EPN

BIB1400 Perspectives on Literature in History Course description

Course name in Norwegian
Litteratur- og kulturformidling 1: Historiske perspektiv
Study programme
Årsstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap / Bachelorstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2018/2019
Schedule
Course history

Introduction

Emnet gjev ein introduksjon til litteratur- og kulturformidling (om lag ein tredjedel) og ei innføring i litteratur- og kulturhistorie (om lag to tredjedelar). Emnet diskuterer kva humanistiske og litteratursosiologiske perspektiv har å seie for praksisfeltet og i bibliotek- og informasjonsvitskapen.

Studentane studerer eit utval representative tekstar frå ulike sjangrar og får trening i å formidle dei i bestemte perspektiv.

Required preliminary courses

Ingen forkunnskapskrav.

Learning outcomes

Kunnskapar

Studenten

  • har forståing for grunnleggjande teoretiske omgrep som kommunikasjon, formidling, teori, praksis, lesing og danning
  • tileignar seg eit overblikk over litteratur- og kulturhistorie
  • ser samanhengar mellom samfunnsendringar og lesemønster/mediebruk
  • kan sjå korleis historiske førelegg verkar i samtidskulturen

Ferdigheter

Studenten

  • kan reflektere over og diskutere nokre sentrale teoretiske omgrep innafor litteratur- og kulturformidlingsfaget. 
  • kan gjere greie for historiske tekstar i høve til deira samtid og vår eiga tid         
  • har erfaring med å formidle i bokomtaler, bokprat og utstilling.
  • har erfaring med å syntetisere eit stoff i perspektiv

Teaching and learning methods

Arbeidsformene vekslar mellom sjølvstudium, førelesingar, arbeid i seminar og kollokviegrupper. I emnet inngår eit utstillingsseminar.

Course requirements

Studentane skal lage ei bokutstilling og skrive ei refleksjonsoppgåve knytt til denne. Studentane skal også skrive ein fagtekst. Omfanget varierer med oppgåva sitt tema. Arbeidskrava skal vere gjennomførde innan fastsett tid, og godkjente av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. I samband med skriveveka skal studentane skrive ein formidlande tekst retta mot eit allment publikum.

Assessment

Eksamen er ein fire timars skriftleg skuleeksamen.

Kandidatar som ikkje består ordinær eksamen, kan framstille seg til ny/utsatt eksamen.

Permitted exam materials and equipment

Ingen hjelpemiddel tillate

Grading scale

Vurderingsuttrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A til E.

Examiners

25 % blir trukke ut til ekstern vurdering.