Programplaner og emneplaner - Student
G5MUS3200 Music, 5-10 Grade, Module 4 Course description
- Course name in Norwegian
- MUS Emne 4 - grunnskolelærer 5-10 trinn
- Weight
- 15.0 ECTS
- Year of study
- 2017/2018
- Course history
-
-
Introduction
Arbeidet i kurset vil i stor grad integrere dei faglege og dei didaktiske aspekta. Det vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid. Arbeidskrava blir i nokon grad knytte opp mot observasjon og erfaringar i praksis. Studentane vil få variert erfaring med presentasjon, respons og fagleg refleksjon. Utvikling mot lærarprofesjonen og dei ulike arenaene i yrket vil vere aktuelt, t.d. tekstar retta både mot elevar, kollegaer og føresette. IKT blir nytta som eit verktøy i undervisninga til eiga skriving, presentasjon og tileigning av fagstoff. Studentane vil vidare få erfaring med og innsikt i å vere digital i norsk, mellom anna ved å vurdere, produsere og lese ulike digitale tekstar.
Fagovergripande perspektiv
I Norsk 2 vil ein jobbe mot arbeidet som framtidig klasselærar og teamlærar ved å nytte varierte metodar og tilnærmingar i undervisning og eige arbeid. Heile faget er profesjonsinnretta med fokus på forskingsbasert teori, læreplanforankring og didaktikk. Faget gir djupare innføring i dei grunnleggjande ferdigheitene, med særleg vekt på skriving, lesing, digital kompetanse og munnlegheit. Vurderingskompetanse og respons står sentralt, både retta mot elevar og medstudentar. Norskfaget har den fleirkulturelle, samansette barneskolen som fokus, der kjønns- og likestillingsperspektiv også blir vektlagt.
Fleirfagleg arbeid
I haustsemesteret i tredje studieår dreier det fleirfaglege arbeidet seg om berekraftig utvikling, miljøetikk og livsstil. Utgangspunktet er lokale og globale ressurs- og miljøutfordringar som vi står overfor i dag. Entreprenørielle arbeidsmåtar er ein del av dette fleirfaglege emnet.
I vårsemesteret i tredje studieår dreier det fleirfaglege arbeidet seg om mangfald og inkludering i skolen. Utgangspunktet er eit breitt mangfaldsomgrep som omfattar språk, livssyn, kjønn og kultur. Eit viktig mål med dette fleirfaglege arbeidet er å gjere studentane i stand til å sjå og bruke mangfaldet i skolen som ein ressurs.
For å kunne gå opp til avsluttande eksamen i faga i fjerde studieår, er det krav om deltaking på den obligatoriske profesjonsrekka «Like før¿». Profesjonsrekka blir gjennomført på fellestida til studentane eller på tidspunkt utover tider for fagstudia. Innhald og fokus vil kunne variere fra år til år, og blir gjort kjent på årsplanen til studentane.
Praksisopplæring
Praksisopplæringa i grunnskolelærarutdanningane er rettleidd og går over fire studieår. For nærare informasjon om praksisopplæringa, sjå plan for praksisopplæring i grunnskolelærarutdanninga 1.-7. trinn. For å sikre progresjon i praksisopplæringa er det beskrive profesjonstemaer for dei ulike studieåra. Vidareutdanningsstudentar har ikkje veileda praksis, men kan ha praksisrelaterte arbeidskrav.
Desse profesjonstema er innhald i praksisopplæringa i det tredje studieåret
- Lærarens samfunnsmandat: lover, forskrifter og læreplanar.
- Klasseleiing - elevanes deltaking.
- Lokalt utviklingsarbeid.
- Samarbeid med aktørar i og utanfor skolen.
- Overgangar elevane møter i utdanningsløpet.
- Handle og begrunne ut frå profesjonsetiske krav og utfordringar.
- Skolens rolle i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn .
Internasjonalisering
Til noen av fagstudia er det høve til utanlandsopphald i 3 månader i sjette semester som rommar både praksis, bachelor og fordjupingsoppgåve i valt fag. Nærare oversikt over reisemål, søknadsrutinar og førebuing og alternativ fordjupingsoppgåve finst på nettsidene.
-
Required preliminary courses
Eksamen Haust (15 studiepoeng). Kode: G1NOR3100
Skriftleg individuell samansett heimeeksamen i bokmål og nynorsk. Studenten får ei todelt oppgåve, éi knytt til litteratur, éi til språk. Studenten skal nytte éi målform på kvar oppgåve, og vel sjølv fordelinga mellom bokmål og nynorsk. Innlevering 9 dagar etter oppgåva er gitt, inga rettleiing frå faglærar i perioden. Omfanget på dei to delane skal vere ca. 1200 ord på kvar, totalt ca. 2400 ord. Det blir nytta to interne sensorar og ekstern sensor. Det blir gitt gradert karakter.
Vår (15 studiepoeng). Kode: G1NOR3200
Munnleg individuell eksamen med presentasjon. Studenten får tre dagar før eksamenstidspunktet eit tema innan anten litteratur eller språk. Studenten skal førebu ein fagleg og didaktisk presentasjon med sjølvformulert problemstilling og val av fokus. I vurderinga vil ein vektleggje fagleg og didaktisk innhald, presentasjonsform og munnleg framstillingsevne. For studentar som har hatt utanlandspraksis blir fordjupingsoppgåva ein del av grunnlaget for presentasjonsdelen. Etter presentasjonen trekkjer studenten eit emne innan den andre delen (litteratur eller språk). Munnleg høyring. Det blir nytta intern sensor og ekstern sensor. Det blir gitt gradert karakter.
Samla karakter i faget blir sett ut frå karakterane på individuell skriftleg heimeeksamen og individuell munnleg eksamen med presentasjon. Vekting 50:50.
Vurderingskriterium
- A: Framifrå: Arbeidet er ein framifrå prestasjon som klart utmerkjer seg. Det vitnar om svært god fagkunnskap, stor grad av sjølvstendig tenking og har svært godt språk, munnleg og skriftleg. Arbeidet viser svært høgt fagleg refleksjonsnivå rundt problemstillingar knytte til norskopplæring på barnetrinnet.
- B: Mykje god: Arbeidet er ein mykje god prestasjon som ligg over gjennomsnittet. Det vitnar om mykje god fagkunnskap, sjølvstendig tenking og har mykje godt språk, munnleg og skriftleg. Arbeidet viser høgt fagleg refleksjonsnivå rundt problemstillingar knytte til norskopplæring på barnetrinnet.
- C: God: Arbeidet er ein jamt god prestasjon som har innslag av sjølvstendig tenking og er tilfredsstillande når det gjeld fagkunnskap og språk, munnleg og skriftleg. Arbeidet viser eit godt fagleg refleksjonsnivå rundt problemstillingar knytte til norskopplæring på barnetrinnet.
- D: Nokså god: Arbeidet har manglar i fagkunnskap og språk, munnleg og skriftleg. Arbeidet viser avgrensa fagleg refleksjon rundt problemstillingar knytte til norskopplæring på barnetrinnet.
- E: Tilstrekkeleg: Arbeidet har klare manglar i fagkunnskap og språk, munnleg og skriftleg, men tilfredsstiller minimumskrava. Arbeidet viser svært avgrensa fagleg refleksjon rundt problemstillingar knytte til norskopplæring på barnetrinnet.
- F: Ikkje bestått: Arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til fagkunnskap eller språk, munnleg og skriftleg. Det manglar fagleg refleksjon rundt problemstillingar knytte til norskopplæring på barnetrinnet.
Ny/utsett eksamen blir gjennomført innan rimeleg tid etter ordinær eksamen.
Vilkåra for å gå opp til ny/utsett eksamen er handsama i forskrift om studium og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studentar er sjølv ansvarlege for å melde seg opp til ny/utsett eksamen.
-
Learning outcomes
Sjå under vurdering/eksamen.
-
Teaching and learning methods
Sjå under vurdering/eksamen.
-
Course requirements
Følgende arbeidskrav må være godkjent før eksamen i emne 4 kan avlegges:
- Innlevering av tre arrangeringsoppgaver og godkjent arbeidskravprøve i arrangering. Arrangeringsprøven har et omfang på to timer.
- Arbeidskravprøve i kor- og ensembleledelse. Varighet: maks. ti minutter.
- Skolekonsertprosjekt. Tidsramme for konserten: 35 minutter.
- Muntlig framlegg i grupper på fire til fem studenter knyttet til fordypningstema i musikkorientering. Varighet: ca. 30 minutter.
Arbeidskrav skal være levert/utført innen fastsatt(e) frist(er). Gyldig fravær dokumentert med for eksempel sykemelding gir ikke fritak for å innfri arbeidskrav. Studenter som på grunn av sykdom eller annen dokumentert gyldig årsak ikke leverer/utfører arbeidskrav innen fristen, kan få forlenget frist. Ny frist for å innfri arbeidskrav avtales i hvert enkelt tilfelle med den aktuelle læreren.
Arbeidskrav vurderes til -godkjent- eller -ikke godkjent-. Studenter som leverer/utfører arbeidskrav innen fristen, men som får vurderingen -ikke godkjent-, har anledning til maksimum én ny innlevering/utførelse. Studenter må da selv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglærer.
Faglig aktivitet med krav om deltakelse
Det er obligatorisk frammøte (minimum 80 prosent tilstedeværelse) i følgende emner:
- Spill på hovedinstrument.
- Metodiske emner inkludert klassesang og digital kompetanse.
- Arrangering (dersom ikke annet er avtalt).
- Kor- og ensembleledelse.
- Skolekonsertprosjekt.
Det vil normalt ikke gis fritak fra framføringer.
Manglende deltakelse i faglige aktiviteter nevnt over medfører at studenten ikke får avlegge eksamen. Sykdom fritar ikke for kravet om deltakelse. Kravet om deltakelse er knyttet til at læringen foregår i timene gjennom praktiske arbeidsmåter som musisering, komponering, sang, bevegelsesaktivitet, kor og lytting. Læringen er her avhengig av at studentene møter opp og deltar aktivt i undervisningen.
-
Assessment
Eksterne søkjarar må ha bestått lærarutdanning som kvalifiserer for arbeid i skolen. I tillegg er det krav om bestått Norsk 1 (30 studiepoeng) i grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn (ev. Norsk 1 frå allmennlærerutdanninga).
-
Grading scale
Faglege hovudemne
- Norsk som identitets- og danningsfag.
- Litteratur, særleg barne- og ungdomslitteratur.
- Litteratur-, tekst- og biletanalyse.
- Lesing og skriving.
- Vurdering og kartlegging.
- Språkhistorie.
- Språkkunnskap.
- Munnlegheit.
-
Examiners
Det benyttes intern og ekstern sensor.
-
Target group and admission
Målgruppe
Faget er en del av studietilbudet for studenter ved grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn. I tillegg til dette kan også lærere som ønsker videreutdanning søke på studiet.
Opptakskrav
Faget er tilgjengelig som valgfag for aktive studenter ved grunnskolelærerutdanningen og lærerutdanning for tospråklige lærere på HiOA, i tråd med utdanningenes programplaner. Særskilt opptak til Musikk 2 krever fullført Musikk 1 eller tilsvarende. Interne søkere som ønsker å ta Musikk 1 og 2 parallelt over ett år, kan søke om særskilt opptak.
For eksterne søkere kreves bestått lærerutdanning som kvalifiserer for arbeid i skolen.
Søkere som Utdanningsdirektoratet har vurdert til å ha lærerutdanning fra utlandet, men som mangler fag/studiepoeng for å bli godkjent lærer i norsk grunnopplæring, kan også søke. Slike søkere må i tillegg oppfylle kravet til generell studiekompetanse.