Programplaner og emneplaner - Student
JB1400 Flermedial nyhetsjournalistikk 2 Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Multimedia News Journalism 2
- Studieprogram
-
Bachelorstudium i journalistikk
- Omfang
- 20.0 stp.
- Studieår
- 2019/2020
- Programplan
- Emnehistorikk
-
Innledning
Studentane skal vidareutvikle kunnskapen og ferdigheitene dei tileigna seg i første semester, og skal meistre nyheitsreportasjen som sjanger på ulike medieplattformar (nett, tv, radio og trykte medium). Studentane skal ha teoretisk kunnskap om viktige sektorar i samfunnet, som politikk, rettsvesen, økonomi og arbeidsliv, og kunne arbeide journalistisk med desse.
Forkunnskapskrav
Emnet JB1200 Innføring i journalistikk må vere bestått.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om
- journalistikk innan rett og krim, politikk, økonomi og arbeidsliv
- offentleglova og innsyn i offentlege journalar
- ulike nyheitssjangrar og krav til journalistspråket
- retorikk og argumentasjon
- krisejournalistikk
- særtrekk ved dei ulike medieplattformane (tv, radio, nett og trykte medium)
Ferdigheiter
Studenten
- meistrar nyheitsreportasjen som sjanger
- kan søke innsyn i offentlege journalar
- har vidareutvikla dei journalistspråklege ferdigheitene sine
- kan lage nyheiter for ulike medieplattformer (nett, radio, tv og trykte medium)
- kan gjere journalistisk research på nett og i sosiale medium
Generell kompetanse
Studenten kan
- jobbe individuelt og i team med utvikling av journalistiske produkt
- vurdere sitt eige og andres journalistiske arbeid ut fra kjeldekritiske, retoriske og presseetiske prinsipp
- reflektere kritisk over journalistikk på viktige nasjonale samfunnsområde
Arbeids- og undervisningsformer
Mykje av læringa er studentaktiv. Studentane arbeider på følgande måtar:
- Individuell pensumlesing.
- Seminar og forelesingar i plenum.
- Produksjon for nettavis, radio, tv og trykte medium.
- Presentasjon av gruppeprosjekt.
- Individuell og gruppebasert oppgåveløysing med tilbakemelding i grupper.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Studentane skal i løpet av emnet gjennomføre fem obligatoriske oppgåver. Formålet med oppgåvene er å gi praktiske og teoretiske øvingar knytte til pensum og undervising for å styrke forståinga av journalistikken som profesjon. Studentane løysar somme av oppgåvene i grupper og andre individuelt. Innhald og tidsfristar for oppgåvene blir kunngjorde gjennom Canvas.
Fire av oppgåvene er knytte til medierulleringar, der studentane produserer nyheiter for alle dei fire medieplattformene. Det er obligatorisk å delta på rulleringane. Vi gjer unntak ved dokumentert sjukdom eller andre tvingande grunnar.
Oppgåvene blir godkjende av faglærarar undervegs i emnet, og minst fire av dei fem oppgåvene må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får oppgåva godkjend på første forsøk, kan levere omarbeidd versjon ein gong.
Oppmøte på gjennomgangar av oppgåvene er obligatorisk. Ved sjukdom eller ein annan dokumentert tvingande grunn kan studenten avtale ein eigen frist med faglæraren. Viss studenten ikkje held fristen som er gitt i kursplanen, eller fristen som er avtalt med faglæraren, får studenten ikkje levere oppgåva og mistar dermed retten til å gå opp til eksamen.
Vurdering og eksamen
Eksamen er ein tre dagars heimeeksamen som har to delar: ei teoretisk/analytisk, pensumrelatert oppgåve og eit av arbeidskrava studenten har gjennomført i løpet av semesteret. Eksamenssvaret skal leverast på norsk, då emnet tek for seg norskspråkleg nyheitsjournalistikk. Andre skandinaviske språk kan bli akseptert etter søknad, men berre for den teoretisk/analytiske oppgåva. Innleveringa får ei samla vurdering. Kandidatar som ikkje består eller har gyldig fråvær ved ordinær eksamen, kan melde seg opp til ny/utsatt eksamen.
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne så lenge studentane følgjer reglane for kjeldetilvising.
Vurderingsuttrykk
The course will include lectures, exercises, discussions of read literature and oral presentations.
Sensorordning
Individual written examination with invigilation, 4 hours.
Exam questions are in English. Students may submit their exams in Norwegian, Swedish, Danish or English.
Emneansvarlig
None