Emneplan forBIB2300 Bibliotek og læring

Innledning

Innhaldet i kurset er knytt til tema som læringsteori, fagdidaktikk, rettleiing, undervisning, informasjonskompetanse, utdanningsbiblioteket som pedagogisk ressurs, digitale læringsarenaer, og bibliotekaren som retteleiar og pedagog. Teoriar innan informasjonssøkeprosessen og funn frå informasjonspraksisstudiar vert brukt for å vise kva rolle bibliotekaren kan ha i ulike læringsprosessar.

Forkunnskapskrav

BIB1100, BIB1300

Læringsutbytte

Kunnskapar 

Studenten

  • har kunnskap om og forståing for bibliotekets og bibliotekaren si rolle i undervisning og læring

  • kjenner til nokre teoriar om og modellar for læring, undervisning, rettleiing og informasjonssøkepraksis 

  • forstår ulike tilnærmingar til informasjonskompetanse

  • forstår sammenhengen mellom informasjonssøking, informasjonsbruk og læring

Ferdigheiter  

Studenten 

  • kan nytte aktuelle teoriar og modellar for å forklare og reflektere over problemstillingar innan feltet

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidsformene vekslar mellom forelesningar, praktiske øvingar, blogging og sjølvstudium.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Studenten må publisere eit innlegg og ein kommentar i fagets blogg. Arbeidskrav skal vere gjennomført innan fastlagd tid, og godkjent av faglærer før studenten kan framstille seg til eksamen. Om arbeidskravet ikkje vert godkjent, skal studenten få høve til å levere ein omarbeidd versjon.

Vurdering og eksamen

Vurderingsforma er ein skriftleg, individuell 3-dagers heimeeksamen.

Kandidatar som ikkje består ordinær eksamen, kan framstille seg til ny/utsett eksamen (Jf. Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus).

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne så lenge reglar for kjeldetilvising vert følgd.

Vurderingsuttrykk

Vurderingsuttrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A til E for greidd og F for ikkje greidd.

Sensorordning

Alle oppgåvene vert vurdert av intern sensor. Eit utval på 25 prosent av svara vert trekte ut for vurdering av ekstern sensor.

Emneansvarlig

Om emnet

Engelsk emnenavn
Libraries and Learning
Studieprogram
Bachelorstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap
Studiepoeng
5.0 stp.
Studieår
2018
Pensum
pensum
Timeplan
HØST 2018