Programplaner og emneplaner - Student
BIB1400 Litteratur- og kulturformidling 1: Historiske perspektiv Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Perspectives on Literature in History
- Studieprogram
-
Bachelorstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskapÅrsstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2017/2018
- Emnehistorikk
-
Innledning
Emnet gjev ein introduksjon til litteratur- og kulturformidling (om lag ein tredjedel) og ei innføring i litteratur- og kulturhistorie (om lag to tredjedelar). Emnet diskuterer kva humanistiske og litteratursosiologiske perspektiv har å seie for praksisfeltet og i bibliotek- og informasjonsvitskapen.
Studentane studerer eit utval representative tekstar frå ulike sjangrar og får trening i å formidle dei i bestemte perspektiv.
Forkunnskapskrav
Ingen info
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har forståing for grunnleggjande teoretiske omgrep som kommunikasjon, formidling, teori, praksis, lesing og danning
- tileignar seg eit overblikk over litteratur- og kulturhistorie
- ser samanhengar mellom samfunnsendringar og lesemønster/mediebruk
- kan sjå korleis historiske førelegg verkar i samtidskulturen
Ferdigheter
Studenten
- kan reflektere over og diskutere nokre sentrale teoretiske omgrep innafor litteratur- og kulturformidlingsfaget.
- kan gjere greie for historiske tekstar i høve til deira samtid og vår eiga tid
- har erfaring med å formidle i bokomtaler, bokprat og utstilling.
- har erfaring med å syntetisere eit stoff i perspektiv
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidsformene vekslar mellom sjølvstudium, førelesingar, arbeid i seminar og kollokviegrupper. I emnet inngår eit utstillingsseminar.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Studentane skal lage ei bokutstilling og skriv ei refleksjonsoppgåve knytt til det. Studentane skal også skrive ein formidlings- eller fagtekst. Omfanget varierer med oppgåvas tema. Arbeidskrav skal være gjennomført innan fastlagt tid, og godkjent av faglærer før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurdering og eksamen
Eksamen er ein fire timars skriftleg eksamen.
Kandidatar som ikkje består ordinær eksamen, kan framstille seg til ny/utsatt eksamen.
Vurderingsuttrykk
Vurderingsuttrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A til E.
Sensorordning
Mangler info