EPN-V2

M5GNO1200 Norwegian, Subject 2 Course description

Course name in Norwegian
Norsk, emne 2
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2019/2020
Course history
Curriculum
FALL 2019
Schedule
  • Required preliminary courses

    Ingen.

  • Learning outcomes

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit utval skjønnlitterære tekstar, på nynorsk og bokmål, og i Norden, i ulike sjangrar og medium, for barn, unge og vaksne
    • har omfattande kunnskap om lesing og om kva rolle fiksjonstekstar har i tekstopplæringa
    • har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
    • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
    • har kunnskap om sentrale omsette barne- og ungdomsbøker på norsk
    • har kunnskap om samisk litteratur og kultur

    Ferdigheter

    Studenten

    • kan bruke kunnskap om litteratur i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
    • kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og samtale om fiksjonstekstar i ulike sjangrar og medium
    • kan kartlegge og vurdere leseferdigheiter og gi læringsfremjande respons
    • kan legge til rette for at elevar får lese og skrive fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
    • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
    • kan grunngje kvifor fiksjonstekstar utgjer ein viktig del av tekstopplæringa

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val
    • kan formidle fagstoff om fiksjon i relevante uttrykksformer
  • Content

    Emne 2 tar føre seg det særskilde ved fiksjonstekstar og grunngivingar for at lesing av fiksjonstekstar er sentral i norskopplæringa. Elevar omgir seg med eit mangfald av fiksjonstekstar gjennom bruk av ulike medium fordi desse tilbyr oppleving. Eit didaktisk mål i undervisningssamanheng er å styrke elevane si fiksjonsforståing ved å utvikle deira tolkande, analytiske og kritiske haldning. Ei slik haldning øver opp kontekstmedvit og retorisk medvit.

    • Lesestrategiar og teoriar om lesing
    • Barnelitteratur, ungdomslitteratur og litteratur for vaksne
    • Litterære sjangrar: epikk, drama og lyrikk
    • Litteraturhistorie og kanon
    • Skjønnlitteratur i nordisk perspektiv
    • Litteraturteori og litteraturdidaktikk
  • Teaching and learning methods

    Sjå fagplanen.

  • Course requirements

    Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.

    • Mappeskriving: Fire tekstar knytt til arbeid med fiksjon. Individuelt.Respons med bruk av digitale verktøy. Målet er oppøving i lesing av, skriving om og vurdering av skjønnlitterære tekstar, og erfaring med mappe som vurderingsform. Målform: nynorsk. Omfang for kvart arbeidskrav: Frå 800 til 3000 ord. Sjå nærare instruksar i Mappeskrivdokumentet.
    • Individuell framføring av munnleg forteljing. Målet er å kunne fortelje utan manus og formidle tradisjonsstoff til medstudentar og elevar. Omfang: ca. 5 minutt per student.
  • Assessment

    Individuell mappeeksamen. Vurdering av mappe med tre tekstar valt frå arbeidsmappe (sjå avsnittet

    Arbeidskrav over) valt av studentane, samt refleksjonsnotat.

    Omfang på mappa: 5 000 ord +/- 10 %, inkludert refleksjonsnotat på 1000 ord +/- 10 %.

    Målform: nynorsk.

    Ved ikkje bestått karakter leverer studenten inn reviderte tekstar med utgangspunkt i opphavleg arbeidsmappe innan fastsett frist. Det blir ikkje gitt ny rettleiing frå faglærar.

  • Permitted exam materials and equipment

    Alle hjelpemiddel tillatne.

  • Grading scale

    Det blir nytta ein karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

  • Examiners

    Det blir nytta intern og ekstern sensor.