EPN

Norwegian 1, grade 5-10 Programme description

Programme name, Norwegian
Norsk 1, trinn 5-10
Valid from
2021 FALL
ECTS credits
30 ECTS credits
Duration
2 semesters
Schedule
Here you can find an example schedule for first year students.
Programme history

Teaching and learning methods

Studiet er nettbasert med samlingar på OsloMet. Kvart emne har tre samlingar og avsluttande eksamen. Kvar samling går over to dagar. Deltakarane arbeider i faste grupper. Gruppene støttar kvarandre i arbeidet, utvekslar erfaringar på nettet og kommenterer oppgåver. Nokre arbeidskrav er knytt til gruppearbeid (sjå meir under kvart emne).

Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar skjer i nettbasert forum. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet.

Studentene skal lære å vurdere elevens utvikling i dei ulike delane av norskfaget. Dei skal tileigne seg kunnskap om vurderingskriterier og ulike vurderingsformer. Studentane får øving i å reflektere didaktisk om vurdering og bruker ulike vurderingsformer i arbeid med litterære og språklige emne. Læreplanforståing og kunnskap om vurderingsmåtar er sentrale tema.