Programplaner og emneplaner - Student
MOKV3400 Production for streaming and web-TV Course description
- Course name in Norwegian
- Produksjon for streaming og nett-tv
- Weight
- 15.0 ECTS
- Year of study
- 2025/2026
- Course history
-
- Curriculum
-
FALL 2025
- Schedule
-
Introduction
Alle hjelpemiddel er lov, så lenge ein følger reglar for kjeldebruk.
-
Required preliminary courses
Gradert skala A-F.
-
Learning outcomes
Det vert nytta intern og ekstern sensor ved sensurering.
-
Teaching and learning methods
Frode Nordås
-
Course requirements
Emnet vert innleia med eit intensivkurs i bruk av multimedia- og streamingverktøy som m.a. Tricaster for streaming, nett-tv og fleirkameraproduksjon. For å sikre at studentane får fagleg kontinuitet og grunnlag for å nå naudsynt tekniske ferdigheiter, er det obligatorisk deltaking ved all undervisning. Fråvær utover 20 prosent kan føre til tap av eksamensretten.
I løpet av semesteret skal studentane planlegge og gjennomføre ei praktisk produksjonsoppgåve som arbeidskrav. Produksjonen er ein medieproduksjon for nett-tv, med ein eller fleire små audiovisuelle produksjonar, og vert normalt gjort i grupper på 5-8 studentar. I tillegg skal kvar enkelt student levere eit refleksjonsnotat på 3-5 sider. Medieproduksjonen får ei felles gruppevurdering, og refleksjonsnotatet individuell vurdering. Omfanget av arbeidskravet varierer frå år til år, då arbeidskravet normalt er eit samarbeid med ein ekstern oppdragsgjevar.
Poenget med arbeidskravet er å prøve praktisk produksjon for nett-tv før eksamen, og er såleis ein førebuande produksjon til eksamen.
Arbeidskrava vert godkjende av faglæraren. Alle arbeidskrava må vere leverte innan den fastsette fristen og godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Fristar og nærmare detaljar for innlevering av arbeidskrav kjem på undervisningsplanen som vert lagt ut i starten av kvart semester.
Studentar som ikkje får godkjend arbeidskrav ved første forsøk kan levere inn omarbeidd versjon ein gong. Ved dokumentert sjukdom eller andre tungtvegande årsaker kan eigen frist avtalast med faglærar.
-
Assessment
Streamingproduksjonen skal leverast som eit større prosjektorganisert arbeid. Arbeidet skal dokumentere arbeidsprosessen til studentane - frå idé til ferdig produkt.
Avsluttande vurdering i emnet er sett saman av to eksamensdelar:
Del 1: Ein større fleirkamera-medieproduksjon for nett-tv produsert i grupper på 5-10 studentar. Det er felles gruppevurdering av medieproduktet. Omfang: ca. 10-15 minutt.
Del 2: Individuelt refleksjonsnotat med teoretisk del på 5-10 sider. Bruk fagtekstmalen i dette arbeidet. Normalt oppsett er halvannan linjeavstand, skriftstørrelse 11 eller 12 og Times New Roman, Calibri eller tilsvarande font. Litteraturliste, innhaldsliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Det individuelle refleksjonsnotatet dannar grunnlaget for justering av karakteren gitt i del 1. Karakteren kan justerast eitt trinn opp eller ned.
Klagefrist startar etter at sensur har falle på eksamensdel 2.
Alle eksamensdelar må vere bestått for at studenten skal stå på eksamen.
Studentar som ikkje består del 1 av eksamen kan som gruppe levere ein revidert versjon ein gang. Studentar som har bestått del 1, men ikkje består del 2 kan konte eksamen ved å levere del 1. på nytt saman med ein revidert del 2.
-
Permitted exam materials and equipment
Alle hjelpemiddel er lov, så lenge ein følger reglar for kjeldebruk.
-
Grading scale
Gradert skala A-F
-
Examiners
Det vert nytta intern og ekstern sensor ved sensurering.
-
Course contact person
Frode Nordås