EPN-V2

BIB3000 Library Development Course description

Course name in Norwegian
Bibliotekutvikling
Study programme
Bachelor Programme in Library and Information Science
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2020/2021
Course history

Introduction

Innhaldet i emnet er knytt til biblioteka si rolle både i samfunnet og i organisasjon/verksemda dei opererer innan. Vi ser på kva rammer som påverkar biblioteka, korleis biblioteka si rolle kan bli realisert, og korleis evaluering av bibliotekverksemda kan bli brukt i tenesteutvikling.

Required preliminary courses

BIBPRAK2, BIB2000, BIB2100, BIB2201, BIB2300

Learning outcomes

Kunnskapar

Studenten

  • har innsikt i biblioteka sine tekniske og institusjonelle omgjevnader
  • har kunnskap om biblioteket si rolle som offentleg stad og møteplass i samfunnet
  • har innblikk i teoriar og prinsipp for utvikling av fysiske og digitale samlingar
  • har innblikk i metodar og verktøy knytt til leiing, administrasjon, og marknadsføring
  • har grunnleggande kjennskap til korleis ulike styringsdata, verktøy og modellar for analyse m.m. kan brukast aktivt i organisasjonsutvikling
  • kjenner arbeidsformer som bygger på kunnskapsbasert praksis og metode

Ferdigheter

Studenten

  • kan diskutere og reflektere kritisk over biblioteket si rolle og samfunnsoppdrag
  • kan vidareutvikle biblioteka sine tenester og samlingar
  • kan anvende forskingsbasert kunnskap og teoriar om organisasjonsformar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan samarbeide om faglege prosjekt og gje tilbakemelding på andre sitt arbeid
  • kan formidle ein fagleg bodskap, skriftleg og munnleg

Teaching and learning methods

Arbeidsformene vekslar mellom førelesingar, seminar, studiebesøk, diskusjonar, gruppearbeid, presentasjon og sjølvstudium.

Course requirements

Det er knytt to arbeidskrav i emnet:

  1. Presentere eit pensumrelatert tema munnleg for medstudentane og faglærarane. Kvar gruppe skal gje tilbakemelding på to av presentasjonane.
  2. Skriftleg prosjektarbeid knytt til eit gitt tema i faget.

Prosjektarbeid og presentasjon blir utført i grupper (tre til fem studentar). Det vert gitt noko rettleiing i samband med arbeidskrava.

Arbeidskrav skal være gjennomført innan fastlagt tid, og godkjend av faglærer før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom oppgåva ikkje blir godkjent, skal studentene få høve til å levere ein ny versjon.

Assessment

Vurderingsforma er ein skriftleg, individuell 6-timars eksamen.

Permitted exam materials and equipment

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Grading scale

Gradert skala A-F.

Examiners

Det vert nytta ein intern og ein ekstern sensor til sensurering av oppgåvene. Eit uttrekk på minst 25 prosent av oppgåvene vert sensurert av to sensorar. Karakterane på dei oppgåvene som er vurdert skal danne grunnlag for å fastsetja nivå på resten av oppgåvene.

Course contact person

Idunn Bøyum