Programplaner og emneplaner - Student
MOKV2500 Fiction Film production for web and TV Course description
- Course name in Norwegian
- Fiksjonsfilmproduksjon for nett og TV
- Weight
- 15.0 ECTS
- Year of study
- 2025/2026
- Course history
-
- Curriculum
-
SPRING 2026
- Schedule
- Programme description
-
Introduction
Fiksjonsfilmproduksjon for nett og TV er eit valfritt emne i 4. semester av bachelorstudiet i medium og kommunikasjon.
Emnet tek for seg fiksjonsfilmproduksjon, både teoretisk og praktisk, for nett og TV. Emnet har særleg vekt på forteljartekniske ferdigheiter, manusutvikling og kunnskap om produksjonsprosessen, frå ideutvikling til ferdig film.
Undervisningsspråk er norsk.
-
Required preliminary courses
For å ta dette emnet må studenten ha bestått karakter i emnet MOKV2200 Dokumentar- og nyheitsproduksjon for nett og TV eller emne som tilsvarer dette.
Bachelorstudiet i medium og kommunikasjon følger dei generelle reglane for studieprogresjon. (Sjå programplanen.)
-
Learning outcomes
Kunnskapar
Studenten har god kunnskap om
- teoriar og prinsipp for manusskriving, samt manusutvikling
- opptaksteknikk - kamera, lydopptak, lyssetting og redigering
- lyd og bilde som forteljarelement i ei audiovisuell fortelling
- prosjektarbeid med eit større prosjekt for nett og TV
Ferdigheiter
Studenten kan
- skrive og utvikle manus til korte fiksjonsfilmar
- visualisere og fortelje effektivt med lyd og levande bilde
- klippe fiksjonsfilm for nett og TV
- planlegge og produsere ein kort fiksjonsfilm frå ide til ferdig film
Generell kompetanse
Studenten kan
- ha roller som produsent, foto, regi, lyd, klipp eller manusforfattar på ein kort fiksjonsfilm eller ein web-serie
- gjere regiarbeid, både visuelt og i arbeid med skodespelarar
- lage korte fiksjonsfilmar og ein webserie for nett og TV, levert som eit prosjektorganisert arbeid
-
Teaching and learning methods
Emnet strekker seg over eitt semester og er lagt opp som forelesingar, seminar, kollokvie- og gruppearbeid, tekniske kurs og praktisk retta gruppeoppgåver. Studentane vil få ei grundig teoretisk innføring i opptaksteknikk for så å prøve ut dette i praksis.
Studentane skal utvikle og skrive manus i grupper for ein fiksjonsfilmproduksjon. I tillegg skal dei lage ein produksjonsplan. Etter gjennomgang og rettleiing av manus og produksjonsplan skal medieproduksjonen produserast i grupper på normalt 3-5 studentar. Alle grupper skal ha ein rettleiingstime før produksjonsstart for å kvalitetssikre arbeidet.
Undervisninga skjer fysisk, på campus.
-
Course requirements
Produksjon for streaming og nett-tv er eit valfritt emne i 5. semester. I emnet skal studentane arbeide med medieproduksjonar for nett-tv og utvikle praktisk-teoretisk kunnskap om streaming, einkamera- og fleirkameraproduksjon, samt multimedialitet.
Undervisningsspråk er norsk.
-
Assessment
Fiksjonsfilmproduksjonen skal leverast som eit større prosjektorganisert arbeid. Arbeidet skal dokumentere arbeidsprosessen til studentane - frå idé til ferdig produkt.
Den avsluttande vurderinga i emnet er sett saman av to eksamensdelar:
Eksamensdel 1: Gruppas fiksjonsfilmproduksjon inkludert manus og produksjonsplan. Det er ei felles gruppevurdering på eksamensdel 1. Omfanget på produksjonen er ca. 10 minutt.
Eksamensdel 2: Individuelt refleksjonsnotat med teoretisk del på 5-10 sider. Bruk fagtekstmalen i dette arbeidet. Normalt oppsett er halvannan linjeavstand, skriftstørrelse 11 eller 12 og Times New Roman, Calibri eller tilsvarande font. Litteraturliste, innhaldsliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Det individuelle refleksjonsnotatet dannar grunnlaget for justering av karakteren gitt i del 1. Karakteren kan justerast eitt trinn opp eller ned.
Klagefrist startar etter at sensur har falle på eksamensdel 2.
Alle delar av eksamen må vere bestått for at studenten skal stå på eksamen.
Studentar som ikkje består del 1 av eksamen kan som gruppe levere ein revidert versjon ein gang. Studentar som har bestått del 1, men ikkje består del 2 kan konte eksamen ved å levere del 1. på nytt saman med ein revidert del 2.
-
Permitted exam materials and equipment
Bachelorstudiet i medium og kommunikasjon følger dei generelle reglane for studieprogresjon. (Sjå programplanen.)
-
Grading scale
Etter fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har god kunnskap om
- multimedieteori og nett-tv
- forteljarteknikk for streaming og multimedia
- programproduksjon for nett med fokus på streaming og nett-tv, og levering av innhald til ulike medieplattformer
- planlegging og gjennomføring av både einkamera- og fleirkameraproduksjonar for streaming og nett-tv
Ferdigheiter
Studenten kan
- utvikle, planlegge og gjennomføre nye konsept for streaming og nett
- gjennomføre enkel einkamera-streaming for nett
- bruke utstyr for streaming av fleirkameraproduksjonar
Generell kompetanse
Studenten kan
- planlegge og reflektere rundt utfordringar ved streaming og fleirkamera- medieproduksjon for streaming og nett-tv
- produsere ein større fleirkamera-medieproduksjon for nett-tv av eit event, program, konsert, show eller liknande som òg vert streama, frå idé til ferdig produkt
- produsere i grupper for ein definert ekstern eller intern oppdragsgjevar
-
Examiners
Emnet strekker seg over eitt semester og er lagt opp som forelesingar, seminarer, kollokvie- og gruppearbeid, tekniske kurs og praktisk retta gruppeoppgåver. Emnet krev aktiv deltaking.
Studentane skal i løpet av kurset gjere ein større fleirkamera- medieproduksjon for nett-tv som vert streama live, gjerne for ein definert ekstern eller intern oppdragsgjevar. Arbeidet vert gjennomført som eit gruppearbeid på 5-10 studentar og skal leverast som ein del av eksamen (sjå vurdering). Studentane får rettleiing av emneansvarleg.
Undervisninga skjer fysisk, på campus.
-
Course contact person
Emnet vert innleia med eit intensivkurs i bruk av multimedia- og streamingverktøy som m.a. Tricaster for streaming, nett-tv og fleirkameraproduksjon. For å sikre at studentane får fagleg kontinuitet og grunnlag for å nå naudsynt tekniske ferdigheiter, er det obligatorisk deltaking ved all undervisning. Fråvær utover 20 prosent kan føre til tap av eksamensretten.
I løpet av semesteret skal studentane planlegge og gjennomføre ei praktisk produksjonsoppgåve som arbeidskrav. Produksjonen er ein medieproduksjon for nett-tv, med ein eller fleire små audiovisuelle produksjonar, og vert normalt gjort i grupper på 5-8 studentar. I tillegg skal kvar enkelt student levere eit refleksjonsnotat på 3-5 sider. Medieproduksjonen får ei felles gruppevurdering, og refleksjonsnotatet individuell vurdering. Omfanget av arbeidskravet varierer frå år til år, då arbeidskravet normalt er eit samarbeid med ein ekstern oppdragsgjevar.
Poenget med arbeidskravet er å prøve praktisk produksjon for nett-tv før eksamen, og er såleis ein førebuande produksjon til eksamen.
Arbeidskrava vert godkjende av faglæraren. Alle arbeidskrava må vere leverte innan den fastsette fristen og godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Fristar og nærmare detaljar for innlevering av arbeidskrav kjem på undervisningsplanen som vert lagt ut i starten av kvart semester.
Studentar som ikkje får godkjend arbeidskrav ved første forsøk kan levere inn omarbeidd versjon ein gong. Ved dokumentert sjukdom eller andre tungtvegande årsaker kan eigen frist avtalast med faglærar.