskrava studenten har gjennomført i løpet av semesteret. I praktisk-journalistiske oppgåver vil omfanget variere ut fra kva medium studenten har brukt. Studenten kan forbetre arbeidskravet fram til leveringsfristen. Dei to delane blir vekta likt. Eksamenssvaret skal leverast på norsk, då emnet tek for seg norskspråkleg nyheitsjournalistikk. Andre skandinaviske språk kan bli akseptert etter søknad, men berre for den teoretiske/analytiske oppgåva. Skrifttype: Arial eller Calibri. Storleik: 12 pkt. Linjeavstand: 1,5.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne så lenge studentane følgjer reglane for kjeldetilvising.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F

Sensorordning

Alle eksamenssvara blir vurderte av to sensorar. Eit uttrekk på minst 25 prosent av svara blir i tillegg sensurerte av ekstern sensor. Karakterene på svara som er vurderte i uttrekket, skal danne grunnlag for å fastsette nivået på resten av eksamenssvara.

Emneansvarlig

Yngve Benestad Hågvar