Rock og religion: Seminar til feiring av dosent Robert W. Kvalvaag

Hendelseskalender

Rock og religion: Seminar til feiring av dosent Robert W. Kvalvaag

Dosent Robert W. Kvalvaag går no av med pensjon etter 30 år i lærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus/OsloMet. Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning og RLE-seksjonen inviterer i det høvet til eit fagseminar med temaet Rock og religion.

Date/Time

Location

OsloMet, Pilestredet 32, N010.023

Kvalvaag er ein pioner som forskar og formidlar på dette fagfeltet, med utforsking av musikk i religions- og livssynsundervisninga og ei rekke vitskaplege bøker og artiklar, blant anna Det ellevte budet: Religion og Rock and roll, Fra Moses til Marley: Om det gamle testamentets virkningshistorie og antologier om Bob Dylan. 

Til å feire han har vi invitert sentrale forskarar på fagfeltet musikk og religion.

Program

13.00-14.30:

  • Dosent Hanne Rinholm, OsloMet: «Når musikk og religion møtest i ein person: Musikalske mirakel - transcendens i estetiske og religiøse erfaringar».
  • Professor Øivind Varkøy, NMH: «Mellom Leonard Cohen og Gustav Mahler. Perspektiv på forholdet mellom musikk med og utan tekst – og religion».
  • Dosent Robert W. Kvalvaag, OsloMet: «'Set meg fri': Patti Smith og Pier Paolo Pasolini sitt Matteusevangelium som resonansoppleving»

14.30-15.00: Pause med enkel beverting 

15.00-16.00:

  • Professor Håvard Friis Nilsen (OsloMet): «The Murder of Christ: John Lennon og inspirasjonen frå Wilhelm Reich» (på zoom)
  • Professor (em.) Reidar Aasgaard, UiO: «Touched by the hand of Bob: Litt om to Roberter” (om Bob Dylan)