EPN-V2

G1NOR1100 Norwegian 1 Course description

Course name in Norwegian
Norsk 1
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2015/2016
Course history
  • Learning outcomes

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg 
    • har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
    • har kunnskap om begynnaropplæring i lesing og skriving i ein andrespråkssituasjon
    • har kunnskap om lese- og skrivestrategiar 
    • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
    • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag
    • har kunnskap om korleis digitale verktøy kan brukast som støtte i grunnleggjande lese- og skriveopplæring
    • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk og innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
    • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
    • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag

    Ferdigheiter

    Studenten

    • kan planlegge, gjennomføre og vurdere begynnaropplæring i norsk og grunngi faglege val
    • kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i den grunnleggande lese- og skriveopplæringa, for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk, for elevar som skriv bokmål og elevar som skriv nynorsk
    • kan kartlegge lese- og skriveferdigheiter, sette i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
    • kan legge til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
    • kan legge til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium og utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
    • kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel for begynnaropplæring ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyttet til elevane
    • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i begynnaropplæringa og skape og vurdere digitale, samansette tekstar
    • kan legge til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
    • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
    • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
    • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
    • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
    • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
    • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
    • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk