EPN

Literacy in Primary School, level 2 Programme description

Programme name, Norwegian
Lesing og skriving som grunnleggende ferdigheter, trinn 1-7, nivå 2
Valid from
2018 FALL
ECTS credits
30 ECTS credits
Duration
2 semesters
Schedule
Here you can find an example schedule for first year students.
Programme history

Introduction

Lesing og skriving er grunnleggjande ferdigheiter som inngår i ein meir omfattande kompetanse uttrykt gjennom omgrepet literacy. Literacy inkluderer ferdigheiter som "to identify, to understand, to interpret, to create and to communicate" (St. meld. 030, 2003-2004, s. 33). Utvikling av literacy handlar blant anna om å setje elevane i stand til å lese, forstå og tolke og til sjølv å produsere eit bredt spekter av tekstar i ulike medium; skriftleg, munnleg og digitalt.

Lesing og skriving er både norskfaglege og fleirfaglege kompetansar. Studiet Lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit, 1-7, nivå 2, legg vekt på samanhengen mellom delkompetansar, med hovudvekt på lesing og skriving. Studiet er forankra i nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanning 1.-7.trinn og i læreplanverket for grunnopplæringa, Kunnskapsløftet (LK06). Studiet tar sikte på å kvalifisere til arbeid med grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving som kommunikativ kompetanse og som reiskap for læring og utvikling. I studiet inngår praktisk arbeid med gjeldande læreplanar med vekt på å identifisere korleis ein kan arbeide med lesing og skriving for å fremje elevane sin kompetanse i fleire fag.

Det fleirkulturelle perspektivet er gjennomgåande i studiet. Det gjeld blant anna drøfting av ulike måtar å legge til rette for lese- og skrivesituasjonar i og på tvers av fag for alle elevar; majoritetsspråklege og minoritetsspråklege. Arbeidet med digitale ferdigheiter er òg sentralt i samanheng med å utvikle elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving. IKT er derfor integrert i studiet, både som eit eige emne, som reiskap i læringsprosessen til den einskilde student, i erfaringsdeling og diskusjon knytt til faglege emne, og i utforming av læringsaktivitetar for elevane.

Lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit 2, trinn 1-7 (30 studiepoeng) består av to emne á 15 studiepoeng. Emne 2 bygger på undervisinga i emne 1. Ein kan bygge vidare til 60 studiepoeng gjennom studiet Lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit 1, trinn 1-7, som òg består av to emne á 15 studiepoeng. 

Target group

Studiet er utvikla på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, med bakgrunn i Kompetanse for kvalitet - strategi for etter- og vidareutdanning 2016 - 2025. Målgruppe for studiet er lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane og som er tilsette i skolen i studieperioden.

Admission requirements

Opptakskrav til studiet er bestått lærarutdanning. Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar eller ha kontakt med en skole der det er mulig å aktivt ta del i undervisning relevant for studieprogrammet.[1] Ein kan fråvike kravet om bestått lærarutdanning dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer på, for å fullføre lærarutdanninga si.

[1] Redaksjonell endring 16.11.2017.

Learning outcomes

Læringsutbyttet går fram av den einskilde emneplan.

Content and structure

Lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit, 1-7, nivå 2, gir både ei teoretisk og fagdidaktisk fordjuping i leseforståing og vidaregåande skriveopplæring med tanke på å utvikle elevane sin lese- og skrivekompetanse i alle fag på dei einskilde faga sine premissar. Emne 1 vektlegg arbeid med tekstkulturane innanfor dei ulike fagområda i grunnskulen med særskilt vekt på læraren sin rolle som støtte i lese- og skriveprosessen. Emne 2 vektlegg teoretisk og didaktisk kunnskap om dei ulike fasane i lese- og skriveprosessen, vurdering av lese- og skrivekompetansen til elevane, og forbygging og tiltak knytt til lese- og skrivevanskar. Sjå meir utfyllande informasjon om innhaldet under kvart emne.

Optional course Spans multiple semesters

1st year of study

1. semester

2. semester

Teaching and learning methods

Studiet er nettbasert med samlingar og går over to semester. Det er tre samlingar á to dagar kvart semester. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til diskusjonar og erfaringsdeling, blant anna med utgangspunkt i eit praksisopplegg som deltakarane gjennomfører på eigen skole. Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, deling av faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar skjer i nettbasert forum på høgskolen sin LMS. Deltakarane arbeider sjølvstendig med teoretiske og didaktiske oppgåver mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet. Deltakarane arbeider i faste grupper gjennom heile studieåret. Gruppene støttar kvarandre i arbeidet, utvekslar erfaringar, kommenterer kvarandre sine innlegg og diskuterer fagleg i digitalt diskusjonsforum.

Work requirements

Arbeidskrava skal vere leverte/utførte innan fastsette fristar. Gyldig fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller anna dokumentert gyldig årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart einskilde høve må studenten avtale ny frist med læraren for å innfri arbeidskrav.

Arbeidskrav blir vurdert til "godkjent" eller "ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "ikkje godkjent", har høve til maksimum to nye innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny vurdering av arbeidskravet med faglærar.

Assessment

1. sem.: LSGG6100 Lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit 2, trinn 1-7, emne 1. Individuell skriftleg eksamen med tilsyn. Haustsemester.Karakterskala A-F.

2. sem.: LSGG6200 Lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit 2, trinn 1-7, emne 2. Individuell munnleg eksamen. Vårsemester. Karakterskala A-F.

Other information

Literacy 2 for Primary School Teachers

Vidareutdanning. Nettbasert deltidsstudium med samlingar.

Godkjend av studieutvalet 7. desember 2015

Redaksjonell endring 16.11.2017

Gjeldande frå haustsemesteret 2018

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning