Programplaner og emneplaner - Student
BIB3500 Organizationanl development, leadership and marketing Course description
- Course name in Norwegian
- Organisasjonsutvikling, ledelse og markedsføring
- Study programme
-
Bachelor Programme in Library and Information Science
- Weight
- 10.0 ECTS
- Year of study
- 2025/2026
- Programme description
- Course history
-
Introduction
Med utgangspunkt i organsisasjonsteori vil studentane få innblikk korleis ein kan leggje til rette for endrings- og utviklingsprosessar. Sidan institusjonar inngår i nettverk med andre er samarbeid, nettverksbygging, utretta verksemd, profilering og marknadsføring viktige tema i faget. Leiarrolla vert presentert og diskutert ut frå både teoretiske perspektiv og med døme frå bibliotek og andre og andre informasjons- og kulturformidlande verksemder. Det vert særleg lagt vekt på dei føresetnadene ein leiar har i kunnskapsorganisasjonar. Døme på situasjonar og utfordringar ein som leiar møter vert gjennomgått. Vidare diskuterer vi bibliotekleiarens mange konkurrerande roller, som leiar, profesjonsutøver og samfunnsaktør. Sentrale verktøy for å planlegge korleis biblioteka si rolle kan bli realisert og tenester og ressursar evaluert vil òg vere tema i faget. Gjesteførelesarar og studiebesøk i bibliotek er med på å knytte dei teoretiske emna til praksis.
Undervisningsspråk er norsk.
Required preliminary courses
Studenten må ha fullført 1. studieår av bachelorprogrammet i bibliotek- og informasjonsvitenskap, og ha fullført minimum 50 studiepoeng frå 2. studieår av samme bachelorprogram før ein kan starte opp med emnet.
Learning outcomes
Studenten skal etter å ha fullført emnet ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har innsikt i teoriar knytt til organisasjonsteori, leiing og endringsprosessar
- kan identifisere viktige samarbeidspartnarar for utvikling av verksemda
- har innsikt i korleis økonomiske, politiske og regulative rammer påverkar biblioteka
- har kunnskap om korleis organisasjonskultur påverkar verksemda
- har kjennskap til personalarbeid og korleis ivareta mangfald på arbeidsplassen
- har kunnskapar om prinsipp for marknadsføring, kommunikasjonskanalar, merkevarebygging og tenestemarknadsføring (herunder brukarmøter)
- har grunnleggande kjennskap til korleis ulike styringsdata, verktøy og modellar for analyse m.m. kan brukast aktivt i organisasjonsutvikling og marknadsføring
Ferdigheiter
Studenten
- kan diskutere og reflektere over korleis tekniske og institusjonelle omgjevnader påverkar bibliotekets verksemd og tenester
- kan reflektere kritisk over leiarstil, organisasjonsstruktur, organisasjonskultur og korleis dette påverkar organisasjonen
- kan lage eit marknadsføringstiltak og vurdere om desse når brukaren
- kan reflektere over korleis ein kan legge til rette for læring og kompetanseutvikling i organisasjonar
- kan ta i bruk ulike styringsdata som verktøy i organisasjonsutvikling
Generell kompetanse
Studenten
- kan anvende og formidle forskingsbasert kunnskap og teoriar om organisasjon, leiing og marknadsføring i eit bibliotekperspektiv
- kan lage video som skal nå ei gitt målgruppe
- kan samarbeide om faglege prosjekt og gje tilbakemelding på andre sitt arbeid
- kan formidle ein fagleg bodskap, skriftleg og munnleg
Teaching and learning methods
Arbeidsformene vekslar mellom førelesingar, seminar, gjesteforelesningar, gruppearbeid, studiebesøk, casearbeid, presentasjonar og sjølvstudium. Undervisinga er campusbasert.
Course requirements
For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha følgende godkjente arbeidskrav:
- Arbeidskrav 1: Lage video med eit fagleg tema. Kvar gruppe skal gje ei kort tilbakemelding på to andre gruppearbeid. I arbeidskravet inngår det òg eit individuelt refleksjonsnotat (ca. 1-2 sider). Formålet er å øve på eit marknadsføringstiltak, der du i praksis får lage ein video og gjennom å bli vurdert og vurdere andre få eit ytre blikk på om slike kommunikasjonstiltak fungerer. Refleksjonstiltaktet skal gje ytterlegare høve til å trene på å bruke teori i eit skriftleg arbeid.
- Arbeidskrav 2: Praktisk formidlingsarbeid i grupper. Munnleg presentasjon på ca. 5 minutter og eit kort samandrag av en pensumtekst. Her er det obligatorisk oppmøte på ein gitt dato. Formålet med arbeidskravet er å kunne oppsummere ein akademisk tekst og formidle munnleg og skriftleg til medstudentar.
Prosjektarbeid og presentasjon blir utført i grupper. Det vert gitt noko rettleiing i samband med arbeidskrava.
Arbeidskrav skal vere gjennomført innan fastlagt tid, og godkjend av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom oppgåva ikkje blir godkjent, skal studentane få høve til å levere ein ny versjon. Ved legemeldt fråver gis det anledning til å delta digitalt, eller alternativt opplegg.
Assessment
Eksamen i emnet er ein individuell skriftleg skuleeksamen på 5 timar.
Permitted exam materials and equipment
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Grading scale
Gradert skala A-F
Examiners
Det vert nytta ein intern og ein ekstern sensor til sensurering av oppgåvene. Eit uttrekk på minst 25 prosent av oppgåvene vert sensurert av to sensorar. Karakterane på dei oppgåvene som er vurdert skal danne grunnlag for å fastsetja nivå på resten av oppgåvene.