Studyinfo subject GLSM6200 2018 HØST
GLSM6200 Assessment and Customized Training in Mathematics and Norwegian Course description
- Course name in Norwegian
- Vurdering og tilpasset opplæring i matematikk og norsk
- Study programme
-
Grunnleggende lese- skrive- og matematikkopplæring
- Weight
- 15.0 ECTS
- Year of study
- 2018/2019
- Schedule
- Programme description
- Course history
-
Introduction
Det faglege innhaldet i emne 2 er delt inn i 5 studiepoeng i norsk og 10 studiepoeng i matematikk.
Required preliminary courses
Opptak til studiet.
Learning outcomes
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte i faget definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har
- inngåande undervisningskunnskap om matematikken elevane arbeider med på 1.-4. trinn, særleg addisjon og subtraksjon, geometri og måling
- kunnskap om sentrale trekk ved elevars utvikling av matematisk kunnskap på ulike alderstrinn både ut frå teori og forsking, mellom anna kunnskap om elevar med spesielle vanskar i faget
- har kunnskap om lese- og skriveopplæring i ein mangfaldig skule
Ferdigheiter
Studenten kan
- planleggje, gjennomføre og vurdere matematikk- og norskundervisning for alle elevar på trinn 1-4 med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
- bruke og vurdere kartleggingsprøver, diagnostiske prøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar, og kan ut frå resultata tilpasse opplæringa til elevanes ulike behov
- vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa, for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
- vurdere ulike typar norsk- og matematikkfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyttet til elevane
- kunnskap om kva for utfordringar og moglegheiter skulen står overfor når det gjeld elevar med særskilte behov for tilrettelagt opplæring
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i matematikkfagets rolle innafor andre fag og i samfunnet elles
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- forstår samanhengar mellom relevant forsking og moglegheiter i pedagogisk praksis
Teaching and learning methods
Course requirements
Retten til å ta eksamen føreset godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar.
Arbeidskrav
Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan ta eksamen i emne 2 (første studieår):
- Skriftleg gruppeoppgåve med munnleg presentasjon om tilpassa opplæring i norsk og matematikk etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Omfang om lag 10 sider.
- Matematikk: Individuell arbeidsmappe. Studentane leverer tre mappearbeid knytt til fagemna i matematikk etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Studentane utfører eit av desse mappearbeida i gruppe. Mappene skal leverast til faglærar, som gjev tilbakemelding til studenten. Omfang om lag seks sider kvar. Den munnlege eksamineringa i 2. studieår tar utgangspunkt i arbeidsmappa i matematikk, som inneheld tekstar studentane har arbeidd med i løpet av heile studiet, både 1. og 2. studieår.
- Norsk: Kunnskapsprøve i nynorsk formverk. Presentasjon med vurdering av læremiddel, munnleg og skriftleg, etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen.
Faglege aktivitetar med krav om deltaking
- Deltaking på munnleg presentasjon av fleirfagleg gruppeoppgåve og å gje vurdering til ei anna studentgruppe. Det er ikkje høve til fråvær. Det blir gitt ei moglegheit til å gjere arbeidskravet seinare; studenten har sjølv ansvar for å avtale dette med faglærar. Manglande frammøte og deltaking på munnleg framlegg kan føre til at studenten ikkje får avleggje eksamen i emne 2.
- Deltaking på presentasjon med vurdering av læremiddel. Det er ikkje høve til fråvær. Det blir gitt ei moglegheit til å gjere arbeidskravet seinare; studenten har sjølv ansvar for å avtale dette med faglærar. Manglande frammøte og deltaking på munnlege framlegg kan føre til at studenten ikkje får avleggje eksamen i emne 2.
Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking.
Assessment
Avsluttande vurdering gjennomførast i vårsemestret. Eksamen er ein individuell heimeeksamen over to veker om tilpassa opplæring i norsk og matematikk. Omfanget på oppgåva skal vere på 5000 ord.
Permitted exam materials and equipment
Grading scale
Gradert skala A-F
Examiners
Det blir nytta to interne sensorar.