EPN-V2

NORD6220 Norwegian 2 level 1-7, Subject 2 Course description

Course name in Norwegian
Norsk 2, trinn 1-7, emne 2
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2026/2027
Course history
  • Required preliminary courses

    Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 1:

    • Individuell oppgåve (2200 ord): Elevtekstanalyse på mikro- og makronivå, levert som Word-dokument. Respons frå faglærar med «spor endringar». Innlevering på høgskulens digitale læringsplattform. Målform: nynorsk. I tillegg skal studenten levere ein videorespons av den aktuelle elevteksten i valfritt format.
    • Didaktisk presentasjon i gruppe med felles notat og individuell refleksjon etter nærare retningsliner i undervisningsplanane. Målform: valfri.
  • Learning outcomes

    Avsluttande vurdering blir gjennomført i haustsemesteret, og er ein munnleg individuell eksamen med presentasjon og påfølgjande fagsamtale. Studenten får tre dagar før eksamenstidspunktet eit tema innan litteratur eller språk. Studenten skal førebu ein fagleg og didaktisk presentasjon med sjølvformulert problemstilling og val av fokus. Vurderinga vil leggje vekt på fagleg og didaktisk innhald, presentasjonsform og munnleg framstillingsevne. Etter presentasjonen trekkjer studenten eit emne innan den andre delen (litteratur eller språk), som nyttast som utgangspunkt for ein munnleg fagsamtale.

    Ny/utsett eksamen

    Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen.

    Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

  • Content

    Emne 2 byggjer på emne 1, og gjev omfattande kunnskap om utforskande arbeidsmåtar i møte med litteratur som kan utfordre elevane kognitivt og emosjonelt, og ha innverknad på korleis elevane utviklar empati, identitet og leselyst. Det utvida tekstomgrepet ligg til grunn for studiet, og studentane vil arbeide med samansette tekster i ulike medium, som bildebøker for barn, ungdom og vaksne, teikneseriar, digitale tekstar, film og musikkvideo. Studentane vil få fordjupa kunnskap om nyare barne- og ungdomslitteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa, og i omsetjing fra samisk, og om valg av litteratur og arbeidsmåtar. Vidare gjev emnet fordjupa kunnskap om arbeid med kritisk tenking og argumenterande skriving, tilpassa opplæring, språkleg mangfald og andrespråklæring, og tilrettelagt undervisning for elevar med lese- og skrivevanskar. Elevane si utvikling av multimodal literacy, leselyst og lesemotivasjon er sentral.

    • Samansette tekstar i ulike medier
    • Litteratur-, tekst- og bildeeanalyse
    • Litteraturdidaktiske tilnærmingar og litteraturteoretiske perspektiv
    • Samtidslitteratur for barn- og unge
    • Bildebøker og bildebokteori
    • Leselyst og lesemotivasjon
    • Utforskande arbeidsmåter
    • Multimodal literacy
    • Lesing av fagtekstar
    • Munnleg kommunikasjon
    • Begynnaropplæring
    • Den andre leseopplæringa
    • Vurdering og kartlegging
    • Tilpassa opplæring
    • Lese- og skrivevanskar
  • Course requirements

    Gradert karakter A-F.

    Sjå forklaringar om graderte karakterar i programplanen.

  • Assessment

    Det blir nytta intern sensor og ekstern sensor.

  • Grading scale

    Sjå programplanen.

  • Examiners

    Emne 1 gjev brei kunnskap om literacy (tekstkompetanse) generelt og elevtekstar spesielt, både når det gjeld elevane si forståing av tekst og elevane sin eigen skapande produksjon av munnlege, skriftlege og samansette tekstar. Studentane vil få fordjupa kunnskap om eldre og nyare barne- og ungdomslitteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa, på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk, og om valg av litteratur og arbeidsmåtar. I tråd med det nye læreplanverket, vil studiet vektleggje djupnelæring, tekst i kontekst og dei fagovergripande tema som folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. I undervisninga vil det bli lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter som rustar studentane til å bruke kreative og utforskande arbeidsmåtar i norskfaget.

    Faglege hovudemne

    • Norsk som identitets- og danningsfag
    • Litteratur, særleg barne- og ungdomslitteratur
    • Barnelitteraturhistorie
    • Skjønnlitterære klassikarar for barn, ungdom og vaksne
    • Adaptasjon og remediering
    • Skriving normering/valfridom og vurdering
    • Elevane si skapande tekstproduksjon
    • Språk og identitet
    • Språkhistorie
    • Språkleg variasjon og talemålskunnskap
  • Target group and admission

    Sjå programplanen.