EPN

NORD6210 Norwegian 2 level 1-7, Subject 1 Course description

Course name in Norwegian
Norsk 2, trinn 1-7, emne 1
Study programme
Norsk 2, trinn 1-7
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2018/2019
Curriculum
FALL 2018
Schedule
Programme description
Course history

Introduction

Emne 1 ligg i haustsemesteret og har avsluttande munnleg eksamen før jul.  Studentane har arbeidskrav som føreset arbeid i eigne grunnskoleklassar.

Required preliminary courses

Learning outcomes

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert som kunnskap, dugleik og generell kompetanse:Kunnskap

Studenten

  • har kunnskapar om kva for funksjonar skriving har hatt og har i kulturen vår
  • har utvida kunnskapar om skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har inngåande kjennskap til teoriar om skriving og skriveopplæring, også for elevar med norsk som andrespråk
  • har kunnskap om sosiolingvistiske normeringsspørsmål i moderne norsk
  • har litteraturhistorisk oversikt, kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa
  • har kunnskap om barnelitteraturhistorie og skjønnlitterære klassikarar for barn
  • har kunnskap om skjønnlitterære klassikarar for vaksne og adaptasjon av desse for barn
  • har kunnskap om adaptasjon og remediering av klassikarar for barn, ungdom og vaksne

Dugleik

Studenten

  • kan organisere og drive tilpassa skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i skriveprosessen
  • kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan utføre litterær analyse

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget

Content

Faglege hovudemne:

  • Norsk som identitets- og danningsfag
  • Litteratur, særleg barne- og ungdomslitteratur
  • Barnelitteraturhistorie
  • Skjønnlitterære klassikarar for barn, ungdom og vaksne
  • Adaptasjon og remediering
  • Skriving, elevtekstar, normering/valfridom og vurdering
  • Språk og identitet

Teaching and learning methods

Arbeidet i kurset vil i stor grad integrere dei faglege og dei didaktiske aspekta. Det vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentane vil få variert erfaring med presentasjon, respons og fagleg refleksjon. IKT blir nytta som eit verktøy i undervisninga til eiga skriving, presentasjon og tileigning av fagstoff. Studentane vil vidare få erfaring med og innsikt i å vere digitale i norsk, mellom anna ved å vurdere, produsere og lese ulike digitale tekstar.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane.

Course requirements

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 1:

  • Individuell oppgåve (2200 ord): Elevtekstanalyse på mikro- og makronivå, levert som Word-dokument. Respons frå faglærar med «spor endringar». Innlevering på høgskulens digitale læringsplattform. Målform: nynorsk. I tillegg skal studenten levere ein videorespons av den aktuelle elevteksten i valfritt format.
  • Didaktisk presentasjon i gruppe med felles notat og individuell refleksjon etter nærare retningslinjer i undervisningsplanane. Målform: valfri.

Assessment

Haust. NORD6210 Emne 1: Munnleg eksamen. A-F.

Avsluttande vurdering vert gjennomført i haustsemesteret, og er ein munnleg individuell eksamen med presentasjon. Studenten får tre dagar før eksamenstidspunktet eit tema innan litteratur eller språk. Studenten skal førebu ein fagleg og didaktisk presentasjon med sjølvformulert problemstilling og val av fokus. Vurderinga vil leggje vekt på fagleg og didaktisk innhald, presentasjonsform og munnleg framstillingsevne. Etter presentasjonen trekkjer studenten eit emne innan den andre delen (litteratur eller språk). Munnleg høyring.

Det blir nytta intern sensor og ekstern sensor. Det blir gitt gradert karakter. Munnleg eksamen blir halden på Høgskolen i Oslo og Akershus.

Ny/utsett eksamen

Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen.

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Grading scale

Det blir nytta graderte karakterar. Sjå forklaringar om graderte karakterar i den generelle delen.

Examiners

Det blir nytta intern sensor og ekstern sensor.