Programplaner og emneplaner - Student
FOTO1200 Photojournalism and News - Theory and Methods Course description
- Course name in Norwegian
- Fotojournalistikk og nyhetsarbeid
- Study programme
-
Bachelor Programme in Photojournalism
- Weight
- 15.0 ECTS
- Year of study
- 2019/2020
- Curriculum
-
SPRING 2020
- Schedule
- Programme description
- Course history
-
Introduction
Arbeidskrava må vere godkjende for at studentane skal kunne gå opp til eksamen. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.
Arbeidskrav 1: Fleirfagleg arbeid med begynnaropplæring
Ei individuell oppgåve knytt til faga norsk, matematikk og pedagogikk og elevkunnskap om begynnaropplæring. Utgangspunktet for arbeidskravet er to observasjonsdagar i 1. klasse. Arbeidskravet inneheld ei skriftleg oppgåve med eit omfang på 2200 ord +/- 10 %. Føremålet med oppgåva er å få reflektert over fleirfaglege perspektiv knytt til begynnaropplæring.
Dersom oppgåva ikkje blir godkjend, kan arbeidet forbetrast og leverast inn éin gong til.
Målform: Nynorsk
Arbeidskrav 2: Lage ei bildebok
Studentane lager ei bildebok for 5-7-åringen i grupper på to til fire studentar. Føremålet med arbeidskravet er at studentane skal bruke estetiske arbeidsmåtar og å modellere ei arbeidsform som er tenkt brukt på småtrinnet.
Målform: Valfri.
Arbeidskrav 3: Dikt, digitale og analoge uttrykksformer
Studentane presenterer eit utval dikt i grupper ved bruk av digitale og analoge uttrykksformer, og bruk av musiske og dramapedagogiske element. Føremålet med arbeidskravet er å utforske ulike uttrykksformer for tekstskaping og tekstpresentasjon som modellerer arbeidsformer til bruk på småtrinnet. Arbeidet med diktframføringa er eit samarbeid mellom musikk og norskfaget, og er dermed fagovergripande (jf. programplanen om fagovergripande tema ulike studieår). Det er krav om deltaking i kurs i musikk i samband med arbeidskravet.
Obligatorisk 4: Krav om obligatorisk deltaking i faglige aktivitetar
Det er obligatorisk deltaking i all undervisning, og dette er også eit arbeidskrav. Føremålet med undervisninga er å få erfaring med varierte arbeidsmetodar til bruk i klasserommet. Studentane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som dei ikkje kan tileigne seg berre ved lesing av pensum. I undervisninga opparbeider studentane profesjonskompetanse gjennom samhandling med medstudentar og faglærar. Undervisningsøktene inneheld studentaktive metodar som arbeid med læringspartnar, litterære samtalar, drama, song, klassedialog, spontane og planlagde studentframlegg og gruppearbeid, i tillegg til formidling av kunnskapsstoff. Det er krav om oppmøte på minimum 80 % i faglege aktivitetar og undervisning i alle emne. Ved fråvær utover 20 %, og inntil 40 %, vil det bli gitt kompensatorisk arbeid som kan inkludere krav om oppmøte. Form og omfang blir bestemt av faglærar. Ved fråvær utover 40 %, vil studenten bli trekt frå eksamen i emnet.Fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for kravet om deltaking og eventuelt kompensatorisk arbeid.
Fagovergripande tema
I programplanen er det beskrive ulike fagovergripande tema på dei ulike studieåra. Det er krav om deltaking i desse faglege aktivitetane.
Knytt til emne 3 er følgjande faglege aktivitetar:
- Fleirfagleg arbeid om begynnaropplæring (arbeidskrav 1)
- Lage ei bildebok (arbeidskrav 2)
- Verkstad om dikt og musikk (arbeidskrav 3)
Manglande deltaking i faglege aktivitetar nemnd over medfører at studenten ikkje får ta eksamen i det emnet kravet om deltaking er knytt til. Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking. Studentar som ikkje oppfyller kravet om deltaking, må snarast mogleg ta kontakt med faglærar.
Required preliminary courses
Individuell munnleg eksamen på om lag 20 minutt med 30 minutt førebuing.
Ny/utsett eksamen blir arrangert som ved ordinær eksamen.
Learning outcomes
Alle hjelpemiddel tillatne i førebuingsfasen.
Teaching and learning methods
Gradert skala A-F
Course requirements
To interne sensorar. Ein tilsynssensor er tilknytt emnet etter retningslinjene for oppnemning og bruk av sensorar ved OsloMet.
Assessment
I emne 3 byggjer arbeidet i norskfaget vidare på kunnskapane frå emne 1 og 2. I emne 3 arbeider studentane særleg med begynnaropplæringa og praktisk-estetiske arbeidsformer. Undervisninga knyter linjer tilbake til og utdjupar det grunnleggjande språkperspektivet i emne 1, og byggjer vidare på og spissar tekstperspektivet i emne 2.
Permitted exam materials and equipment
Alle hjelpemidler er tillatt så lenge regler for kildehenvisning følges.
Grading scale
Vurderingsuttrykket er besta-tt /ikke besta-tt.
Examiners
Intern sensor vurderer alle besvarelsene. Et uttrekk på minst 25 prosent av besvarelsene sensureres av to sensorer