EPN-V2

G1NOR1200 Norwegian 1 Course description

Course name in Norwegian
Norsk 1
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2016/2017
Course history
  • Learning outcomes

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om lese- og skriveteoriar med særleg vekt på vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter
    • har kunnskap om lese- og skrivestrategiar
    • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring
    • har kunnskap om lese- og skriveopplæring i ein andrespråkssituasjon
    • kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
    • har gode kunnskapar om skjønnlitteratur og sakprosa for barn og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
    • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
    • har kunnskap om litteratur i eit fleirkulturelt samfunn
    • har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot ungdom
    • har innsikt i hovuddraga i norsk barnelitteratur og kjennskap til nokre sentrale verk
    • kjenner til korleis barn utviklar seg som lesarar frå dei er små og gjennom heile grunnskolen
    • har kunnskap om kvifor og korleis tekstar kan fascinere og forføre oss
    • har kunnskap om lesing som ein refleksiv og metaspråkleg utviklingsprosess
    • kjenner til korleis litteraturen både kan invitere lesaren inn i ei anna verd og gjere lesaren meir kjent med seg sjølv
    • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag

    Ferdigheiter

    Studenten

    • kan planlegge, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn og grunngi faglege val
    • kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa, for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk, for elevar som skriv bokmål og elevar som skriv nynorsk
    • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
    • kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
    • kan kartlegge lese- og skriveferdigheiter, sette i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
    • kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
    • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
    • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og vurdere digitale, samansette tekstar
    • kan reflektere over tekstars kvalitet og bruksområde og legge til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
    • kan analysere og tolke ulike typar tekstar
    • kan formidle litteratur på varierte måtar, både munnleg og skriftleg, til dømes ved hjelp av digitale verktøy, filmatiserte og dramatiserte versjonar av litterære verk
    • kan legge til rette for møte med tekstar på dansk og svensk, både munnlege og skriftlege, og samiske og utanlandske tekstar i omsetjing
    • kan stimulere den estetiske sansen til elevane

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
    • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
    • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
    • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
    • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
    • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • Content

    Vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter og munnlege ferdigheiter

    • Sakprosa med vekt på læreboktekstar
    • Prosessorientert skriving og skrivemappe
    • Samansette tekstar, skjermtekstar
    • Skriftspråkutvikling, elevtekstanalyse (forteljing og sakprosa) og vurdering av elevtekst
    • Kartlegging som grunnlag for tilpassa vidaregåande lese- og skriveopplæring
    • IKT som reiskap i norskfaget, mellom anna bruk av digitale mapper i skriveprosessar, elektronisk respons på tekstar, biletbehandling og nettbaserte verktøy
    • Retorikk
    • Arbeid med munnlege ferdigheiter skolen, til dømes samtale, høgtlesing, forteljing, presentasjon og diskusjon

    Litteratur og litterær danning

    • Barnelitteratur: rim og regler, dikt for barn, biletbøker, romanar, noveller og forteljingar frå fortid og nåtid på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk og andre språk
    • Sakprosatekstar for barn
    • Filmatiserte, digitaliserte og dramatiserte tekstar
    • Eventyr, segner og mytar (nordiske, samiske og ikkje-nordiske)
  • Course requirements

    Følgjande arbeidskrav og faglege aktivitetar med krav om deltaking må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen:

    Arbeidskrav

    Individuelle arbeidskrav:

    • Innlevering av fagtekstar knytte til fagemna i norsk i digital arbeidsmappe på LMS etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Nokre av tekstane blir påbegynte i haustsemesteret. Målform: nynorsk. Studentane vil få respons frå lærar og/eller medstudent(ar) på nokre av tekstane. I tilbakemeldinga til medstudentar skal studentane prøve ut ulike hjelpemiddel/funksjonar i tekstbehandlar.
    • Obligatorisk deltaking i leseprosjekt knytt til det skjønnlitterære barne- og ungdomspensumet, litteraturteori og ¿didaktikk. Arbeidsoppgåver og innlevering av arbeid etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Målform: nynorsk

    Gruppearbeid:

    • Munnleg forteljing (eventyr og forteljingar i eit interkulturelt perspektiv) knytt til arbeid med stemmebruk. Gruppene skal vurdere kvarandre og utvikle og bruke vurderingsskjema med kriterium for framføringa.
    • Munnleg framlegg om lesestrategiar og sakprosa for barn. Framføringa skal dokumentere innsikt i og bruk av retoriske virkemiddel. Gruppene skal vurdere kvarandre og utvikle og bruke vurderingsskjema med kriterium for framføringa.
    • Planlegging og gjennomføring av undervisningsopplegg med fokus på språk og læring. Fagleg og didaktisk grunngjeving er ein sentral del av arbeidet. Skriftleg målform: valfri.
    • Ei biletbok (ein samansett tekst, digital eller analog). Målform: valfri.

    Faglege aktivitetar med krav om deltaking

    • Deltaking i arbeidet med respons på mappetekstane.
    • Frammøte og deltaking i alle arbeidskrav og faglige aktivitetar med krav om deltaking (sjå Individuelle arbeidskrav og gruppearbeid over).

    Manglande frammøte og deltaking i obligatorisk undervising i samband med norskfaglege arbeidskrav, og/eller manglande eller ikkje-godkjente norskfaglege arbeidskrav, fører til at studenten ikkje får høve til å gå opp til norskeksamen. Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking. For å få høve til å ta eksamen blir det kravd minimum 80 prosent deltaking.

    Sjå meir om arbeidskrav og faglege aktivitetar med krav om deltaking i fagplandelen på side 4-5.

  • Assessment

    Eksamen i vårsemesteret

    Digital vurderingsmappe (15 studiepoeng). Målform: nynorsk. Studentane vel tekstar frå arbeidsmappa etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. I tillegg skriv dei ein refleksjonstekst, der dei mellom anna grunngir vala. Refleksjonsteksten inngår i vurderingsmappa saman med dei valde tekstane. Det blir nytta intern og ekstern sensor.

    Alle tekstane i vurderingsmappa må vere vurderte til godkjent. Studentar som utan gyldig grunn ikkje har lagt inn tekstar innan fristane, får ikkje levere vurderingsmappe.

    Karakterskala

    Det blir gitt gradert karakter A-F.

    Ny/utsett eksamen

    Ved ny/utsett eksamen i emne 2 kan studenten levere ein omarbeidd og utbetra versjon av vurderingsmappa. Også refleksjonsnotatet må skrivast om for å gjere greie for endringane i tekstane i vurderingsmappa. Ved ny eksamen må studenten legge ved det skrivemappedokumentet som var gjeldande då han leverte vurderingsmappa første gongen.

    Pensum

    Oppdatert 9. juni 2016.

    Teoripensum

    Birkeland, T. og Mjør, I (2012). Barnelitteratur ¿ sjangrar og teksttypar. Oslo: Cappelen Damm.

    (s. 5-148 og s. 163-196: heile boka minus kap. 9 ¿ til saman 177 s.)

    Engelstad, A (1995). Den forføreriske filmen . Oslo: Cappelen Akademisk Forlag (s. 29 ¿ 55)

    Hennig, Å (2012). Effektive lesere snakker sammen . Oslo: Gyldendal Akademisk (s 34, 35 og Kap 3: s 43-67)

    Karsrud, F.T. (2010). Muntlig fortelling i norskfaget. En vei til tekst- og tolkingskompetanse. (Kap. 1 ¿ 8)

    Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. (88 s.)

    Kvithyld, Trygve (2011). ¿Fem teser om funksjonell respons på elevtekster.¿ Skrivesenteret.no (7 s.)

    Lillevangstu, M., Tønnesen, E.S., Dahl-Larssøn, H. (red.), 2007): Inn i teksten - ut i livet .Fagbokforlaget/LNU. (196 s. )

    Penne, S. & Hertzberg, F. (2008). Muntlige tekster i klasserommet (kap. 5 ¿ 8). Oslo:

    Universitetsforlaget. (30 s.) Roe, A (2008). Lesedidaktikk ¿ etter den første leseopplæringen * (s. 82-112). Oslo: Universitetsforlaget. (30 s.) Skjelbred, D. (2014). Elevens tekst. Et utgangspunkt for skriveopplæring. (Kap. 7-10 m. appendiks) Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. (111 s.) Skaret, A. (2014). «Hvis det her hadde skjedd på ordentlig, da hadde han snakket et annet språk.» * Om betydninger av litterære personers tale i bildebøker om kulturmøter. Nordisk tidsskrift for andrespråksforskning 2014, 1, s. 69-88. Oslo: Fagbokforlaget. (19 s.)

    Traavik, H. og Jansson, B.K. (red.) (2013). Norskboka 1. Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7.

    Oslo: Universitetsforlaget (Kap. 11, 19 s.)

    Traavik, H. og Jansson, B.K. (red.) (2014). Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7. Oslo: Universitetsforlaget (Kap. 1-5, og Kap. 6, s 149-160, Kap. 10 og Kap 13-14, til saman 205 s.)

    Tønnessen, E. S. (red). Jakten på fortellinger. Barne- og ungdomslitteratur på tvers av medier. Oslo: Universitetsforlaget. (Kap 8, 21 s)*

    Tekstar merkte med * blir trykte i eit kompendium.

    Tekstpensum

    Eit utval tekstar/verk etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen.

    Romanar, noveller og forteljingar for barn/ungdom (norske/nordiske og frå andre kulturar). Ti barne-/ungdomsbøker etter desse utvalskriteria:

    - Minst fire bøker på nynorsk og fire på bokmål

    - Nyare barne-/ungdomslitteratur

    - Bøker for gutar og jenter

    - Migrasjonslitteratur og omsett litteratur

    - ¿Bestseljarar¿

    - Sakprosa for barn

    Biletbøker

    Minst fire nyare biletbøker for barn

    Eventyr, mytar og segner

    Minst seks folkeeventyr, av dei seks skal to vere samiske og to ikkje-europeiske. Minst tre kunsteventyr. Minst tre mytar eller segner

    Eit utval noveller og forteljingar

    Eit utval filmatiserte, digitaliserte og dramatiserte tekstar

    Lyrikk for barn

    Minst 15 dikt av forskjellige forfattarar i tillegg til eit utval rim og regler

    Elevtekstar

    Minst to elevtekstar, i ulike sjangrar, skrivne av elevar i grunnskolen.

    Læremiddeltekstar

    Minst to lærebok-/læremiddeltekstar

    Læreplan for grunnskolen

    Kunnskapsløftet (LK06) på Utdanningsdirektoratets nettstad: http://www.udir.no/grep

    Oppslagsverk

    Birkeland, T., Risa, G. & Vold, K. B. (2006). Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo: Samlaget

    Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett: http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

    Faarlund, J. T., Lie, S. & Vannebo, K. I. (1995). Norsk referansegrammatikk. Oslo: Universitetsforlaget.

    Nynorskordbok og bokmålsordbok med nye ordklassenemningar.

    Seksjonen tar atterhald om endring/revidering i pensumlitteraturen . Dette vil bli gjort i samråd med studentane, og under føresetnad av at studieleiaren godkjenner desse endringane.