Programplaner og emneplaner - Student
FK3900 Bacheloroppgave Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Bachelor's Thesis
- Studieprogram
-
Bachelorstudium: Faglærerutdanning i kroppsøving og idrettsfag
- Omfang
- 15 stp.
- Studieår
- 2023/2024
- Pensum
-
VÅR 2024
- Timeplan
- Emnehistorikk
-
Innledning
Studenten skal gjennomføre eit sjølvstendig bachelorprosjekt som er profesjonsretta. Gjennom arbeidet med prosjektet skal studenten tileigne seg spesialisert kunnskap om eit tema gjennom å utforske ei avgrensa problemstilling. Samtidig skal studenten tileigne seg kompetanse til å ha ei utviklingsorientert innstilling til arbeidet som lærar.
Forkunnskapskrav
Se opptakskrav i programplanen.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjandelæringsutbyte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om forskingsmetodar som er relevante for skulen generelt og kroppsøving spesielt
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte skulefagleg forsking, samt vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap i planlegging og gjennomføringen av eigen bacheloroppgave
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk analysere relevant forsking
- kan reflektere over etiske sider ved forskningsprosessen
Arbeids- og undervisningsformer
- Individuell rettleiing
- Sjølvstendig arbeid
- Seminardeltaking
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Følgjande arbeidskrav må være godkjent før bacheloroppgåva kan leverast inn:
- Obligatorisk deltaking og framlegg på midtvegsseminar. Individuelt framlegg av utkast til oppgåve, munnleg presentasjon på ca. 15 minutt med spørsmålsrunde.
Vurdering og eksamen
Individuell semesteroppgåve, i form av ei bacheloroppgåve, på 6600 ord +/- 10 %. Framside, innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg.
Ny/utsatt eksamen
Ny/utsatt eksamen foregår som ved ordinær eksamen. Ved ikkje bestått karakter vil det vere høve til å omarbeide oppgåva ved første ny/utsatt eksamen. Etter dette må det leverast ny oppgåve. Dersom bacheloroppgåva får bestått karakter, kan studenten ikkje levere ei forbetra oppgåve, men må eventuelt skrive ny oppgåve ved ny eksamen. Dette vil seie at hen skiftar temaområde, med ny problemstilling samt genererer nytt datamateriale. Innlevering av forbetra versjon av tidlegare oppgåve vil ikkje bli vurdert.
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillate.
Vurderingsuttrykk
Det blir brukt gradert karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått eksamen.
Sensorordning
Intern og ekstern sensor.