EPN

NORD6220 Norwegian 2 level 1-7, Subject 2 Course description

Course name in Norwegian
Norsk 2, trinn 1-7, emne 2
Study programme
Norsk 2, trinn 1-7
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2018/2019
Curriculum
SPRING 2019
Schedule
Programme description
Course history

Required preliminary courses

Emne 2 ligg i vårsemesteret og har avsluttande eksamen før sommaren. Emne 2 byggjer på emne 1. Arbeidskrav og eksamen i emne 1 må vere bestått før studentar kan ta eksamen i emne 2.

Learning outcomes

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert som kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kjennskap til teoriar om lesing, særleg knytt til den andre leseopplæringa
  • har kunnskap om kva funksjonar lesing har og har hatt i kulturen vår
  • har utvida kunnskapar om munnnlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige arbeid
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har kunnskapar om språklege endringsprosessar i fortid og samtid, og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
  • har kunnskap om samtidslitteratur for barn og unge og barnelitteraturteori
  • har kunnskap om samspelet mellom tekst og bilde i bildebøker, teiknneseriar og film
  • har kunnskap om bildebokteori og bildebokanalyse
  • har kunnskap om leselyst og lesemotivasjon og tilpassa opplæring i leseopplæringa

Dugleik

Studenten

  • kan organisere og drive tilpassa leseopplæring etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kan vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • kan leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • er stødig i skriftleg bokmål og nynorsk

Content

  • Litteratur-, tekst- og bildeanalyse
  • Den andre leseopplæringaLesing av fagtekstar
  • Vurdering og kartlegging
  • Språkhistorie
  • Talemålskunnskap
  • Munnlegheit
  • Samtidslitteratur for barn- og unge
  • Bildebøker og bildebokteori
  • Litteratur, tekst- og bildeanalyse
  • Leselyst og lesemotivasjon.

Teaching and learning methods

x

Course requirements

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 2:

Adaptasjon med munnleg forteljing av klassisk verk for vaksne, tilpassa elevar på barnetrinnet. Gruppevis arbeid med adaptasjonen, som gjennomførast individuelt i eigen klasse. Opplegget skal presenterast i eige kollegium. Innlevering av adaptasjonen som Word-dokument i høgskulens digitale læringsplattform. Målform tilpassa forteljinga.

Utforming av informasjon til føresette om fagleg emne etter nærare retningslinjer i undervisningsplanane levert som Word-dokument. Omfang om lag 800 ord. Individuelt arbeid, respons og felles publisering. Målform: nynorsk.

Assessment

Vår. NORD6220 Emne 2. Skriftleg eksamen. FoU-arbeid. A-F.

Avsluttande vurdering vert gjennomført i vårsemesteret. Eksamen er skriftleg dokumentasjon av eit sjølvvalt utviklingsarbeid (FoU-arbeid) som studenten skal planleggje og gjennomføre i vårsemesteret med basis i eigne erfaringar og relevant teori. Omfang: om lag 5000 ord. Målform: bokmål. Nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Det vert nytta intern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamenssvara sensurert av intern sensor. Samsensur dannar grunnlaget for den øvrige karaktersettinga. Dato for innlevering av eksamen er i mai/juni.

Ny/utsett eksamen

Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast ein omarbeidd versjon av ordinær eksamen (sjølvvalt utviklingsarbeid). Ved seinare forsøk må nytt sjølvvalt utviklingsarbeid leverast. Det blir ikkje gitt ny rettleiing frå lærar.

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Permitted exam materials and equipment

Grading scale

Det blir nytta graderte karakterar. Sjå forklaringar om graderte karakterar i den generelle delen.

Examiners

Det vert nytta intern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamenssvara sensurert av intern sensor. Samsensur dannar grunnlaget for den øvrige karaktersettinga.