EPN-V2

JB1620 The News Journalist at Work - Internal Practice Course description

Course name in Norwegian
Nyhetsjournalisten i arbeid - intern praksis
Weight
10.0 ECTS
Year of study
2025/2026
Course history
  • Introduction

    Undervisninga vekslar mellom plenumsforelesingar og meir studentaktive undervisningsformer i større eller mindre grupper. Prosessorientert skriving står sentralt, der studentane diskuterer tekstutkast i responsgrupper og forbetrar tekstane sine etterpå. I tillegg les studentane pensum individuelt.

    Undervisninga føregår fysisk, på campus.

  • Required preliminary courses

    Det er obligatorisk å delta på minst 80 prosent av forelesingane. Ved fråvær over 20 prosent mistar studenten eksamensretten. I enkelte tilfelle kan faglæraren gjere ei individuell vurdering av om ein kompensasjon er mogleg.

    For å kunne ta eksamen må studenten i tillegg ha gjennomført og fått godkjent desse arbeidskrava:

    • Arbeidskrav 1 er eit obligatorisk heildagsseminar der studentane skal skrive individuelle kommentarartiklar. Dei jobbar prosessorientert og diskuterer tekstutkast i responsgrupper. Samla tekstlengde er om lag to sider. Formålet er å utvikle evna til å argumentere sakleg og overtydande, og å trene på kommentaren som sjanger.

    • Arbeidskrav 2 er eit obligatorisk todagarsseminar der studentane skal analysere og diskutere normer for godt nyheitsspråk, og øve seg på å redigere ein nyheitstekst. Dei jobbar både individuelt og i grupper. Samla tekstlengde er to til fem sider. Formålet er å bli medviten om dei ulike aspekta ved godt språk, og å trene på nyheitsartikkelen som sjanger.

    • Arbeidskrav 3 er ei gruppeoppgåve der studentane gjer ein retorisk analyse av argumentasjon i journalistikken. Studentane jobbar i små grupper og presenterer analysen munnleg for ei større studentgruppe (varigheit 10-20 min). Formålet er å bli medviten om korleis journalistikken kan setje fram indirekte påstandar, og kva for etiske problemstillingar dette fører med seg.

    Det er obligatorisk å delta på heildagsseminara (arbeidskrav 1 og 2) og på gruppepresentasjonen av arbeidskrav 3. Fråvær kan føre til at studenten mistar eksamensretten.

    Formålet med arbeidskrava og obligatorisk aktivitet er å sikre at studentane oppnår læringsutbyte.

    Alle arbeidskrava må være gjennomførde og godkjende innan dei fastlagde fristane for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Dersom eit arbeidskrav ikkje blir godkjent, kan studenten levere ein forbetra versjon éin gong innan ein gitt frist.

    Studentane skal levere arbeidskrava på norsk, da emnet er eit norskfagleg ferdigheitsfag.

  • Learning outcomes

    Eksamen i emnet er ein 6 timars skriftleg skuleeksamen.

  • Teaching and learning methods

    Ingen hjelpemiddel er tillatne.

  • Course requirements

    Gradert skala A - F

  • Assessment

    Eksamenssvara blir vurderte av intern eller ekstern sensor. Eit utdrag på 25 prosent av svara blir sensurerte av to sensorar. Karakterane på desse samsensurerte svara skal danne grunnlag for å fastsetje nivået på resten av svara.

  • Permitted exam materials and equipment

    Alle hjelpemidler er tillatt så lenge regler for kildehenvisning følges.

  • Grading scale

    Bestått / ikke bestått

  • Examiners

    Det benyttes intern og ekstern sensor til sensurering av besvarelsene.

    Et uttrekk på minst 25 % av besvarelsene sensureres av to sensorer. Karakterene på disse samsensurerte besvarelsene skal danne grunnlag for å fastsette nivå på resten av besvarelsene.